Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Kva veit du om syrer og basar?

Finn ut kva du kan om syrer og basar frå før, og førebu deg til å lære meir.

Kva er sant og usant om syrer og basar?

Diskuter påstandar om sure appelsinar

Tenk

Les påstandane om sure appelsinar under. Kva påstand er du mest einig i?

Par

Fortel kvarandre kva de tenkte. Grunngi kvifor de tenkte som de gjorde. Er det nokon av påstandane som kan vere rette viss vi endrar nokon føresetnader?

Felles i klassen

Nokre av para fortel korleis dei har tenkt.

  • Kva betyr det at noko er giftig?

  • Kva meiner vi med at ei syre kan vere sterk?

  • Korleis kan vi finne ut om eit stoff er ei syre eller ein base?

Jente som sjonglerer med appelsinar, omgitt av fire ungdommar med snakkebobler. Illustrasjon.
Opne bilete i eit nytt vindauge
Kva er forskjellen på konsentrasjon og styrke?

Konsentrasjon

Når vi bruker ordet "konsentrasjon" om syrer og basar (og andre løysningar), meiner vi kor stor mengde av syra eller basen vi har i eit bestemt volum. Konsentrasjon kan vi angi til dømes i gram stoff per liter løysning, eller i prosent:

  • I eit medikament er det 24 mg verkestoff per ml løysning. Konsentrasjonen er 24 mg/ml.

  • Vi har 5 ml rein eddik og fyller opp med vatn til 100 ml. Konsentrasjonen til eddikløysninga er 5 % (5 av 100).

Ei løysning som er veldig konsentrert, kan fortynnast ved at vi tilset vatn.

Emballasje til medisinen Risperidon Orion 1 mg/ml og flaske med medisinen med ei sprøyte oppi. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Styrke

Nokre syrer og basar er sterke. Dei reagerer kraftig med vatn. Døme på sterke syrer er saltsyre, svovelsyre og salpetersyre. Den vanlegaste sterke basen er natriumhydroksid (lut).

Dei svake syrene og basane reagerer i liten grad med vatn. Mange frukter og bær inneheld svake syrer, og nokre av syrene har fått namn som eplesyre og sitronsyre.

Både konsentrasjon og styrke speler inn

Når vi skal vurdere om ei syre eller ein base er farleg for oss, må vi ta omsyn til både om syra eller basen er sterk, og kva konsentrasjon syra eller basen har.

Eddiksyre er ei svak syre. I konsentrert form er ho giftig og kan gi store etseskadar, men viss vi fortynnar ho med vatn, så kan eddiksyre brukast i mat og drikke.

Saltsyre er ei sterk syre og kan gi etseskadar også ved lågare konsentrasjonar. I magesekken har vi ein god del saltsyre, men det går heilt fint fordi konsentrasjonen til saltsyra er så låg som 0,5 %. Vi kan likevel kjenne den sure smaken når vi kastar opp eller har sure oppstøytar. Når saltsyra kjem opp i matrøyret og munnhola, kan ho forårsake etseskadar på slimhinner og tenner over tid.

CC BY-SASkrive av Thomas Bedin.
Sist fagleg oppdatert 14.11.2022

Læringsressursar

Stoff og materiale