Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Kvifor blandar ikkje olje og vatn seg?

Undersøk krefter som verkar mellom molekyl, og finn ut kvifor olje og vatn ikkje blandar seg.
Oransje oljedropar i vatn. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Kvifor blandar ikkje olje og vatn seg?

  1. Rist blandinga med olje og vatn.
  2. Kan du finne ut kva som er vassmolekyl, og kva som er oljemolekyl?

Polare og ikkje-polare molekyl

I modellen representerer dei grå molekyla ikkje-polare oljemolekyl. Dei raude og blå molekyla førestiller vassmolekyl, som har både ein positiv (blå) og ein negativ (raud) ladning.

  1. Dra molekyla rundt.
  2. Legg merke til om det oppstår tiltrekkingskrefter (stipla grå linjer) mellom molekyla.

Nokre tiltrekkingskrefter er sterkare enn andre

No har du kanskje oppdaga at alle molekyl blir tiltrekte av kvarandre. Kvifor vil då ikkje vatn og olje halde seg blanda etter at vi har rista dei saman?

Svaret ligg i styrken på tiltrekkingskreftene mellom molekyla.

Bruk simuleringa til å samanlikne styrken i tiltrekkingskreftene mellom ulike typar molekyl.

  1. Vel eitt molekylpar i nedtrekksmenyen.
  2. Trekk molekyla frå kvarandre ved å dra i stjerna.
  3. Legg merke til kor mykje du må dra for å klare å skilje molekyla frå kvarandre.

Dette er ei omarbeidd utgåve av Intermolecular Attractions and Boiling Point frå Concord Consortium.

CC BYRettshavar: Concord Consortium
Sist fagleg oppdatert 18.12.2019

Læringsressursar

Stoff og materiale