Formeiring hos algar, mosar og karsporeplantar
Algar er plantar som hovudsakleg lever i vatn. Dei er avhengige av vatn gjennom heile livsløpet, også når dei skal formeire seg.
Kjønna formeiring
Dei aller fleste algane har kjønna formeiring og vekslar mellom ein diploid og ein haploid fase. Denne typen kjønna formeiring finn vi hos alle landplantar, og formeiringa til algane dannar eit viktig grunnlag for å forstå overgangen frå eit liv i vatn til eit liv på land.
Generasjonsveksling hos havsalat
Generasjonsveksling hos havsalat omfattar to stadium. Planten som lagar sporar, og planten som lagar kjønnsceller, ser like ut. Dette blir kalla isomorf generasjonsveksling (iso- betyr lik, -morf betyr form). Sporeplanten produserer haploide sporar ved meiose. Desse veks og blir til kjønnsplantar som produserer kjønnsceller ved mitose. Kjønnscellene ser like ut, men dei må kome frå ulike individ for at befruktinga skal bli vellykka. Den diploide zygoten utviklar seg til ein diploid sporeplante.
Isomorf generasjonsveksling
Generasjonsveksling der dei to stadia – sporeplanten og kjønnsplanten – har lik utsjånad.
Heteromorf generasjonsveksling
Generasjonsveksling der dei to stadia – sporeplanten og kjønnsplanten – ser ulike ut.
Ukjønna formeiring
Nokre algar er eincella og formeirar seg ukjønna ved vanleg celledeling. Større fleircella algar kan formeire seg ukjønna ved fragmentering av plantedelar.
Mosar er små plantar. Dei kan ta opp mykje vatn, men toler òg å tørke heilt opp. Dei er viktige produsentar i økosystem der mange andre typar plantar ikkje veks så godt, spesielt i myrområde og i fjellet.
Kjønna formeiring
På den grøne kjønnsplanten blir det danna fleircella kjønnsorgan. Dei holege og hanlege kjønnsorgana blir utvikla anten på ulike stader på same plante, eller på ulike plantar. Dei hanlege kjønnscellene er avhengige av vatn for å kunne bevege seg bort til ei eggcelle. Befruktinga skjer i det holege kjønnsorganet, og det blir danna ein diploid zygote. Den diploide zygoten veks opp til ein sporeplante.
Sporeplanten er fest til kjønnsplanten og får vatn og næring frå denne gjennom livsløpet. Stilken til sporeplanten løfter sporehuset opp, slik at sporane får eit betre utgangspunkt for spreiing. Haploide sporar blir danna ved meiose og blir hovudsakleg spreidde med vind i tørt vêr. Ein spore spirer og blir til ein forgreina celletråd. Frå denne veks ein ny grøn kjønnsplante. Slik blir livssyklusen fullført.
Avhengigheit av vatn
Den kjønna formeiringa hos mosar er avhengig av vatn. Derfor finn vi ofte mosar i fuktige miljø. Mosane toler likevel å tørke heilt ut og kan kvikne til og ta opp att livsfunksjonane ved ny tilgang på vatn. Sporane kan òg spire fleire år etter at dei er spreidde.
Ukjønna formeiring
Mange mosar formeirar seg ukjønna, og hos enkelte blir det sjeldan danna sporeplantar. I arktiske, alpine og tørre strøk er det vanleg at delar av mosen kan losne og spreie seg ved fragmentering. Hos nokre mosar fell blad- og skotspissar eller sidegreiner av. Desse kan vekse opp til sjølvstendige individ. Andre mosar har små skåler på overflata med grokorn som kan spire til nye moseplantar.
Karsporeplantane formeirar og spreier seg ved hjelp av sporar. Sporeplanten er den dominerande fasen i generasjonsvekslinga, mens kjønnsplanten er ein liten, kortliva og sjølvstendig plante.
Generasjonsveksling
Generasjonsveksling hos alle karsporeplantar følgjer det same grunnmønsteret. Vi bruker bregnen sisselrot som døme:
Sporeplanten hos sisselrot har sporehus på undersida av blada. Desse er samla i sporehushopar. Haploide sporar blir produserte ved meiose og spreidde med vinden når sporehusa sprekk opp.
Spora spirer til ein liten, hjarteforma kjønnsplante med både hanlege og holege kjønnsorgan på undersida. Desse produserer hanlege og holege kjønnsceller ved mitose. Den hanlege kjønnscella er avhengig av vatn for å bevege seg over til eggcella. Den befrukta eggcella, ein diploid zygote, veks og blir til ein ny sporeplante ved gjentekne mitosar. Kjønnsplanten visnar vekk.
Visste du at …
Sisselrot unngår sjølvbefrukting ved at sædceller og eggceller på same kjønnsplante modnast til ulik tid, eller ved at det blir skilt ut eit hormon som hemmar sjølvbefrukting.
Ukjønna formeiring
Kråkefotplantar kan formeire seg ukjønna. Hos lusegrasslekta finn vi ofte yngleknoppar i bladhjørna. Sneller, kråkeføter og mange bregnar dannar dessutan jordstenglar, som kan bli til nye individ dersom dei blir brotne av.