Hopp til innhald

Fagstoff

Mitose – vanleg celledeling

Mitose er den vanlegaste forma for celledeling. Ved mitose blir det danna to nye celler med identisk arvestoff (DNA).
Ei celle som deler seg til to nye celler. Mikroskopbilete.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Når éi celle deler seg og blir til to heilt identiske celler

Ei celle deler seg og blir til to nye celler. Illustrasjon.

Ved vanleg celledeling vil éi celle, gjerne kalla "morcella", dele seg og danne to nye "dotterceller". Dei to nye cellene vil då vere identiske med morcella og innehalde det same arvestoffet.

Eincella og fleircella organismar

Eincella organismar formeirar seg ved vanleg celledeling og produserer på den måten nye avkom. Hos ein fleircella organisme skjer mitose til kvar tid i heile kroppen og gjennom heile livet. Dei nye cellene som blir danna, skal gi vekst og erstatte celler som er skadde eller utslitne.

Det er spesielt høg aktivitet av mitose på fosterstadiet til ein organisme. Den befrukta cella er avhengig av tallause celledelingar for å kunne vekse og utvikle seg frå ein zygote til ein fullverdig organisme som består av ulike celletypar, vev og organ.

Delingsfasen ved mitose

Når cella har oppnådd riktig storleik, og det genetiske arvestoffet er korrekt kopiert ved DNA-replikasjon, gjer cella seg klar for delingsfasen: mitose.

Mitose er ein nøye kontrollert prosess der cella gjennomgår fem ulike fasar:

  • profase

  • prometafase

  • metafase

  • anafase

  • telofase

Mitose steg for steg

Illustrasjonane er forenkla og inkluderer berre fire søsterkromatid. I verkelegheita har alle cellene 46 søsterkromatid som blir trekte frå kvarandre, slik at kvar celle ender opp med 46 enkle kromosom.

Kollasj av celledeling ved mitose, steg-for-steg. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Tenk over

  • Kva skjer med cellene når ein organisme veks?

  • Kva er føremålet med mitose?

Relatert innhald

Livssyklusen til cella beskriv livet til ei celle – frå ho blir til, og fram til ho sjølv er klar for reproduksjon ved celledeling.

I interfasen førebur cella seg på celledeling og begynner å kopiere DNA-et sitt. Dette er ein komplisert prosess som blir kalla DNA-replikasjon.

CC BY-SASkrive av Camilla Øvstebø.
Sist fagleg oppdatert 04.10.2021

Læringsressursar

Celledeling