Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Bestem livssyklusen til ei celle

Ein livssyklus blir definert som ulike vekst- og utviklingsfasar for ein organisme, eller ei celle. I denne oppgåva skal du bli kjend med dei ulike fasane i livet til ei celle, og avgjere kor lang tid ei celle bruker i kvar fase.
Mikroskopbilete av celler som deler seg. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Oppgåve

  1. Livssyklusen til cella beskriv livet til ei celle – frå cella blir til, og fram til cella er klar for reproduksjon ved celledeling.
    Lag ei oversikt der du forklarer dei ulike fasane i livssyklusen til ei celle.

  2. Kor stor del av livet trur du cella bruker på kvar av dei ulike fasane nedanfor? Oppgi svaret i prosent.

    • interfasen

    • delingsfasen, inkludert dei ulike fasane i mitosen og cytokinesen

  3. Nærbilete av eit mikroskop. Foto.
    Samanhengande piler i horisontal og vertikal retning over ein sirkel med celler. Illustrerer systematisk teljing av celler. Illustrasjon.

    Avgjer kor lang tid ei celle bruker i kvar av dei ulike fasane av livssyklusen sin:

    1. Legg eit preparat som viser celledeling ved mitose, under mikroskopet. Her kan de bruke eit ferdig preparat, eller lage dykkar eige (ndla.no).

    2. Sjå på preparatet under mikroskopet med låg forstørring. Auk forstørringa når du har fått eit skarpt bilete.

    3. Beveg blikket over preparatet, og sjå om du finn nokre celler i delingsfasen. Øv deg på å skilje dei ulike fasane i livssyklusen til cella frå kvarandre.

    4. Når du tydeleg kan skilje dei ulike fasane frå kvarandre, skal du systematisk bevege blikket over preparatet (sjå figur) og telje talet på celler du observerer i kvar fase. Stopp når du har observert 100 celler.

    5. Lag ein tabell der du samlar resultata dine. Ta gjerne utgangspunkt i tabellen under.

      • Samle resultata frå alle i klassen, og finn gjennomsnittet.

      • Rekn ut prosentvis kor mange av cellene de observerte i dei ulike fasane, og regn om til timar.

    Fase

    Tal celler

    Gjennomsnittleg tal celler i klassen

    Prosent

    Tid i timar

    Interfase

    Profase

    Metafase

    Anafase

    Telofase

    Cytokinese

    Totalt

    100

    100

    100 %

    24

    1. Stemde resultata med hypotesen din? Grunngi svaret.

    2. Lag ei ny oversikt over livssyklusen til ei celle basert på dine eigne resultat. Bruk eit sektordiagram for å presentere resultata.

    3. Du har no laga ein modell som illustrerer livssyklusen til ei celle. Vil denne modellen gjelde for alle celler? Diskuter gjerne med ein medelev, og grunngi svaret de kjem fram til.

    4. Er det nokon svakheiter ved modellen eller metoden som blei brukt som grunnlag for modellen du har laga?

Relatert innhald

Livssyklusen til cella beskriv livet til ei celle – frå ho blir til, og fram til ho sjølv er klar for reproduksjon ved celledeling.

CC BY-SASkrive av Mary Ann Clark, Matthew Douglas og Jung Choi. Rettshavar: OpenStax
Sist fagleg oppdatert 02.09.2021

Læringsressursar

Celledeling