Oppsummeringsoppgåver – formeiring hos plantar
Lag par ved å finne det biletet og ordet som høyrer saman.
Figuren ovanfor viser prinsipp for generasjonsveksling hos plantar. Dra og slepp omgrepa til rett plass i figuren.
Kva for nokre to sentrale hendingar markerer overgangen mellom spore- og kjønnsplantegenerasjonen hos plantar?
Gametane (kjønnscellene) hos plantane blir danna ved mitose. Korleis blir kjønnsceller danna hos mennesket og dei fleste dyr som ikkje har generasjonsveksling?
Kvar blir zygoten laga hos dei fleste algar, og kvar blir zygoten danna hos landplantane? Kva er eit embryo?
Kjønnsplanten (gametofytten) og frøplanten (sporofytten) hos algen havsalat ser like ut. Kva er forskjellen på dei to fasane?
Kva slags utfordringar møtte plantane då dei inntok landjorda?
Finn rett alternativ.
Kva for nokre strukturar er haploide i generasjonsvekslinga hos plantar, og kva for nokre er diploide? Flytt alternativa til rett boks.
Dra og slepp orda til rett stad i livssyklusen til mosen.
Forklar livssyklusen til mosar for ein medelev ved å bruke det du fann ut.
Forsøk å skilje omgrepa frå kvarandre og dra dei til rett plass i teksten.
Korleis spreier dei ulike frøa seg? Dra bileta til rett frøspreiingsmetode.
Studer bileta av dei ulike frøa (og fruktene). Finn likskapar mellom frø som blir spreidde med same metode.