Hopp til innhald

Fagstoff

USA

Den amerikanske matkulturen har utvikla seg over tid. USA si lange historie med å ønskje innvandrarar frå heile verda velkomne har ført til eit mangfald av rettar og smakar.
Times Square. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

USA er enormt stort, og dei ulike områda og delstatane i USA har eigne mattradisjonar som står sterkt. Landet har ei samansett befolkning, og det amerikanske kjøkkenet blir gjerne sett på som ei samansmelting av ulike etniske smakar, teksturar og teknikkar. Eit godt døme på det er det kreolske kjøkkenet frå delstaten Louisiana. Her finn du element frå det franske kjøkkenet, frå området rundt Middelhavet, frå dei franske øyene i Karibia, frå Afrika og frå resten av USA.

Kva er typisk amerikansk mat?

Sjølv om matkulturen i USA er veldig variert, er det likevel enkelte rettar vi ser på som amerikanske klassikarar. Mac & cheese, hot dog, donuts, bagel, pastrami sandwich, buffalo wings og apple pie er berre nokre døme. Mange vil kanskje peike på ein spesiell rett: hamburgaren. Det er ein populær klassikar i heile USA, og alle hevdar at dei lagar den beste.

Har du høyrt om Heart Attack Grill? Han ligg i Las Vegas i Nevada og er kjend som den mest usunne restauranten i verda. Her lagar dei så store og kaloririke hamburgarar at viss ein et dei over tid, kan ein få hjarteinfarkt. Veg du over 160 kg, et du dessutan gratis. Restauranten har eigne sjukepleiarar. Mange ser på dette som forkasteleg, men det handlar òg om amerikansk valfridom.

I sørstatane står barbecue-tradisjonen sterkt. Her grillar dei det meste, til dømes spareribs, men du har kanskje òg laga eller høyrt om pulled pork? Det er stykningsdelar som ofte er billige, men treng lang tillagingstid for å bli møre og saftige. Denne grillmetoden blei i utgangspunktet utvikla av slavar og fattige i sørstatane.

Kyststatane i nordaust er kjende for fisk og skaldyr, spesielt hummar og østers. Den kjende muslingsuppa clam chowder kjem herfrå.

Amerikansk frukost

Bestiller du klassisk amerikansk frukost på ein diner, vil du få servert steikt egg, bacon og pølser, toast med smør og syltetøy, pannekaker med sirup, appelsinjus, kaffi eller te. Og du blir garantert mett av dette kaloririke måltidet, som blir servert i rause porsjonar.

Thanksgiving

Dette er ei årleg høgtid som blir feira fleire stader i verda, men særleg i USA og Canada. Feiringa av dagen kan sporast tilbake til 1621 og er ein takkefest for gode avlingar og livets gåver. Dagen har no mista noko av det religiøse innhaldet sitt, men det er uansett ein stor fest der familiar kjem saman. I USA feirar ein thanksgiving den fjerde torsdagen i november. Mange amerikanarar tek òg fri dagen etterpå for å få ei langhelg.

Sjølve måltidet på denne festdagen er eit tradisjonelt samlingspunkt. Ein serverer som oftast fylt kalkun med tilbehøyr som poteter, tranebærsaus og grønsaker. Til dessert er det graskarpai. Ein fast TV-tradisjon er at presidenten benådar ein kalkun. Det blir i tillegg arrangert fotballkampar og paradar. Paraden i New York skal vere verdas største, og varer i fleire timar.

Eit bord med tradisjonelle rettar som blir serverte til thanksgiving: heilsteikt kalkun, potetmos, graskarpai, tranebærsaus, rosenkål og søtpoteter. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Kjelder

Hærland, A. M. K. (2016, 18. juli). Heart attack grill: Hvis du veier over 160 kilo spiser du gratis på denne restauranten. Aftenposten. https://www.aftenposten.no/reise/i/na9p2a/heart-attack-grill-hvis-du-veier-over-160-kilo-spiser-du-gratis-paa-de

Johansen, L. (2019, 22. august). Barbecue. I Store norske leksikon. https://snl.no/barbecue

Dybdahl, A. (2020, 16. juli). Thanksgiving. I Store norske leksikon. https://snl.no/thanksgiving

CC BY-SASkrive av Espen Lonkemoen Framås og Jannike Gausdal.
Sist fagleg oppdatert 07.04.2021

Læringsressursar

Internasjonal mat