Hopp til innhald

Arbeidsoppdrag

Kinesiske dumplings

I denne oppgåva skal du øve deg på å lage dumplings. Det er ein kjend rett som blir servert både på restaurantar og som gatemat.

Dumplings kan varierast på mange måtar. Finn først ei oppskrift på eit valfritt fyll. Sjå deretter filmen som beskriv korleis du kan lage dumplings (frå ca. 02.28 i filmen ovanfor). Oppskrift på deigen til dumplings finn du nedanfor. Lag så dumplings, og server dei med ein soyadipp.

Ingrediensar

  • 500 g kveitemjøl

  • 2 g salt

  • 125 g kokande vatn

  • 125 g kaldt vatn

  • 1/2 ts lutvatn

Framgangsmåte

  1. Bland saman mjøl og salt. Tilset det varme vatnet, og miks alt saman. Avslutt med det kalde vatnet og 1/2 teskei lutvatn. Lat deigen køyre i 10–15 minutt.

  2. Lat deigen kvile i 20–30 minutt på kjøl.

  3. Kna deretter deigen for hand. Lat deigen kvile igjen i 1–2 timar.

  4. Rull ut deigen tynt, og stikk ut sirklar.

  5. Fyll deigen med ønskt fyll, gjerne med noko som passar til resten av retten. Dumplings fylte med bresert oksehalekjøt passar til dømes fint til ein rett med indrefilet av okse.

  6. Ha litt vatn på fingertuppen, og fukt kanten på den eine halvdelen av deigskiva. Brett den andre halvdelen over fyllet, og klem kantane godt saman, samtidig som du brettar/foldar inn mot midten – først frå den eine sida, og så frå den andre.

  7. Steam dumplingane i 5–7 minutt. Til det kan du nytte ein kombidampar eller bambussteamer.

CC BY-SASkrive av Jannike Gausdal og Tony Martin.
Sist fagleg oppdatert 03.05.2021

Læringsressursar

Internasjonal mat