Hopp til innhald

Fagstoff

Tilpassingar til pollinering

Frøplantar formeirar seg uavhengig av vatn. Dette har gitt mange moglegheiter for spreiing av pollen, med tilpassingar til pollinering ved hjelp av både vind, insekt og andre dyr. Suksessen og mangfaldet til frøplantane heng særleg saman med desse tilpassingane.
Blomsterstandar hos gras med sky av pollen. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Pollinering og befrukting

Pollinering er overføring av pollen frå pollenknapp til arr hos dei dekkfrøa plantane, eller direkte til frøemnet hos dei nakenfrøa plantane. Befrukting skjer først dersom pollenet spirer. Ein pollenslange med sædceller veks ut frå eit pollenkorn og ned gjennom griffelen. Slik kan ei sædcelle overførast til eggcella inne i frøemnet.

Sjølvpollinering og krysspollinering

Pollenoverføring frå pollenknapp til arr innan same blomster blir kalla sjølvpollinering. Pollenoverføring mellom blomstrar frå ulike plantar av same art blir kalla krysspollinering. Sjølvpollinering er betre enn inga pollinering, men kan føre til og redusert genetisk variasjon.

Blå, klokkeforma blomster. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

For å unngå sjølvpollinering har mange plantar derfor utvikla ulike tilpassingar:

  • Einkjønna blomstrar. Blomstrane er anten han- eller hokjønn, men dei kan sitje på same plante.
  • Ulik modningstid. Pollenknappar og arr kan modnast til ulik tid.
  • Plassering på ulike stader. Pollenknappar og arr er plasserte slik at dei ikkje kjem så lett i kontakt med kvarandre.
  • Sjølvsterilitet. Pollenet er kjemisk hemma, slik at det ikkje spirer.

Vindpollinering

Raklar av osp. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Vindpollinerte plantar har ofte klissete arr. Blomstrane deira er gjerne små, lite iaugefallande og samla i opne blomsterstandar som beveger seg lett i vinden. Blomstrane har ikkje nektar eller lukt, og dei produserer store mengder pollen. Trær med (bjørk, hassel, or, osp), bartre, gras og grasliknande vekstar og dessutan i nesle-, melde- og syrefamilien er vindpollinerte.

Tenk gjennom

Kvifor har ikkje vindpollinerte blomstrar nektar eller lukt?

Dyrepollinering

Kolibri som drikk nektar frå blomster. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Fuglar, flaggermus og andre små pattedyr kan pollinere plantar, men insekta er i ein klasse for seg. Plantar og pollinatorar har gjensidig tilpassa seg kvarandre. Denne er ansvarleg for mykje av blomstervariasjonen vi kan glede oss over. Plantane reklamerer med lukt eller farge. Deretter påskjøner dei pollinatorane med næring i form av nektar og pollen – eller ly i område der klimaet kan vere tøft.

Tenk gjennom

Korleis kan gjensidig tilpassing mellom pollinator og plante bidra til stort mangfald av blomsterplantar?

Planten Brighamia insignis. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Spesialisering mellom blomster og pollinator

Nokre blomstrar er spesialtilpassa éin bestemt type pollinator, mens andre tiltrekkjer seg ulike typar pollinatorar som biller, veps og fluger. Bier, humler og sommarfuglar er meir spesifikke, og pollinering ved hjelp av desse resulterer derfor oftare i vellykka befrukting.

Plantar som er avhengige av ein bestemt pollinator for å formeire seg, er sårbare. Dersom pollinatoren forsvinn, vil òg planten stå i fare for å døy ut.

Det seksuelle bedraget hos orkidéar

Mange orkidéar har utvikla metodar for å tiltrekkje seg pollinatorar. I denne animasjonsfilmen får du eit innblikk i nokre av dei mest utspekulerte av dei.

Svart blomster som minner om eit insekt. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Forførande feller

Nokre gonger blir insekt lokka til ein blomster som faktisk ikkje har noka påskjøning å tilby.

Flugeblom imiterer hoene hos gravveps og skil ut luktstoff som tiltrekkjer seg hannane. Hoene blir klekte nokre veker seinare enn hannane, og flugeblomen blomstrar akkurat i denne perioden. Hannane prøver å pare seg med blomsteren, men dei oppnår berre å ta med seg pollen til neste blomster dei prøver seg på.

Marisko. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Blomstrane hos nokre artar er omdanna til feller. Det gjeld til dømes marisko. Insekt som hamnar i fella, kjem ikkje ut same veg og må ofte presse seg forbi arret i blomsteren. På denne måten set dei att pollen frå besøk hos andre plantar.

Tilpassingar til pollinering

  • Hos frøplantar skjer befruktinga uavhengig av vatn.

  • Pollenoverføring frå pollenknapp til arr innan same blomster blir kalla sjølvpollinering. Dette er uheldig med tanke på genetisk variasjon.

  • Vindpollinerte plantar har klissete arr og dessutan små og lite iaugefallande blomstrar.

  • Plantar som blir pollinerte av insekt og andre dyr, har ofte utvikla gjensidige tilpassingar over tid.

CC BY-SASkrive av Hanne Hegre og Thomas Bedin.
Sist fagleg oppdatert 18.03.2022

Læringsressursar

Formeiring hos plantar