Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Oppsummeringsoppgåver om celledeling

Her finn du varierte oppgåver om korleis ulike celler deler seg, og korleis celledeling er viktig for vekst og reparasjon i fleircella organismar. Oppgåvene gir deg god trening i nye omgrep og ei fin oversikt over emnet.

Oppgåve 1. Memory

Lag par ved å finne biletet og ordet som høyrer saman.

Oppgåve 2. Livet til ei celle

Teikn og forklar livssyklusen til ei celle.

  1. Kva for nokre ulike livsfasar har ei celle?

  2. Korleis regulerer cella når og kor ofte ho skal dele seg?

  3. Forklar korleis celledød påverkar eincella og fleircella organismar.

Oppgåve 3. Har du kontroll på omgrepa?

Teikn og forklar omgrepa nedanfor.

kromosompar – kromosom – søsterkromatid – homologe kromosom – kromosomkopiar

Oppgåve 4. Sentrale strukturar i delingsfasen til ei celle

Dra omgrepet til riktig struktur.

Oppgåve 5. Dei ulike fasane i livet

Dra namnet til riktig fase.

Oppgåve 6. Lag din eigen hugseregel

Det kan ofte vere vanskeleg å hugse mange nye omgrep. Det kan derfor vere lurt å sjå etter eit system i omgrepa du skal hugse, og lage ein hugseregel.

Lag din eigen hugseregel for rekkjefølgja på dei ulike fasane i celledelinga.

Oppgåve 7. Fleirvalsoppgåver om livssyklusen til cella

Oppgåve 8. Overkryssing ved meiose

Oppgåve 9. Få oversikt over mitose og meiose

Lag ei oversikt over dei to typane celledeling: mitose og meiose. Lag gjerne ei teikning eller ein tabell.

  • Kva strukturar er sentrale i delingsfasen til ei celle?

  • Kva er hovudforskjellane mellom dei to typane celledeling?

  • Kva likskapar finn du mellom mitose og meiose?

CC BY-SASkrive av Camilla Øvstebø .
Sist fagleg oppdatert 17.05.2023

Læringsressursar

Celledeling