Forsøk: Utforsk kjønnsorgana til ein plante
Eit godt døme på samarbeid i naturen er samarbeidet mellom blomstrar og pollinatorar. Blomstrar produserer nektar, og dette er næring for pollinatorane. Pollinatorar flyg frå blomster til blomster med pollen, og bidreg til kjønna formeiring av blomsterplantar.
Oppgåve
I denne oppgåva skal du undre deg, forske og lage hypotesar samtidig som du blir kjend med kjønnsorganet til plantane. Basert på det du finn ut undervegs, skal du til slutt lage din eigen modell.
Du kan lese meir om modellar her modellar (NDLA).
Utstyr
dekkfrøa plantar, til dømes lilje, tulipan, skogstorkenebb
skalpell
skrivesaker
mobilkamera
Framgangsmåte
Skjer langs blomsteren du skal undersøkje, for å sjå nærare på dei indre strukturane. Avgjer kva som er den beste linja for å skjere.
Teikn ei skisse av planten med alle strukturar du ser.
Bruk skildringane under til å setje namn på dei ulike strukturane du har teikna, og forsøk å lage hypotesar til kva funksjon du trur dei ulike strukturane i dette kjønnsorganet har.
Filer
Samanlikn modellen du har laga, med modellen vår
Samanlikn modellen du har laga av den dekkfrøa planten, med modellen vår.
Kva er likskapane og forskjellane mellom dei to modellane?
Finn ut kva funksjon dei ulike strukturane i kjønnsorganet har. Stemmer dette med hypotesane dine?