Prinsipp for formeiring hos plantar
Eit viktig kjenneteikn ved alt som lever, er at det kan formeire seg. Å formeire seg vil seie å lage avkom som fører gena vidare. Hos plantane skjer dette både ukjønna og kjønna.
Ukjønna formeiring – inga befrukting
Ved ukjønna, eller vegetativ, formeiring skjer det inga befrukting. Avkomet blir dermed ein genetisk kopi (klon) av morindividet.
Kjønna formeiring – eggcelle og sædcelle smelter saman
Ved kjønna formeiring skjer det ei befrukting der ei eggcelle og ei sædcelle smelter saman. Gena blir kombinerte på nytt, og det blir danna ein zygote som er ei genetisk blanding av foreldreindivida.
Genetisk variasjon er viktig for at arten skal ha moglegheit til å tilpasse seg til endringar i miljøforholda. Sidan meiose sørgjer for at kjønnscellene får eitt sett med kromosom (n), vil zygoten få dobbelt sett med kromosom (2n), slik cellene i foreldreindivida (bortsett frå kjønnscellene) har.
I motsetnad til plantar med ukjønna formeiring investerer plantar med kjønna formeiring mykje energi i å formeire seg.
Tenk gjennom!
Kva må plantar med kjønna formeiring bruke energi på som plantar med ukjønna formeiring "slepp" å bruke energi på?
Det er mange plantar som formeirar seg ukjønna. Det kan mellom anna skje ved:
Utløparar. Utløparar er tynne, lange stenglar som veks ut frå morplanten. Etter at nye plantar har etablert seg, blir sambandet til morplanten brote.
Yngleknoppar. Yngleknoppar er små plantar som veks ut frå morplanten, og som fell av og veks opp til nye plantar.
Grokorn. Nokre mosar har små skåler på overflata med grokorn som kan spire til nye moseplantar.
Fragmentering. Lav kan spreie seg ved at fragment blir brekte av morlavet og etablerer seg som nye individ.
Frøsetjing utan befrukting. Her skjer det inga befrukting av frøemnet, men overføring av pollen kan likevel vere naudsynt for at frøet skal utvikle seg. Frøa hos løvetann blir danna utan befrukting.
Fordelar med ukjønna formeiring er at det går raskare og kostar mindre energi å lage mange kopiar enn å utvikle unike individ gjennom kjønna formeiring. Ukjønna formeiring gir likevel mindre genetisk variasjon, noko som kan gjere det vanskeleg å tilpasse seg til endringar i miljøet.
Tenk gjennom!
Løvetann formeirar seg ukjønna, men likevel er det veldig stor variasjon innan løvetannarten. Korleis stemmer dette med påstanden om at ukjønna formeiring gir liten genetisk variasjon?
I tillegg til at mange plantar kan formeire seg ukjønna, har dei fleste plantane kjønna formeiring der dei vekslar mellom to fasar: éin som produserer kjønnsceller, og éin som produserer sporar eller frø. Dette blir kalla generasjonsveksling.
Diploid fase: produksjon av sporar
Ein fase der planten består av fleire celler med dobbelt sett med kromosom, diploide (2n) celler. Planten lagar sporar ved meiose og blir på dette stadiet kalla ein sporeplante (sporofytt).Haploid fase: produksjon av kjønnsceller
Ein fase der planten består av fleire celler med eitt sett med kromosom, haploide (n) celler. Planten lagar kjønnsceller ved mitose og blir på dette stadiet kalla ein kjønnsplante (gametofytt).
Hos ei solsikke vil solsikkeplanten vere det vi kallar sporeplanten. Denne produserer sporar i form av pollenkorn. Kjønnsplantane hos solsikker (og andre frøplantar) er svært små. Dei består av ein hanleg kjønnsplante (pollenslange) og ein holeg kjønnsplante (frøemne).
Haploid og diploid
Haploide celler har éi utgåve av kvart kromosom.
Diploide celler har to utgåver av kvart kromosom.
Plantane erobra landjorda først og gjorde det mogleg for dyra å følgje etter ved å gi dyra både mat, oksygen og gøymestader. Samtidig har insekt og andre dyr vore viktige for frøplantane sin suksess ved at dei har pollinert blomstrane og spreidd frø.
Tilpassing til livet på land har gjort plantane mindre avhengige av vatn når dei skal formeire seg. Samtidig har den generasjonen av planten som produserer kjønnsceller, kjønnsplanten, blitt redusert i storleik samanlikna med den frøproduserande generasjonen, sporeplanten. Etter kvart som plantane har utvikla seg og tilpassa seg til eit liv med avgrensa tilgang til vatn, har sporeplanten blitt den dominerande generasjonen.
Prinsipp for formeiring hos plantar
Ukjønna formeiring skjer utan befrukting og gir genetiske kopiar av morplanten.
Kjønna formeiring skjer ved at kjønnsceller smelter saman. Dette gir genetisk variasjon.
Ukjønna formeiring hos plantar kan skje ved
utløparar
yngleknoppar
grokorn
fragmentering
frøsetjing utan befrukting
Den kjønna formeiringa vekslar mellom to fasar:
diploid fase med ukjønna formeiring
haploid fase med kjønna formeiring
Etter kvart som plantane har utvikla seg, har befruktinga blitt meir uavhengig av vatn.
LibreTexts. (2020, 15. august). Plant Adaptations to Life on Land. Henta 28. november 2020 frå https://bio.libretexts.org/bookshelves/introductory_and_general_biology/book%3A_general_biology_(Boundless)/25%3A_seedless_plants/25.1%3A_early_plant_life/25.1C%3A_plant_adaptations_to_life_on_land