Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Refleksjonsoppgåver om tilpassing hos plantar

Desse oppgåvene utfordrar deg til å reflektere over og bruke kunnskapen din. Dei hjelper deg med å arbeide vidare med stoffet om plantane si tilpassing til pollinering og frøspreiing.
Humle stikk ut frå blomster. Humla er dekt av pollen. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Tilpassingar til pollinering

  1. Mange fjellplantar har fargerike blomstrar som tiltrekkjer seg insekt og er tilpassa . Likevel har dei òg evna til . Kva trur du er fordelen med å ha begge delar?
  2. Kvifor trur du at nokre plantar har utvikla tilpassingar som fremjar sjølvpollinering, mens andre har utvikla tilpassingar som hemmar sjølvpollinering?
  3. Kvifor trur det er færre vindpollinerte i tett skog enn i opne vegetasjonstypar?

Til venstre: gul blomster. Til høgre: brun blomster med store pollenknappar. Fotokollasj.
Opne bilete i eit nytt vindauge
  1. Frytleblomsteren (Luzula sp.) og tulipanblomsteren (Tulipa sp.) er i prinsippet bygde opp på same måte. Dei har blomsterdekkblad (3 begerblad og 3 kronblad), 6 pollenknappar og eit fruktemne beståande av 3 samanvaksne fruktblad. Dei har likevel svært ulik utsjånad. Kva for nokre ulike tilpassingar til pollinering har desse to?

  2. Nokre vassplantar er vasspollinerte, sjølv om dei fleste har blomsterstandane over vatn og derfor òg kan pollinerast ved hjelp av vind og insekt. Desse vassplantane har ein del likskapstrekk med vindpollinerte plantar. Begge gruppene har gjerne små, lite synlege blomstrar og produserer store mengder pollen. Dei manglar dessutan nektar og duft. Kva trur du dette kjem av?
  3. Bier og humler kan bidra til det som blir kalla nabopollinering, det vil seie overføring av pollen frå blomster til blomster på same plante. Kan du tenkje deg ein blomsterfamilie der dette er spesielt aktuelt? Forklar.

  1. Fuglepollinerte blomstrar har gjerne sterke raudlege fargar, manglar lukt og er opne om dagen. Flaggermuspollinerte blomstrar manglar fargar, slik du kan sjå i filmen over, men har til gjengjeld sterk lukt og er opne om natta. Kva seier dette deg om sannsynlege eigenskapar hos desse pollinatorane?
  2. På kva måte trur du ein reduksjon i artsmangfald og populasjonstettleik hos insekt kan vere ein trussel for artsmangfaldet til blomsterplantane?
  3. Er det mogleg å få til sjølvbefrukting hos ein art med einkjønna blomstrar? Forklar.

Svart blomster som minner om eit insekt. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge
Bilete av lilla blomster. Ei pil peiker på ei utposing bak på blomsteren. Foto.
  1. Orkidéar som flugeblom har pollenet samla i store klumpar (polliniar) med pollen. Denne klumpen med pollen klistrar seg fast som ei eining på eit besøkjande insekt. Store mengder pollen blir på denne måten spreidde med éin pollinator. Kvifor trur du at denne løysinga med alt pollenet samla i éin klump berre finst hos plantar som er tilpassa spesialiserte pollinatorar?
  2. Kva funksjon trur du det har at nektar blir skild ut i spesielle utposingar på blomsteren?

  3. Romanen Bienes historie av Maja Lunde handlar om ei verd der biene har forsvunne.

    1. Finn ut korleis det påverkar livet til menneska som lever når dette skjer.

    2. Korleis prøver ein i boka å løyse problemet med at biene forsvinn?

    3. Føler du at dette spørsmålet er knytt til forteljinga i boka eller til verda i dag?

    4. Kan vi overleve utan hjelp frå pollinatorar, trur du? Forklar.

Tilpassingar til frøspreiing

  1. Kvifor er ikkje einerbæret ei frukt, men ei såkalla bærkongle?
  2. For mange blomsterplantar er frukta ein effektiv måte å spreie frø på. Dei plantane manglar frukter. På kva måte har dei nakenfrøa plantane likevel tilpassa seg frøspreiing?

Ei sukkerert, ei pistasjnøtt, eit blåbær, ein avokado og eit jordbær. Illustrasjon.
Opne bilete i eit nytt vindauge
  1. Kva funksjonar ser du for deg at ei frukt kan ha?

  2. Nokre spesielle frukter, mellom anna avokado, ser ut til å vere tilpassa spreiing med pattedyr av ein viss storleik. Likevel har dei den naturlege utbreiinga si i område der det ikkje finst slike pattedyr no.

Stort, forhistorisk dyr står på bakbeina. Illustrasjon.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Finn ut meir om dette i denne artikkelen frå forskning.no:
Hvorfor har egentlig avokadoen så digert frø?

  1. Kva pattedyr var avokadoen opphavleg tilpassa spreiing med?

  2. Korleis klarer avokado å spreie seg i dag?

  3. Kva trur du på sikt kan skje med plantar som mister frøspreiarane sine?

  1. Nokre plantar produserer store mengder små frø, mens andre produserer få store frø.

    1. Kva fordelar og ulemper ser du ved desse to strategiane?

    2. Har du nokre døme?

    3. Kjenner du til nokre parallellar når det gjeld formeiring i dyreriket?

  2. Under ser du bilete av ti ulike frukter. Kan du resonnere deg fram til korleis kvar av desse artane spreier frøa sine?

Kollasj av fruktene til plomme, kokosnøtt, valmue, banan, lønn, skogstorkenebb, djevelklo, geiterams, rogn og bygg. Foto
CC BY-SASkrive av Hanne Hegre og Thomas Bedin.
Sist fagleg oppdatert 21.03.2022

Læringsressursar

Formeiring hos plantar