Hopp til innhald

Fagstoff

Urin – regulering, urinering og diagnostisering

Urinen gir oss mykje informasjon om tilstanden til kroppen. Fargen fortel noko om vassinnhaldet i kroppen, mens ein i ein urinprøve kan påvise sjukdommar, medisinrestar og doping. Små barn har ikkje kontroll over når dei må kvitte seg med urin, men lærer dette etter kvart.

Produksjon av konsentrert eller fortynna urin

Illustrasjon av ADH reguleringa.

Kroppen sitt behov for vatn blir registrert kontinuerleg, og vi har fleire reguleringsmekanismar for vass- og ionekonsentrasjonen. Hormonet ADH (antidiuretisk hormon) er den viktigaste mekanismen i reguleringa av urinmengda.

ADH kan opne spesielle vasskanalar (akvaporinar) i cellemembranen hos samlerøyr i nyrene slik at meir vatn blir ført tilbake til blodet.

Fortynna eller konsentrert urin

Hvis du drikk lite vatn, blir det skilt ut meir ADH frå hypofysen for å spare på vatnet. Meir av det vatnet som har gått over til nyrene, blir då transportert tilbake til blodet. Urinen blir som ei følgje meir konsentrert og får ein kraftigare gulfarge. I tillegg blir signal sende til tørstesenteret i hypotalamus.

Når du drikk mykje vatn, har kroppen behov for å kvitte seg med vatn. Utskiljinga av ADH minkar, og færre akvaporinar blir opna slik at mindre vatn blir transportert tilbake til blodet. Dermed blir urinen fortynna og får ein lysegul farge.

Gut som drikk øl. Foto.

Alkohol hemjar utskiljinga av ADH slik at mindre vatn blir reabsorbert, og vi må tisse oftare. I etterkant blir ein tørst og må drikke meir vatn for å erstatte vasstapet.

Urinering

Urinprøver fra idrettsutøvere. Foto.

Den ferdige urinen blir tømt frå nyrebekkenet og over i urinblæra via urinleiarane. Etter kvart som blæra fyller seg, aukar trykket mot blæreveggen. Når volumet overstig 400 ml hos ein vaksen person, blir nervesignal sende til ryggmergen og storhjernen. Ut frå erfaring veit vi at kjensla dette skaper, kjem av ei fylt blære, og vi går på do. Små barn manglar denne erfaringa, og hos dei er det urinmengda som bestemmer når dei urinerer.

Diagnostisering

Ein urinprøve kan fortelje oss mykje om tilstanden til kroppen. Han kan til dømes bli brukt til å påvise sjukdom eller skade i urinvegane og forstyrringar i hormonbalansen.

Jente som ser på resultatet etter å ha tatt ein graviditetstest. Foto.

Endring av fargen på og mengda av urin og påvising av bakteriar, blod og protein i urinen kan vere symptom på nyresjukdommar slik som urinvegsinfeksjon, nyrestein, nyrebekkenbetennelse eller kreft.

Viss urinen inneheld glukose, kan det bety at ein har diabetes. Når mengda av glukose i blodet blir for stor, har ikkje nyrene kapasitet nok til å tilbaketransportere all glukosen som har kome over i nyrene.

Ved mistanke om narkotikabruk eller doping kan ein teste og avdekkje eventuelle narkotiske stoff eller nedbrytingsprodukt av desse stoffa i urinen. Slike stoff er framande for kroppen, og levra bryt dei ned til bindingar som blir skilde ut med urinen ved sekresjon.

CC BY-SASkrive av Tone Pedersen Rangul.
Sist fagleg oppdatert 04.06.2020

Læringsressursar

Stoff og materiale