Hopp til innhald

Fagstoff

Tilpassingar til frøspreiing

Eit frø ber med seg eit nytt liv. Sidan plantar oftast er fastsitjande, er frøet planten si moglegheit til å etablere seg ein ny stad. Frø kan spreiast med vind, vatn og dyr – og til og med skytast ut frå planten!
Lufta er fylt av kvite, fjøraktige plantedelar. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Kvifor er det lurt å spreie frøa?

Frøplantane har utvikla mange ulike strategiar for å lage frø, og dei investerer mykje energi i det. Men jobben er ikkje over før frøet har forlate morplanten og kome seg langt unna. At avkomet veks opp langt borte frå morplanten, hindrar konkurranse om lys, vatn og næring mellom nære slektningar. Derfor er det ikkje så overraskande at mange frøplantar bruker ein god del energi på å få spreidd seg!

Lønnefrø. To og to frø med vengar heng saman. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Spreiingseiningar hos dekkfrøa plantar

Dei har mange ulike frukttypar. Nokre frukter blir spreidde saman med frøet (nøtter og bær), mens andre frukter opnar seg på planten og slepper frøa ut (ulike tørre kapselfrukter). Spreiingseininga kan altså vere berre frøet eller frukta og frøet saman. I andre tilfelle er det ein del av ei frukt som blir spreidd, som hos lønn.

Tabell som viser ulike typar frukter. Illustrasjon.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Vindspreiing

Mange plantar har små og lette frø tilpassa vindspreiing. Nokre er utstyrte med vengar som kan vere fylte med luft. Mange tre, inkludert bartre som gran og furu, har vindspreidde frø. Løvetann er eit anna velkjent døme.

Dyrespreiing

Mange frø ligg i kjøttfulle og etande frukter som tiltrekker seg dyr, ofte fuglar. Frøa går uskadde gjennom fugletarmen og kan spreiast over nokså lange avstandar. I andre tilfelle blir frø spreidde utanpå dyr ved at fruktene har krokar eller piggar som fester seg i pelsen og heng med som "blindpassasjerar".

Sidensvans til venstre. Storborre til høgre. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Vasspreiing

Blomster hos gul nøkkerose. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Vassplantar har ofte frø eller frukter som blir spreidde med vatn. Gul nøkkerose har båtforma frukter, mens frøa hos kvit nøkkerose er omgitt av luftfylt vev. Dette er to ulike tilpassingar for å kunne å flyte på vatnet.

Kokospalmen veks nær havet i tropiske strøk, og dei tunge fruktene blir spreidde med havstraumar. Kokosnøtta har eit ytre vasstett lag følgt av eit luftfylt lag utanpå frøet. Ho kan tole lange opphald i vatn. Kokosnøtta blir spreidd over lange avstandar og skal ha følgt med havstraumar heilt til strender i Noreg!

Eksplosiv spreiing

Dei mest imponerande plantane sørger for spreiing heilt sjølve! Slike frukter bygger opp ei spenning når væska inne i cellene pressar mot celleveggen, eller når fruktene tørkar ut. Til slutt vil trykket blir utløyst ved berøring eller fordi spenninga har nådd ei øvre grense. Frøa kan bli slengde fleire meter av garde ved at frukta eksploderer som hos springfrø, eller ved at delar av fruktblada raskt krøllar seg tilbake som hos storkenebb.

Kjempespringfrø

Hos kjempespringfrø (Impatiens glandulifera) eksploderer blomstrane, og frøa blir slyngde fleire meter unna morplanten. Kvar plante hos denne frammande arten kan produsere 4000 frø, og han har lett for å spreie seg.

CC BY-SASkrive av Hanne Hegre og Thomas Bedin.
Sist fagleg oppdatert 29.08.2023

Læringsressursar

Formeiring hos plantar