Hopp til innhald

Reaksjon på omgivnadene

Alle organismar lever i eit samspel med omgivnadene sine. Dei må derfor kunne fange opp og reagere på signal som kjem utanfrå, og formidle desse til cellene i organismen. Cellene samarbeider og kommuniserer ved hjelp av signalstoff for å halde eit stabilt indre miljø.

Bevegelse

Organismar si evne til bevegelse er ein av dei viktige livsprosessane som sikrar overleving. Til dømes strekkjer plantar seg mot lyset, amøbar flytter massen sin mot mat, rovdyr spurtar for å fange byttedyr, og olbogeskjel "glir" på svaberget for å beite når det er flod sjø.