Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Mat frå USA – barbecue party!

Barbecue-tradisjonen stammar frå USA, og i denne oppgåva skal heile klassen lage eit amerikansk barbecue party.
Kjøt som ligg på ein grill. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Lag eit stort barbecue party, og inviter gjerne nokre gjestar til å ete saman med dykk.

Førebuingar

Diskuter i klassen kva som kan inngå i eit stort amerikansk barbecue party.

  • Kom med forslag til både kjøtrettar, sausar, salatar, grønsaker og frukt.

  • Diskuter kva de kan servere til dessert.

  • Kva vil de servere som drikke?

Fordel rettane og oppgåvene i klassen, og finn oppskrifter.

Dag 1

Førebu dei råvarene de skal grille, og lag eventuelle sausar, dressingar og dessert.

Dag 2

Førebu grillen, og dekk eit fint og sommarleg bord ute. Gjer klar eit bord til buffeen, og begynn å grille.

CC BY-SASkrive av Espen Lonkemoen Framås.
Sist fagleg oppdatert 07.04.2021

Læringsressursar

Internasjonal mat