Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Varianter av sausar

Å lage ein god saus krev fagkunnskap og gode sensoriske evner. I denne oppgåva skal du få teste begge delar.
Ein brun saus i ei gryte blir spedd med kraft. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Oppgåve 1. Ulike variantar av peparsaus

  1. Lag brun saus av 30 g smør, 30 g kveitemjøl, 4 dl mørk kraft og ca. 1 dl fløyte. Tilset ½ ts heil pepar, ½ raud chili, 1 sjalottlauk og ¼ paprika, og køyr alt saman i blender eller med stavmiksar til slutt. Smak til med salt og eventuelt andre smakar.

  2. Lag ein saus der du steiker ½ ts heil pepar, 1 sjalottlauk, ½ raud chili og ¼ raud paprika og tilset 5 dl kraft. La dette koke inn til ca. halv mengd. Tilset ca. 1 dl fløyte, og køyr alt saman i blender eller med stavmiksar. Smak til med salt og eventuelt andre smakar. Viss sausen er tynn, kan du tilsetje litt maisenna for å få riktig konsistens.

  3. Steik eit valfritt kjøttstykke, og server dette saman med dei to sausane. Vurder smak og konsistens på sausen. Kva saus synest du smaker best? Kva passar best til kjøttet?

Oppgåve 2. Variantar av béchamel

  1. Lag ein béchamel av 30 g smør, 30 g sikta kveitemjøl og 5 dl mjølk, og set smak på sausen med salt, pepar og eventuelt krydder.

  2. Lag ein béchamel av 30 g smør, 30 g sikta kveitemjøl, 3 dl mørk kraft og 2 dl mjølk, og set smak på sausen med salt, pepar og eventuelt krydder.

  3. Steik eit valfritt kjøttstykke, og server dette saman med dei to sausane. Vurder smak og konsistens på sausen. Kva saus synest du smaker best? Kva passar best til kjøttet?

Kvit saus blir laga i ein kjele. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Oppgåve 3. Variantar av emulsjonssaus

  1. Lag ein emulsjonssaus av 2 eggeplommer, 300 g klara smør og 1 ss sitron. Smak til med salt, pepar og estragon.

  2. Lag ein emulsjonssaus av 2 eggeplommer, 300 g klara smør og 1 ss reduksjon laga av eddik, kvitvin, pepar, lauk og estragon. Smak til med salt, pepar og estragon.

  3. Steik eit valfritt kjøttstykke, og server dette saman med dei to sausane. Vurder smak og konsistens på sausen. Kva saus synest du smaker best? Kva passar best til kjøttet?

Bearnés-saus i sausenebb. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge
CC BY-SASkrive av Einar Martin Kålen.
Sist fagleg oppdatert 24.05.2023

Læringsressursar

Kraft, sausar og supper