Mexico
Mexico er ein av dei eldste sivilisasjonane i verda, og matkulturen har vorte forma gjennom historia. Det vi i dag oppfattar som det meksikanske kjøkkenet, har røter både frå indianarkulturen og frå spansk og europeisk matkultur. Men det meksikanske kjøkkenet har òg inspirert andre kulturar, og under koloniseringa oppdaga europearane fleire matrettar og ingrediensar som dei tok med seg heim, mellom anna tomatar, avokado, mais, chili, poteter, mango, kakao og vanilje.
Det tradisjonelle meksikanske kjøkkenet vart i 2010 erklært som verneverdig immateriell kulturarv av UNESCO.
Mexico er eit stort land med varierte klimasoner som eignar seg til å dyrke mellom anna mais, kveite, kakao, sukker og kaffi. Det blir òg dyrka mange slags grønsaker og eksotiske frukter som mango, papaya, guava, melon og fersken.
I det meksikanske kjøkkenet er det vanleg å nytte mykje mais, chili, bønner, tomatar, lime, avokado, mango, graskar, squash, lauk og mange slags krydderurter som koriander og persille. Ferske råvarer av god kvalitet er viktig, og det er tradisjon for å gå på marknader for å finne dei beste råvarene som er i sesong.
Av mais blir det laga tortilla, som er ei tynn, flat lefse. Tortillaen blir nytta til mange ulike rettar, til dømes enchiladas, flautas, chilaquiles, eller tacos al pastor. I Noreg er vi òg kjende med tortillalefser til tacoen, men dei er som regel laga av kveite.
Mole er ein tjukk saus som det blir laga mange ulike variantar av. Han blir mellom anna sett smak på med ulike typar krydder, chili og sjokolade.
Den tradisjonelle matretten tamales blir laga av ein maisbasert deig som blir blanda med kjøt, grønsaker og krydder. Deretter blir deigen fylt i banan- eller maisblad før han blir kokt eller dampa.
Dei som veks opp i dag, har eit nært forhold til taco og omgrepet tex-mex. Dette omgrepet har ei lang historie og er sett saman av orda Texas og Mexico. Tex-mex er ein mattradisjon som har oppstått i Texas i USA og spreidd seg til resten av verda. Tex-mex-maten har henta inspirasjon frå det meksikanske kjøkkenet, og over tid har det vakse fram eit crossover-kjøkken med tilpassa versjonar av dei tradisjonelle meksikanske rettane, ofte med ein søtlegare smak.
Typiske rettar som blir nytta både i tex-mex-kjøkkenet og i meksikansk mat, er taco, burrito, enchilada, quesadilla, fajita, chili con carne og chilaquiles. Det du kanskje kjenner som ulike former for taco-skjel, blir berre nytta til tex-mex. I det meksikanske kjøkkenet nyttar dei kveite- eller maistortilla.
Tex-mex-mat har vorte populært som både hurtigmat og ferdigmat.
Øl: Det blir produsert mange øltypar i Mexico, og det blir eksportert ein heil del. Dei fleste forbind nok meksikansk øl med lyst og friskt øl, gjerne servert med ein limebåt i flaskehalsen.
Brennevin: Det blir produsert mange ulike typar brennevin, men den mest kjende er nok tequila. Han blir laga av eit destillat av gjæra saft frå planta blå agave. Tequila blir òg nytta i Mexico sin nasjonaldrink, margarita, saman med lime, likør og salt rundt kanten av glaset.
Sundland, K. (2020, 29. september). Meksikansk mat. I Store norske leksikon. https://snl.no/meksikansk_mat
Sundland, K. (2020, 22. mai). Texmex. I Store norske leksikon. https://snl.no/texmex
Ørjasæter, L. O. (2020, 24. november). Tequila. I Store norske leksikon. https://snl.no/tequila