Hopp til innhald

Eigenvurdering

Kva kan du om syrer og basar no?

Gjer oppgåver om syrer og basar, og vurder kva du har lært. Kva kan du om syrer og basar no?

Oppgåve 1. Sant eller usant?

Er påstandane om syrer og basar sanne eller usanne? Dra påstandane til rett boks.

Oppgåve 2. Oppsummering av læringsmål

Svar på oppgåvene, og samanlikn med løysingsforslaget etterpå.

  1. Kva er ei syre? Kva er ein base? Gi døme.

  2. Kva er ei sur løysning?

  3. Korleis kan vi avgjere kor sur eller basisk ei løysning er?

  4. Kva er forskjellen på styrken og konsentrasjonen til ei syre? Kva har styrke og konsentrasjon å seie for kor farleg ei syre eller ein base er?

  5. Korleis kan du finne ut om eit stoff du bruker, inneheld syrer eller basar som du må vere forsiktige med?

  6. Du er uheldig og får syre på auget ditt. Du kjenner at det svir litt. Kva er det første du bør gjere?

  7. Korleis bruker de syrer og basar i utdanninga di og i det framtidige yrket ditt? Gi døme.

Løysingsforslag til oppgåve 2
  1. Kva er ei syre? Kva er ein base? Gi døme.
    Ei syre er eit stoff som kan gi frå seg proton (H+). Ein base er eit stoff som kan ta opp proton (H+). Døme på syrer er sitronsyre, eddiksyre og saltsyre. Døme på basar er natron, lut og ammoniakk.

  2. Kva er ei sur løysning?
    Ei sur løysning er ei løysning som har overskot av proton (H+). Ei sur løysning har låg pH, det vil seia lågare enn 7.

  3. Korleis kan vi avgjere kor sur eller basisk ei løysning er?
    Vi kan avgjere kor sur eller basisk ei løysning er ved å måle pH-verdien til løysninga. pH er eit mål på konsentrasjonen av proton (H+) i løysninga. Jo lågare pH, jo surare er løysninga. Jo høgare pH, jo meir basisk er løysninga. Vi kan måle pH ved hjelp av ulike metodar, til dømes pH-papir, pH-meter eller indikatorar.

  4. Kva er forskjellen på styrken og konsentrasjonen til ei syre? Kva har styrke og konsentrasjon å seie for kor farleg ei syre eller ein base er?
    Styrken til ei syre eller ein base er eit mål på kor lett dei kan gi frå seg eller ta opp proton (H+). Sterk syre eller base vil fullstendig spalte seg i ion i vatn, mens svak syre eller base vil berre delvis spalte seg i ion i vatn. Konsentrasjonen til ei syre eller ein base er eit mål på kor mykje av stoffet som er løyst i vatn. Konsentrert syre eller base vil innehalde meir av stoffet per volumeining enn fortynnt syre eller base. Både styrke og konsentrasjon har betydning for kor farleg ei syre eller ein base er, fordi dei påverkar kor mykje proton (H+) som er til stades i løysninga. Sterk og konsentrert syre eller base vil vere meir etsande og skadeleg for hud, auge og slimhinner enn svak og fortynnt syre eller base.

  5. Korleis kan du finne ut om eit stoff du bruker, inneheld syrer eller basar som du må vere forsiktige med?
    Du kan finne ut om eit stoff du bruker, inneheld syrer eller basar som du må vere forsiktige med, ved å lese etiketten eller sikkerheitsdatabladet til stoffet. Der vil du finne fareklassifiseringa, symbola, fare- og sikkerheitssetningane og førstehjelpstiltaka for stoffet.

  6. Du er uheldig og får syre på auget ditt. Du kjenner at det svir litt. Kva er det første du bør gjere?
    Start med å skylje auget umiddelbart med rennande lunkent vatn og mjuk stråle. Dette er viktig for å redusere faren for alvorlege etseskadar.

  7. Korleis bruker de syrer og basar i utdanninga di og i det framtidige yrket ditt? Gi døme.
    Her må du ta utgangspunkt i yrket ditt.

Oppgåve 3. Vurder læringsmåla om syrer og basar

CC BY-SASkrive av Thomas Bedin.
Sist fagleg oppdatert 19.11.2023

Læringsressursar

Stoff og materiale