Refleksjonsoppgåver til formeiring hos plantar
Kva trur du er fordelen med produksjon av ulike kjønnsceller, der den eine er stor og ubevegeleg (eggcella) medan den andre er liten og bevegeleg (sædcella)?
Kvifor er det så stor variasjon i den kjønna formeiringa hos algar, trur du?
Finst det algar som veks på land? Har du nokon døme?
Kva fordelar har plantar som lever i vatn? Kva ulemper har dei ved å leve i vatn?
- Kvifor finn vi oftast mosar i fuktige miljø?
Samanlikn livssyklusen til grønalgen havsalat med livssyklusen til bjørnemose. Nemn dei forskjellane du kan sjå, og diskuter kva betydningar desse forskjellane kan ha.
- Kva likskapar og forskjellar ser du mellom generasjonsvekslinga til mosane og til andre landplantar?
- Kapseltennene i sporehuset hos mange bladmosar er hygroskopiske. Det vil seie at dei reagerer på vatn. Dei opnar seg når det er tørt vêr, og lukkar seg i vått vêr. Kva kan dette vere ei tilpassing til?
Vurder kva for ein eller kva for nokre av desse mosane som formeirar seg ukjønna og ikkje produserer ein sporeplante. Gi ei kort grunngiving for vurderingane du gjer.
ein mose på tørr rabb i fjellet eller ein mose i snøleie i fjellet
ein mose på arktisk tundra eller ein mose i fuktig granskog
Befruktninga til mosane er avhengig av vatn, og vi finn derfor ofte mosar i fuktige miljø. Det finst likevel mosar som veks på tørre rabbar i fjellet og i andre tørre habitat med lite tilgang på vatn. Korleis heng dette saman, trur du?
Nokre sneller har to ulike typar skot:
brune vårskot med sporehus og utan fotosyntese
grøne sommarskot utan sporehus og med fotosyntese
Kva trur du poenget kan vere med dette?
Kva slags likskapar og forskjellar ser du i generasjonsvekslinga hos karsporeplantar samanlikna med mosar og frøplantar?
- Kvar sporehusa hos karsporeplantane er plasserte, varierer frå art til art. Gi døme på ulike artar. Kan du forklare kvifor sporehusa er plassert på denne måten?
Slekta lusegras kan ha både kjønna formeiring (generasjonsveksling) og ukjønna formeiring (yngleknoppar). I Noreg har vi artane lusegras, fjell-lusegras og polarlusegras:
Lusegras veks i skog og myr opp til fjellskogen.
Fjell-lusegras veks i fjellet.
Polarlusegras veks hovudsakleg på Svalbard.
Kva for ein av desse tre artane trur du alltid har yngleknoppar, og kva trur du alltid har sporehus? Forklar korleis du tenker.
I tidsperioden karbon (ca. 360–300 millionar år sidan) fanst det heile skogar med bregnar og sneller, og enkelte artar nådde ei høgde på over 40 meter.
Finn ut kor utbreidd desse artane er i dag, og kor store dei ulike plantane blir. Prøv å forklare endringar som kan ha ført til denne utviklinga i storleik og biomasse.
- Kvifor kan karsporeplantar produsere mange gonger fleire sporar enn mosane? Kva fordelar trur du dette kan ha?
Karsporeplantar blir kalla seedless vascular plants på engelsk.
Forklar korleis du tolkar det norske og det engelske omgrepet.
Har omgrepa ulik betydning? Kva for eit omgrep meiner du gir den mest presise beskrivinga?
Samanlikn livssyklusen hos desse ulike landplantane: frøplantar, mosar og karsporeplantar. Kva likskapar og forskjellar finn du?
Tabellen viser kva som er den dominerande delen av planten hos mosar, karsporeplantar og frøplantar. Kva for ein av desse strategiane har vore mest vellykka? Kva kan vere forklaringa på det, trur du?
type plante | dominerande del av planten |
---|---|
mosar | kjønnsplanten |
karsporeplantar | sporeplanten |
frøplantar | sporeplanten |
Alt liv er avhengig av vatn, men landplantane – og spesielt frøplantane – har gjort seg mindre avhengige av vatn. Forklar kva tilpassingar frøplantane har gjort slik at dei har blitt mindre avhengige av vatn.
Frø hos dekkfrøa blomsterplantar er omgitt av vev. Dette vevet og frøa blir til saman ei frukt når frøemna modnar. Kva funksjon har dette vevet og frukta?
Nokre dekkfrøa blomsterplantar lever i vatn og er avhengige av vatn for å spreie pollen og frø.
Vil du seie at desse plantane er landplantar?
Kva trur du er meint med at ein plante er sekundært tilpassa eit liv i vatn?
Kjenner du til nokon dyr som er sekundært tilpassa eit liv i vatn?