Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Refleksjonsoppgåver om celledeling

Her skal du jobbe med å forstå cella og sjå samanhengar mellom celler, cellestrukturar og organismar. I emnet om celledeling er det viktig å reflektere over og forstå korleis regulering av celledeling er viktig for vekst og reparasjon i fleircella organismar.
Ulike stadium i celledeling. Illustrasjon.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Oppgåver

  1. Kvar kjem celler frå?

  2. Korleis kan ein organisme gå frå å vere éi einaste celle, ein zygote, til å bestå av milliardar av celler?

  3. Tenk gjennom kva som blir meint med sitatet under. Diskuter gjerne med ein medelev.

    Where a cell exists, there must have been a preexsisting cell, just as the animal arises only from an animal and the plant only from a plant.
    (Rudolf Virchow, 1855)

  4. Kvifor går enkelte celler i kvilefase, G0, i staden for å gjennomgå ein ny livssyklus?

  5. Forklar kva forskjellar og likskapar det er mellom plantar og dyr i det siste stadiet av celledelinga, cytokinese.

  6. Kva prosessar fører til at ei celle kan bli til ei kreftcelle?

  7. Deler alle celler seg i same fart hos barn og vaksne? Grunngi svaret ditt.

  8. Kva gjer cella når ho ikkje deler seg?

  9. Korleis veit celler når dei skal dele seg, og når dei skal slutte å dele seg? Må celler slutte å dele seg?

  10. Kvifor seier vi at ein zygote utgjer éi celle, når han har blitt danna av at éi sædcelle har smelta saman med éi eggcelle?

  11. Kvifor blir søsken som oftast ulike sjølv om dei har same far og mor?

  12. Dei fleste cellene i kroppen din har ein diameter på 10–20 mikrometer (0,000 001 meter). Korleis er det då mogleg at DNA-molekylet i eitt kromosom kan vere opptil 5 cm langt?

  13. Forklar korleis ein spermatocytt utviklar seg for å bli til ei sædcelle.

  14. Viss du uheldigvis bit deg i leppa, eller skrapar opp kneet, vil såret etter nokre dagar vere heilt bra igjen. Forklar kva som skjer.

  15. Du mister 30 000–40 000 døde hudceller kvart minutt. Finn ut kor mange nye celler kroppen må produsere i løpet av ein dag.

  16. Då du blei til, smelta éi sædcelle og éi eggcelle saman og danna ein zygote: den første cella av deg. Du består i dag av omtrent 40 tusen milliardar celler. Finn ut kor mange celledelingar som skjer i deg kvar einaste dag.

  17. Kjemoterapi, også kalla cellegift, er ei medisinsk behandling som blir nytta mot fleire typar kreft. Eit medikament som blir brukt ved kjemoterapi, er Vincristine. Finn ut kva for ein sentral struktur i celledeling dette medikamentet påverkar, og kva effektar dette vil ha for celledelinga.

CC BY-SASkrive av Camilla Øvstebø , Mary Ann Clark, Jung Choi og Matthew Douglas. Rettshavar: Openstax, Rice University
Sist fagleg oppdatert 04.10.2021

Læringsressursar

Celledeling