Hopp til innhald

Arbeidsoppdrag

Prosjektveke om internasjonal mat

I dette prosjektet skal de fordjupe dykk i matkulturen i eit land i verda. Deretter skal de produsere rettar og drikkevarer til ein stor internasjonal buffé.


Eit stort lunsjbord med mange ulike rettar av både kjøt, fisk, grønsaker og kornprodukt. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Dette prosjektet består av ein teoretisk og ein praktisk del.

Estimert tid er fire timar med teoretisk arbeid og to dagar og éin kveld med praktisk arbeid.

Klassen blir delt inn i fire grupper, og kvar gruppe vel sjølv kva matkultur dei skal utforske. Gruppene bør velje ulike land.

Teoretisk del

Oppgåve 1

Kvar gruppe skal lage ein presentasjon av matkulturen i landet dei har valt. Presentasjonen skal innehalde informasjon om

  • råvarer og krydder som er typiske for landet

  • kjende matrettar og drikkevarer frå landet

Oppgåve 2

Kvar gruppe skal deretter

  • plukke ut to forrettar, hovudrettar og dessertar og finne oppskrifter til desse

  • finne fram til minst éi eigna drikkevare som passar til rettane

  • skrive meny, råvareliste og arbeidsplan

  • skrive invitasjonar digitalt og invitere gjestar til ein internasjonal buffé

Praktisk del

Dag 1 blir nytta til å produsere og smake på rettane.

Dag 2 blir nytta til å dekkje bord og klargjere rettar og drikkevarer.

Sjølve buffeen

  • Kvar gruppe set opp eitt buffébord. Pynt gjerne med flagg eller andre ting som viser kvar maten kjem frå.

  • Kvar rett skal ha eit lite kort med namn og allergimerking.

  • Kvar gruppe held ein presentasjon av matkulturen i sitt land.

Evaluering

Etter prosjektveka skal kvar gruppe evaluere arbeidet sitt og beskrive kva som gjekk bra, og kva som kunne vore betre.

CC BY-SASkrive av Espen Lonkemoen Framås og Jannike Gausdal.
Sist fagleg oppdatert 07.04.2021

Læringsressursar

Internasjonal mat