India
Indisk mat har mykje smak og dufter. Dette kjem av den omfattande bruken av krydder. Karri er eit blandingskrydder som kan variere veldig i både smak og intensitet. Mykje nytta krydder i denne blandinga er koriander, gurkemeie, bukkehorn, kanel, spisskum, kardemomme, ingefær, svart pepar, valmuefrø, kryddernellik, kajennepepar, laurbærblad, allehande, sennepsfrø og tørka sitronskal.
Karri eller curry er òg ei nemning på gryterettar med sterkt krydra saus.
I India blir det nytta mykje linser, bønner, ris og grønsaker, og utvalet av vegetarrettar er stort. Det blir vanlegvis servert ris til hovudmåltida.
Av kjøt er kylling, geit og lam mykje nytta. Kua blir rekna som eit heilagt dyr, og det blir derfor ete lite storfekjøt i India. Det blir likevel nytta mykje mjølk og mjølkeprodukt i matlaginga.
Sidan landet er så stort, er det vanskeleg å snakke om eitt indisk kjøkken. Det er store variasjonar mellom dei ulike områda. I nord er til dømes tandoori-matlaging vanleg. Det inneber at kjøt, fisk eller grønsaker blir marinert i yoghurt før det blir steikt i ein tandoor, som er ein leiromn støypt på bakken. Denne steikemåten gir maten ein karakteristisk smak og aroma.
Sør i India nyttar dei meir sjømat som fisk og scampi. I tillegg nyttar dei mykje produkt av kokosnøtter, til dømes kokosmjølk, kokosmasse og kokosolje.
Det blir nytta mykje brød i India, og det finst mange variantar. Nokre brød blir bakte med kveitemjøl eller grovt mjøl, slik vi er vane med, men dei nyttar òg andre typar mjøl, mellom anna kikertmjøl, hirse, maismjøl og amarantmjøl. Chapati er eit ugjæra brød som blir laga av vatn og kveitemjøl og kjevla tynt ut før det blir steikt i panne. Dette blir gjerne nytta som vanleg kvardagsbrød. Naan-brød er eit gjæra, flatt brød. Det blir ofte nytta som festbrød.
Den berømte Darjeeling-teen kjem frå India, og mange meiner han er verdas beste. Darjeeling er eit lite område nord i den indiske delstaten Vest-Bengal ved foten av Himalaya. Jordsmonnet og klimaet her er ideelt for tedyrking, og det blir både produsert og drukke mykje te i India. Det indiske ordet for te er chai, og indarane lagar sin chai av svart te, mjølk, krydder og brunt sukker eller melasse.
Kumra, N. (2019, 29. juli). Indisk mat. I Store norske leksikon. https://snl.no/indisk_mat
Larsen, J. H. (2011, 17. desember). Indisk te til begjær og besvær. NRK, Urix. https://www.nrk.no/urix/indisk-te---til-begjaer-og-besvaer-1.7918958