Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Meksikansk mat – tacofredag

Tacofredag har vorte ein tradisjon i mange norske heimar. Den norske varianten inneheld som oftast ferdige krydder, sausar og tilbehøyr. Den originale meksikanske tacoen inneheld litt andre ingrediensar og smakar.
Fem personar et eit tacomåltid saman. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Del 1. Gruppeoppgåve

Finn artiklar, oppskrifter og fagartiklar som handlar om variantar av taco eller råvarer og smakar som er vanlege i Mexico. Lag ein presentasjon av det du finn på nettsider og i eventuelle bøker. Presentasjonen kan vere ein plakat, eit hefte eller eit digitalt dokument.

Del 2. Praktisk oppgåve

Lag tacofredag utan bruk av posar eller ferdige blandingar. De kan finne oppskrifter på nettet eller nytte oppskriftene nedanfor.

Tips: Hent inspirasjon ved å sjå serien Taco Chronicles på strøymetenesta Netflix.

Tortillachips

Ingrediensar:

  • tortillalefser

  • olivenolje

  • paprikakrydder

  • chilikrydder

  • salt

  • pepar

Framgangsmåte:

  1. Legg tortillalefsene på eit steikjebrett, og pensle dei med olivenolje. Strø litt salt, pepar og paprikakrydder over lefsene.

  2. Del opp lefsene i ønskt storleik.

  3. Steik lefsene i omn til dei er sprø. Du kan nytte andre krydder viss du vil ha andre smakar på chipsen, til dømes kvitlauk, ostekrydder eller oregano.

Tacokrydder

Ingrediensar:

  • 1 chili

  • 1 sjalottlauk

  • 1 fedd kvitlauk

  • ½ paprika

  • 3 ts heil spisskum

  • 2 korianderfrø

  • 1 ts heil pepar

  • salt

Framgangsmåte:

  1. Steik korianderfrø, heil spisskum og heil pepar i ei panne til dei får litt farge. Knus dei deretter i ein mortar.

  2. Finkutt kvitlauk, sjalottlauk, paprika og chili. Steik desse i ei panne med litt olje til dei blir gylne, og bland inn krydderet.

  3. Bland dette med 500 gram av ønskt kjøt. Smak til med meir krydder og salt viss det smaker for lite.

Tomat-/chilisalsa

Ingrediensar:

  • tomatkjøt frå 2 tomatar

  • ½ grøn paprika

  • 1 chili

  • ½ raudlauk

  • ½ lime

  • ½ dl ferskpressa olivenolje

  • fersk koriander

  • salt

  • pepar

Framgangsmåte:

  1. Fjern skal og saft frå tomatane. (Under Relatert innhald finn du tips om korleis du går fram.)

  2. Kutt tomat, raudlauk, chili og grøn paprika i terningar. Bland terningane saman med finhakka, fersk koriander i ønskt mengd, safta frå ½ lime og olivenolje. Smak til med salt og pepar.

  3. Viss du vil lage ein saus av dette, mosar du blandinga i ein blender.

Guacamole

Ingrediensar:

  • 2 modne avokadoar

  • safta frå 2 tomatar

  • 1 liten sjalottlauk

  • 1 fedd kvitlauk

  • safta frå ½ lime

  • salt

  • pepar

Framgangsmåte:

  1. Skrell avokadoane, og ta ut steinen.

  2. Bland avokadokjøtet med dei andre ingrediensane, og køyr alt saman i ein blender.

  3. Smak til med salt og pepar.

Sylta raudlauk

Ingrediensar:

  • 1 raudlauk

  • ½ dl epleeddik

  • 1 dl vatn

  • 1,5 dl sukker

Framgangsmåte:

  1. Bland saman vatn, eddik og sukker i ein kjele. Varm opp til sukkeret er oppløyst, og set blandinga til avkjøling.

  2. Kutt opp raudlauk i ringar eller halvmånar. Legg dei i den avkjølte laken. Du kan servere den sylta raudlauken med ein gong eller late han stå i nokre timar.

Del 3. Presentasjon/sal

Inviter gjestar eller lag ein open restaurant. Lat gjestane eller kundane få vere med på tacofredag, og vis dei presentasjonane frå oppgåve 1 og 2. Pynt lokalet på ein Mexico-inspirert måte. Finn gjerne drikke som er vanleg å servere i Mexico.

Del 4. Evaluering

Tenk gjennom det du har laga og gjennomført i oppgåve 1–3:

  • Kva synest du gjekk bra?

  • Kva gjekk ikkje så bra / kva kunne vore gjort annleis?

  • Synest du tacofredag med ferdige krydderblandingar er betre enn "original" taco? Kvifor (ikkje)?

Chilitaco i ei grøn korg, guacamole, rømme og raudlauk i skåler ved sida av, saman med heile chiliar. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Relatert innhald

Her skal vi vise deg korleis du kan lage bakte tomatar på glas, tomatconcassé og gelé av tomatvatn.

CC BY-SASkrive av Einar Martin Kålen.
Sist fagleg oppdatert 21.04.2021

Læringsressursar

Internasjonal mat