Hopp til innhald

Fagstoff

Tekstbaserte kommandoar i Linux

Tekstbaserte brukargrensesnitt er uvanleg for vanlege brukarar, men er viktige for mange som driv med utvikling og serverdrift. Styring gjennom tekstkommandoar gir enorm fleksibilitet og låg ressursbruk, men tek tid å bli vand med.
Liste over filer som er i wordpress-mappa. Skjermbilete av tekstbasert brukargrensesnitt i Linux
Opne bilete i eit nytt vindauge

Arbeid mot eit tekstbasert brukargrensesnitt krev tovegs kommunikasjon. Brukaren sender kommandoar til systemet, og systemet sender tilbake resultat eller spørsmål. Det er derfor viktig både å vite korleis ein sender kommandoar som systemet forstår, og korleis ein tolkar tilbakemeldingane.

I denne artikkelen blir døme vist ved hjelp av Bash, som er den leiande varianten av tekstbaserte styringssystem for Linux.

Tolke ledetekst (command prompt)

Når maskina er ferdig logga på lokalt eller gjennom terminal/SSH, byrjar systemet med ein gong å gi oss informasjon. For Ubuntu Linux blir ofte først ei linje lik ho under vist.

Bash

1bruker@webserver:~$ 

Denne linja gir oss fleire delar med informasjon som kan vere nyttige. Ho fortel kva brukar som er logga på og aktiv, og kva maskin som er logga på. Vidare får vi beskjed om kvar i filsystemet vi er.

Tilde-teiknet "~" seier at brukaren er plassert i si eiga heimemappe. Til sist blir det vist eit blinkande felt som viser at maskina ventar på kommando frå brukaren.

Ledetekst Linux. Illustrasjon
Opne bilete i eit nytt vindauge

Tilbakemeldinga vi får gjennom ledeteksten, forandrar seg etter kvart som vi byter brukar, tilkopla maskin og plassering i filsystemet. Prøv dette ved å skrive inn kommandoen under:

Bash

1cd /
Utklipp frå skjerm som viser resultatet av å køyre kommandoen "cd /".
Opne bilete i eit nytt vindauge

Kommandoen flyttar deg til rotmappa ( / ). Dette er det øvste nivået i Linux filsystem. Som du kan sjå på biletet under, forandra ledeteksten seg frå "~" til "/" fordi vi no er i rot-katalogen.

For å gå tilbake til heimekatalogen kan følgjande kommando brukast:

Bash

1cd ~

Oppbygging av Linux-kommandoar

Mykje av styrken og fleksibiliteten med eit tekstbasert brukargrensesnitt er korleis kommandoar kan modifiserast med tillegg og parametrar.

Bash

1ip addr

Kommandoen over kan delast inn i følgjande delar:

Kommando i Linux. Illustrasjon.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Programmet "ip" blir køyrt med parameteren "addr". Dette vil gi oss IPv4 og IPv6-adressene til nettverkskorta i maskina.

Kommandoen "ip addr" blir brukt, maskinen listar så opp IP-adressa som er på kvart enkelt nettverkskort og noko ekstra informasjon. Skjermbilete
Opne bilete i eit nytt vindauge

Kommandoen kan utvidast på fleire måtar. Ein vanleg måte å utvide på kan vere å redirekte svaret til ei fil:

Bash

1ip addr > /home/bruker/ipadresse.txt

Kommandoen har då dei delane som blir viste i biletet under.

Linuxkode 2. Illustrasjon
Opne bilete i eit nytt vindauge

For å sjå på innhaldet i fila kan vi bruke følgjande kommando:

Bash

1nano /home/bruker/ipadresse.txt

Denne køyrer programmet Nano, som er eit skriveprogram, og opnar fila som nettopp blei laga.

Tekstbasert editor delt i tre. Øvst namnet på programmet og filplassering, så innhaldet i dokumentet. Nedst er to linjer med hurtigtastar. Skjermbilete.
Opne bilete i eit nytt vindauge

For å komme ut av skriveprogrammet Nano trykkjer du (Ctrl + X). Viss du har gjort forandringar i dokumentet, blir du spurt om du ønskjer å lagre forandringane.

CC BY-SASkrive av Tron Bårdgård.
Sist fagleg oppdatert 13.11.2020

Læringsressursar

Enkeltressursar for oppsett av Wordpress