Hopp til innhald

Celler

Celler er byggjesteinane i alt levande, frå enkle eincella organismar til meir komplekse organismar som oss menneske. Kunnskap om celler er derfor heilt sentralt i biologi. Her skal du få innsikt i mange av dei fascinerande og livsviktige prosessane som går føre seg i og mellom cellene.

Celledeling

Celledeling vil seie at ei celle deler seg og blir til to nye celler. Vi skil mellom to typar celledeling: mitose og meiose. Celledeling er ein sentral del av vekst, utvikling og reparasjon i fleircella organismar og er derfor nøye kontrollert av cella sitt eige kontrollsystem.