Hopp til innhald

Fagstoff

Veganske sausar og teknikkar

Det veganske kjøkken har vorte svært populært. I dag finst det ei rekkje produkt på marknaden som gjer det enklare å lage mange klassiske sausar vegansk.

Når du skal lage ein vegansk kvit saus eller béchamel, erstattar du ganske enkelt smøret og mjølka med vegansk «smør» og soyamjølk eller anna plantebasert mjølk.

Vegansk kraft

Også på det veganske kjøkken er kraft uunnverleg når du skal lage klassiske sausar. Ho speler dessutan ei viktig rolle i mange andre sausar og supper. Sidan krafta er så viktig, bør òg dei veganske variantane kokast med omhug.

Kjøtsmaken er ein av smakane du ofte leiter etter i det veganske kjøkken. Då er umami eit godt verktøy. Umami er ein kjøtaktig og fyldig smak som finst i fleire grønsaker, mellom anna i soltørka tomatar, tomatpuré, oliven, sopp og sjøgrønsaker.

Vegansk umami-kraft

Gir ca. 3 liter
Tillagingstid: 20 minutt
Koketid: 2 timar

Ingrediensar

Ei form med steikte grønsaker og vatn til umami-kraft. Skjermdump frå filmen om vegansk umami-kraft. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

  • 20 g kombu
  • 100 g gulrøter, i tynne skiver
  • 100 g sellerirot, i tynne skiver
  • 1 stilk stongselleri, i tynne skiver
  • 100 g raudbetar, i tynne skiver
  • 1 stk. aubergine, i tynne skiver
  • 1 stk. portobellosopp, i tynne skiver
  • 2 stk. kepalauk, i tynne skiver
  • 1 ms tomatpuré
  • 2 ms solsikkeolje
  • ca. 4 l vatn

Framgangsmåte

  1. Forvarm omnen til 150 gradar.
  2. Begynn med å kutte alle grønsakene tynt på mandolin, og ha dei i ein bakke. Vend inn tomatpuré, solsikkeolje og kombu. Brun grønsakene, og vend dei godt rundt i bakken. Det er viktig at grønsakene blir bruna til dei er djupt hasselnøttbrune. Det tek 40–60 minutt.
  3. Hell over vatn til det dekkjer grønsakene. 4 liter vatn pleier å vere omtrent riktig mengd. Skru opp temperaturen til 160 gradar, og bak vidare i 30–40 minutt. Sil krafta gjennom ein finmaska kjegleforma sil, og avkjøl ho så fort som mogleg.

Vegansk umami-saus

Denne sausen er eit godt utgangspunkt for ei rekkje rettar og blir ofte nytta for å oppnå ein nærast kjøtaktig smak. Han passar veldig godt i linsesuppe, som ein buljong eller som saus til eggefrie pastarettar.

Til 4 porsjonar
Tillagingstid: 5 minutt
Koketid: ca. 20 minutt

Ingrediensar

Ein liten kasserolle med innkokt umami-kraft. Skjermdump frå filmen Vegansk kraft og saus. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

  • 40 g sjalottlauk, finhakka
  • 8 dl umami-kraft
  • 1 kvast rosmarin
  • 1 kvast timian
  • 3–4 ms maisenna

Framgangsmåte

  1. Steik lauk over middels varme til han er mjuk og blank.
  2. Tilset umami-krafta, og reduser til to tredjedelar.
  3. Tilset rosmarin og timian.
  4. Trekk kjelen av varmen, og lat krafta stå i 20 minutt.
  5. Sil over i ein ny kjele, tilset maisenna, og kok opp. Kan serverast straks.
CC BY-SASkrive av Tony Martin.
Sist fagleg oppdatert 02.12.2020

Læringsressursar

Kraft, sausar og supper