Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Forsøk: Meiose i pollenknapp

Har du nokon gong tenkt at det kunne vere spennande å studere formeiringsorgana til ein plante? I dette forsøket skal du bruke formeiringsorgana til ein plante for å studere celledeling ved meiose.
Celler i ulike stadium av celledeling ved meiose. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Føremål

Føremålet med forsøket er å bli kjend med korleis ulike celler deler seg. I dette forsøket skal du studere celledeling ved meiose. Klarer du å skilje dei ulike fasane frå kvarandre?

Tillaging av fargeløysning
  1. Varm opp 50 ml eddiksyre (45 %) nesten til kokepunktet, og tilset 1 gram orcein.

  2. Rist løysninga godt, og avkjøl til romtemperatur.

  3. Filtrer løysninga. Sidan orcein er tungt oppløyseleg, kan det vere ein fordel med foldefilter. Du må filtrere 2–3 gonger før løysninga er klar til bruk.

    Løysninga er haldbar i eitt år i kjøleskåp, men må filtrerast før bruk.

Del 1. Hauste inn og fiksere plantemateriale

  1. Haust inn firblad. Du kan fryse planten slik han er, viss han ikkje skal brukast med det same.

    • Fikser planten ved å late han stå kaldt i minst 2 timar i ei løysning av etanol og eddiksyre (blandingsforhold 3:1).

    • Dersom planten skal stå lenger enn eit døgn, må han overførast til etanol (70 %). Dette vil gjere plantematerialet stivt, men du kan få bort stivleiken igjen ved å tilføre eddiksyre rett før bruk.

  2. Celledelinga hos firbladpopulasjonen er synkron, det vil seie at cellene hos alle individa i same populasjon deler seg samtidig. Det kan derfor vere spennande å studere ulike stadium av celledelinga ved å oppbevare det innhausta plantematerialet ved ulike temperaturar, til dømes noko ved romtemperatur og noko i kjøleskåp.

Firblad, Paris quadrifolia

Plante med fire grøne blad på stilken. Oppe på toppen av stilken er det eit lilla bær med grøne og gule blad som stikk ut. Foto.

Firblad er ein relativt vanleg plante som spirer tidleg om våren. Planten kjem opp som ein rull, og du kjenner ein klump inni rullen dersom planten har haploide formeiringsorgan, pollenknapp og fruktknute. Desse kan brukast til å studere meiose.

Firblad er ein diploid organisme med 20 store kromosom som er lette å sjå og telje.

Del 2. Studere celledeling ved meiose

  1. Legg ein pollenknapp i ein drope eddiksyre på eit objektglas.

  2. Kutt av spissen på pollenknappen, og klem ut innhaldet med ei pirkenål.

  3. Tilset 3–4 dropar fargeløysning, og legg på dekkglas.

  4. Snu objektglaset på hovudet mot eit filtrerpapir, og klem godt med tommelfingeren, slik at overflødig farge blir trekt ut og cellene blir pressa flate. NB! Pass på at glaset ikkje sklir, og at du ikkje pressar så hardt at du knuser dekkglaset.
  5. Lat preparatet kvile nokre minutt, slik at fargen får sett seg på kromosoma.

  6. Sjå på preparatet under mikroskopet med låg forstørring. Auk forstørringa når du har fått eit skarpt bilete.

    • Kan du sjå nokon kromosom?

    • Klarer du å finne nokon celler i deling?

  7. Ta bilete med mobiltelefonen gjennom okularet.

  8. Lag tilsvarande preparat for kvar av dei ulike temperaturane de har oppbevart plantemateriale ved.

    • Kan du sjå ulike fasar av celledelinga?

Del 3. Resultat og spørsmål

  • Set saman ein biletserie av dei ulike celledelingsfasane du har observert. Til kvart bilete skriv du ein kort tekst som beskriv hovudtrekka ved kva som skjer i kvar fase.

  • Forklar forskjellen mellom mitose og meiose.

  • I forsøket har de studert ein plante. Forklar likskapar og forskjellar ved meiose hos dyr og plantar.

  • Kvifor brukte du pollenknappen til planten for å studere meiose?

  • Forklar korleis desse cellene kan gi opphav til ein heil organisme.

  • Kvifor trur du meiosen hos ein firbladpopulasjon er synkron?

Nysgjerrigper!

Alle individ av same art har like mange kromosom, men ulike artar kan ha veldig ulikt kromosomtal. Vi menneske har til dømes 46 kromosom i alle kroppsceller, mens firblad berre har 20 kromosom. Finn ut meir om kromosomtal hos ulike artar.

Kvifor varierer talet på kromosom hos ulike organismar?

Relatert innhald

CC BY-SASkrive av Skolelaboratoriet for biologi, UiO.
Sist fagleg oppdatert 31.08.2021

Læringsressursar

Celledeling