Hopp til innhald
Fagartikkel

Samandrag – celledeling

Dette samandraget gir deg oversikt over det viktigaste fagstoffet i emnet celledeling.

Livet til ei celle

Livssyklusen til ei celle beskriv cella sitt liv – frå ho blir til, og fram til ho sjølv er klar for reproduksjon ved celledeling.

Livssyklusen til cella har to hovudfasar:

  • Interfasen – der cella veks og førebur seg på celledeling ved å kopiere det genetiske arvestoffet sitt.

  • Delingsfasen – der cella fordeler dei kopierte organellane og arvestoffet til kvar sin cellehalvdel gjennom celledeling, og splittar cella til to nye celler ved cytokinese.

Celledeling – éi blir til to

Det er to typar celledeling: mitose og meiose.

Mitose – vanleg celledeling

Mitose er når éi celle deler seg og blir til to heilt identiske celler.

  • Eincella organismar bruker mitose til å formeire seg.

  • Hos fleircella organismar skjer mitose til kvar tid i heile kroppen og gjennom heile livet. Dei nye cellene som blir danna, skal gi vekst og erstatte celler som er skadde eller utslitne.

  • Hos menneske inneheld dottercellene 46 kromosom.

Meiose – danning av kjønnsceller

Meiose er naudsynt for danning av kjønnsceller, altså eggceller og sædceller, og skjer berre i spesielle celler.

  • Kjønnsceller inneheld berre halvparten så mange kromosom som vanlege celler. Hos menneske inneheld kjønnscellene 23 kromosom.

  • Cella som skal bli til ei kjønnscelle, må derfor dele seg to gonger.

  • På grunn av overkryssing og den tilfeldige fordelinga av homologe kromosom er kvar kjønnscelle unik.

  • Kjønnsceller deler seg ikkje vidare.

Regulering av livssyklusen til ei celle

Når og kor ofte ei celle skal dele seg, blir regulert av cella sitt eige kontrollsystem.

  • Kontrollsystemet består av ulike sjekkpunkt i alle fasar av livssyklusen av cella.

  • Mengda kontrollprotein og signalmolekyl i miljøet rundt cella avgjer om cella kan passere eit sjekkpunkt eller ikkje.

  • Kontrollen skal hindre at defekte celler deler seg.

  • Kreft er ukontrollert celledeling.

Den siste fasen i livet

Det finst to typar celledød:

  • Apoptose (programmert celledød): Cella set sjølv i gang mekanismar som gjer at cella døyr. Dette er ein viktig del av vekst og utvikling hos fleircella organismar.

  • Nekrose (tilfeldig celledød): Cella blir utsett for ulike skadar, og cellemembranen blir øydelagd. Immunforsvaret til organismen blir informert og fjernar øydelagde celler.