Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Forsøk: Lag badebomber

Lag fargerike og velduftande badebomber ved å bruke stoff de kan finne på kjøkkenet.
Kuleforma badebomber i ulike fargar ligg på ei hylle. Foto
Opne bilete i eit nytt vindauge

Til læraren

I dette opplegget lagar elevane badebomber. De kan godt lage badebombene før de jobbar med teori. Då kan elevane fokusere på å meistre naturvitskaplege praksisar og tenkemåtar som bruk av utstyr, risikovurdering og prosedyrar før dei jobbar med teoristoff.

Fagkunnskap kan koplast på etter kvart som behovet dukkar opp, og ein kan uansett ta ei oppsummering av det faglege etter forsøket. På denne måten kan elevane oppleve naturfag som eit praktisk og variert fag, som er morosamt og nyttig inn mot programfaga.

Forarbeid

Sjå filmen

Diskuter i klassen

  • Gi døme på stoff som blir brukte i badebombene i filmen.

  • Kva funksjon trur de dei ulike stoffa har?

  • Kva ingrediensar kan vere problematiske med tanke på

    • miljø

    • helse (til dømes allergi)

    • etikk (til dømes testing på dyr)

Film om store badebomber

Sjå filmen og diskuter: Kva er fordelane og ulempene med å lage så store badebomber?

Framgangsmåte

  1. Desinfiser begerglas og kar ved å vaske dei med sprit. Du kan lese korleis i artikkelen om desinfeksjon og sterilisering.

  2. Bland alt det tørre saman i stort begerglas/bolle.

  3. Veg opp feittstoffa (kakaosmør og tyrkiskraudtolje) i eit lite begerglas. Varm opp i vassbad med vatn frå vasskokar.

  4. Bland feittet med det tørre. Ela godt til det blir ein deig.

  5. Set til 1 ml lavendelolje og elt inn i deigen. Du kan òg tilsetje farge.

Framgangsmåte for å lage badebombe. Del 1: begerglas med sitronsyre, natriumkarbonat og lavendel. Del 2: kakaosmør og tyrkiskraudtolje blir varm opp i vassbad. Del 3: smør og olje blir blanda med dei tørre ingrediensane. Del 4: deigklump blir tilsett lavendelolje. Illustrasjon.
Opne bilete i eit nytt vindauge
  1. Finn fram formar. Du kan bruke konfektformer eller små såpeformer. Trykk deigen godt ned i forma slik at badebombene blir skikkeleg faste.

  2. Set badebombene til herding i romtemperatur eller kjøleskap eit par dagar.

  3. Trykk badebombene varsamt ut, pakk dei inn i passande emballasje som er merkt etter Mattilsynets merkekrav.

Til læraren – forslag til vidare arbeid

Syrer og basar

Ta ut badebombene av formene når dei er herda. Då kan det vere fint å teste ei av dei i til dømes ei bøtte med vatn (ved mangel på badekar).

Kva skjer og kvifor? Her kan elevane undre seg og komme med idéar, før de ser på kjemien i reaksjonen. Det blir naturleg å snakke om syrer og basar, og elevane kan òg gjerne måle pH i "badevatnet" før og etter badebomba. I samband med dette kan de dra dette vidare å snakke om pH og hud: Kva er pH til huda? Er pH lik overalt på heile kroppen?

Forsuring av havet

Forsøket kan koplast til problemet med forsuring av havet. Kva skjer når vi heller ut surt vatn? Kan det bidra til at havet blir surare? Og kva vil det igjen føre til? Her kan de ha eit oppfølgingsforsøk med til dømes raudkål-indikator og pH.

Kjelde

Sunvita. (u.å.). Lavendel badebomber. Henta 11. desember 2023 frå https://www.sunvita.no/oppskrifter/kroppspleie/lavendel-badebomber

CC BY-SASkrive av Hildegunn Moland.
Sist fagleg oppdatert 28.02.2024

Læringsressursar

Stoff og materiale