Binær fisjon
For eincella organismar er celledeling den einaste måten dei kan formeire seg og produsere nye avkom på. Når organismen får ein viss storleik, deler han seg på midten og blir til to åtskilde organismar. Dei to nye organismane inneheld same arvestoff og er dermed genetiske kopiar av kvarandre.
Bakteriar og andre prokaryote organismar formeirar seg vanlegvis ved todeling. Det same gjeld nokre eukaryote organismar som eincella dyr og nokre enkle fleircella dyr.
Eukaryote organismar kan dele seg i to ved mitose, på same måte som kroppscellene våre deler seg. Prokaryote organismar deler seg i to ved binær fisjon.
Prokaryote organismar består av berre éi prokaryot celle. Prokaryote celler er svært enkle samanlikna med eukaryote celler. Dei har få indre strukturar og organellar, er utan cellekjerne, og har berre eitt sirkulært kromosom som flyt fritt i cytosol. Ein ytre cellevegg beskyttar organismen. Denne enkle oppbygginga gjer at prokaryote organismar kan dele seg ved binær fisjon.
Celledeling ved binær fisjon
Binær fisjon er ei form for celledeling der den prokaryote cella deler seg på midten og blir til to åtskilde organismar som er genetiske kopiar av kvarandre.
Ei prokaryot celle med eit sirkulært kromosom og små, runde plasmid.
Før den prokaryote cella kan dele seg, må det sirkulære kromosomet og eventuelle plasmid kopierast. Etter at DNA-et er kopiert, utvidar cella seg, og dei to DNA-kopiane blir trekte til kvar sin ende av cella. Ved binær fisjon er det ikkje behov for spindlar, som er sentrale i celledelinga hos eukaryote celler.
Protein samlar seg i midten av den utvida cella for å byggje opp ny cellemembran og cellevegg. Når den nye celleveggen er på plass, deler den opphavlege cella seg og blir til to åtskilde celler.
To nye prokaryote celler (dotterceller) er danna. Dei to cellene inneheld same arvestoff og er genetiske kopiar av kvarandre.
Sidan prosessen ved binær fisjon er enklare enn celledeling ved mitose og meiose, kan prokaryote celler dele seg mykje raskare enn eukaryote celler.
Når og kor ofte ein prokaryot organisme deler seg, avheng av omgivnadene. Når miljøforholda ligg til rette for det, kan talet på prokaryote organismar auke kraftig i løpet av kort tid. Dette påverkar generasjonstida. For enkelte prokaryote artar kan ho vere på berre nokre minutt.
Tenk gjennom!
Viss forholda er gunstige, kan Escherichia coli (E. coli-bakteriar) dele seg kvart 20. minutt. Kan du rekne ut kor mange generasjonar med E. coli-bakteriar det vil gi etter eit døgn?
Binær fisjon gir ingen genetisk variasjon. Tilfeldige mutasjonar bidreg til å danne genetisk ulike individ blant dei prokaryote organismane. Prokaryote organismar har òg spesielle mekanismar for å overføre arvestoff til kvarandre. Desse mekanismane er:
konjugasjon
transformasjon
transduksjon
Rask celledeling, kort generasjonstid, mutasjonar og ulike mekanismar for utveksling av genetisk materiale gjer at prokaryote organismar lett tilpassar seg endringar i omgivnadene.
OpenStax (2018). Prokaryotic Cell Division. Henta 14. januar 2022 frå https://openstax.org/books/biology-2e/pages/10-5-prokaryotic-cell-division