Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Oppgåver til film om celledeling

Observer celledeling gjennom mikroskopet ved å sjå denne filmen om celledeling. Jobb med filmen og med korleis ulike celler deler seg, både individuelt og felles i klassen.

Del 1. Sjå filmen

Del 2. Individuelle oppgåver til filmen

  1. Kva observerte du? Filmen inneheld mykje informasjon. Prøv å trekkje ut så mykje som mogleg.

  2. Sjå filmen ein gong til, gjerne med veldig låg hastigheit (0,5x). Legg du merke til noko meir?

    • Kva celletypar ser du i filmen?

    • Kor ofte deler dei ulike cellene seg?

    • Kan du seie noko om storleiken på dei ulike celletypane?

    • Kva cellestrukturar kan du observere?

Del 3. Diskuter filmen i klassen

Vi observerer og legg merke til ulike ting. Derfor er det ofte fint å diskutere med andre. Diskuter filmen i klassen, og lag gjerne ei felles oppsummering av det de har observert.

Del 4. Vidare arbeid

  1. Tenk deg at det er du som har teke opp denne filmen gjennom mikroskopet. Lag to ulike beskrivingar av filmen:

    1. ei fagleg forklaring der målgruppa er andre biologielevar

    2. ei forklaring som kan passe til kven som helst uavhengig av fagleg bakgrunn

  2. Finn ut korleis dei to celletypane over deler seg. Deler dei seg på same måte? Forklar eventuelle likskapar og forskjellar.

  3. Lag ein skala der du presenterer relativ storleik på dei to celletypane ved å samanlikne dei med ting som ikkje er mikroskopiske.

  4. Lag ei grafisk framstilling som viser kor ofte dei to celletypane deler seg.

  5. I den øvste delen ("Animal cells") er det HeLa-celler som deler seg. Finn ut meir om HeLa-celler. Kva er spesielt med desse cellene?

  6. Drøft denne påstanden: "Celledeling er reproduksjon av celler."

CC BY-SASkrive av Camilla Øvstebø.
Sist fagleg oppdatert 29.09.2021

Læringsressursar

Celledeling