Hopp til innhald
Fagartikkel

Livssyklusen til ei celle

Ei celle er den minste eininga for liv. Som alt anna liv er cella avhengig av å skaffe seg energi, vekse og formeire seg. Livssyklusen til cella beskriv livet til ei celle – frå ho blir til, og fram til ho sjølv er klar for reproduksjon ved celledeling.

Livssyklus – livet til ei celle

Ein livssyklus blir definert som ulike vekst- og utviklingsfasar for ein organisme. Du kjenner kanskje livssyklusen til ein sommarfugl? Sommarfuglen startar livet som larve før han blir forma om til ei puppe og til slutt endar opp som eit vakse individ – ein sommarfugl.

På liknande måte som sommarfuglen gjennomgår cella ulike fasar. Livssyklusen til cella blir gjerne delt inn i to hovudfasar: interfasen og delingsfasen. Cella bruker mesteparten av livet sitt i interfasen, der ho utviklar seg, veks og førebur seg til formeiring ved celledeling.

Video: Kristin Bøhle, Camilla Øvstebø / CC BY-NC-SA 4.0

Interfase – vekstfasen til cella

Etter at ei ny celle er danna, begynner ho å vekse seg større. Når cella har oppnådd riktig storleik, vil ho førebu seg til celledeling. Då vil ho først lage kopiar av alle organellane og deretter ein fullstendig kopi av det genetiske arvestoffet (DNA). Etter vidare vekst er cella klar for celledeling og går inn i delingsfasen.

Delingsfase – når éi blir til to

I delingsfasen fordeler cella dei kopierte organellane og arvestoffet på kvar sin cellehalvdel. Dette er ein nøye kontrollert prosess som skjer i fleire steg. Hos fleircella organismar går denne fordelinga føre seg på to ulike måtar:

  • Mitose – vanleg celledeling. Mitose skjer i alle celler bortsett frå kjønnscellene hos organismar med .

  • Meiose – òg kalla reduksjonsdeling. Meiose er naudsynt for danning av kjønnsceller, og skjer berre i spesielle celler hos organismar med kjønna formeiring.

Sjølve delinga der ei celle blir splitta og blir til to nye celler, kallar vi cytokinese. Cytokinese er det siste steget i celledelinga ved både mitose og meiose.

Delinga skjer på ulike måtar i dyreceller og planteceller. I dyreceller blir det danna ein ring av protein, , i midten av cella. Ringen trekkjer seg saman og snører dermed av den opphavlege cella, slik at ho blir til to nye celler.

Sidan planteceller har ein ytre cellevegg, må sjølve delinga av cella skje på ein annan måte hos plantar. Her er det vesiklar med celleveggmateriale som samlar seg langs midten av cella, smeltar saman og dannar ein ny cellevegg midt på den opphavlege cella. På den måten blir det danna to nye celler.

Ein sirkel av liv

Etter ferdig celledeling kan dei to nye cellene gå inn i kvar sin nye livssyklus eller gå inn i kvilefase (G0). I kvilefase er cella inaktiv, men ho kan aktiverast ved ulike signal som fører cella tilbake til interfasen og vidare til celledeling.

Lengda på ein livssyklus varierer frå celletype til celletype. Nokre celler formeirar seg raskt, til dømes celler som deltek i embryoutviklinga, mens andre celler, til dømes nerveceller, deler seg sakte eller aldri.