Hopp til innhald

Fagstoff

Navigere tekstbasert i Linux

Grafisk brukargrensesnitt blir brukt av dei fleste system som vanlege brukarar møter. For serverar sparer vi ressursar og får betre tilgang til alle funksjonane til maskina viss vi bruker tekstbasert styring.
Illustrasjon av ein smilande pingvin som sit ved sida av ein pc med grønn koding på skjermen.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Virtuelt filsystem i Linux

For å kunne navigere seg rundt er det viktig å forstå korleis filsystemet er strukturert. Ulike operativsystem handterer dette ulikt. Til dømes har Windows operativsystem eit separat filsystem for kvar enkelt partisjon (ein harddisk kan ha éin eller fleire partisjonar).

Synlege partisjonar får stasjonsbokstav (til dømes C: eller D:), og kvar av desse har sitt eige filsystem. Som standard blir (C:)-partisjonen brukt til Windows-installasjonen, og her finn vi standard plassering for installerte program og heimeområde for brukarane. Men det er òg mogleg å leggje dette på andre partisjonar som kan vere på heilt andre diskar.

utklipp frå "min datamaskin" i Windows, viser to harddiskar (C: og E:) og ein Blue Ray-spelar (D:)

I Windows er det derfor fint mogleg å ha dokument med same namn og mappenamn så lenge dei ligg på ulike partisjonar. Til dømes (C:\dokumenter\tekstdokument.txt) og (E:\dokumenter\tekstdokument.txt).

Linux har handtert filsystemet på ein annan måte. Dei bruker eit virtuelt filsystem som startar på rot (/). Rotmappa (/) er montert til partisjonen med Linux-installasjonen. Under rotmappa ligg undermapper og filer i ein trestruktur på same måte som vi er vane med frå Windows.

Andre partisjonar og harddiskar kan monterast kvar som helst under rotmappa (/). Til dømes kan dette gjerast som i tabellen under:

Partisjon nr.

Monteringspunkt

Harddisk 1 Partisjon 1 (Linux-installasjonen)

/

Harddisk 2 Partisjon 1

/tryggingskopi

Harddisk 2 Partisjon 2

/tryggingskopi/kopi-av-kopi

Monteringspunkt til andre partisjonar blir styrte heilt av brukaren. Dette gir stor fleksibilitet, men kan vere forvirrande for brukarar som er vane med eit Windows-miljø.

For å vise fram filtreet som er i Linux kan vi bruke eit program som heiter tree. Bruk kommandoane under for å installere og køyre det. Det er sannsynleg at du må gi opp passord og også stadfeste installasjonen av programmet.

Bash

1sudo apt install tree
2tree / -L 1 -d

Resultatet ditt vil sannsynlegvis likne det som blir vist under. Her blir alle mapper under rot (/) lista opp. Dei lyseblå punkta er snarvegar som peikar til mapper som ligg ein annan stad i filsystemet.

Liste over mappene som ligg under rotmappa ( / ) i Ubuntu operativsystem. Skjermbilete
Opne bilete i eit nytt vindauge

Absolutte og relative adresser

Når du arbeider i eit tekstbasert brukargrensesnitt, treng du ofte å beskrive plasseringa av filer og mapper. Til no har vi gjort dette med absolutte adresser.

Ei absolutt adresse inneheld den fullstendige fil-adressa til ei fil eller mappe og startar dermed alltid med rotmappa (/).

I dømet under er vi logga på med ein brukar som heiter "brukar", og det ligg ei fil i heimemappa til denne brukaren som heiter "ipadresse.txt"

Viss ein skal opne denne fila i skriveprogrammet Nano ved hjelp av ei absolutt adresse, blir adressa som følgjande:

Bash

1nano /home/brukar/ipadresse.txt 

Viss brukaren "brukar" allereie står i heimemappa si (/home/brukar), så kan ei relativ adresse brukast i staden. Den relative adressa inneheld berre forskjellen i plassering frå kvar brukaren står når kommandoen blir brukt.

Bash

1nano ipadresse.txt

Viss fila hadde lege i ei undermappe frå kvar du står, til dømes (/home/brukar/filer), så vil den relative adressa vere:

Bash

1nano filer/ipadresse.txt

Fordelen med relative adresser er at dei tek mykje kortare tid å skrive inn. Ulempa er du må vere på riktig stad i filsystemet for at dei skal fungere.

Viktige kommandoar for navigering i Linux

Sjå plassering i filsystemet

Som oftast vil plasseringa di vere mogleg å lese ut av ledeteksten som maskina gir deg. Men viss dette ikkje er tilgjengeleg, kan kommandoen (pwd) brukast for å få fram plasseringa i filsystemet.

Komandoen pwd blir køyrt, og datamaskina gir svar tilbake at brukaren er i mappa /home/brukar. Skjermbilete
Opne bilete i eit nytt vindauge

Flytte plassering i filsystemet (change directory)

Når du loggar deg inn i Linux, vil plasseringa di mest sannsynleg vere heimemappa til brukaren din, til dømes (/home/brukar). For å flytte deg til andre mapper i filsystemet kan du bruke kommandoen (cd) følgd av plassering du ønskjer å flytte til.

Det er mogleg å bruke både relative og absolutte adresser når du skal navigere deg rundt. Men for å vere tydeleg vil døma bli viste med absolutte adresser.

I dømet under står brukaren i heimemappa si (/home/brukar) og flyttar seg over til mappa (/etc/dhcp).

Bash

1cd /etc/dhcp

I skjermbiletet under ser vi resultatet av kommandoen.

terminalfelt med kommandoen "cd /etc/dhcp" Skjermbilete
Opne bilete i eit nytt vindauge

Liste opp filer og mapper

Kommandoen (ls) lister opp innhaldet i mapper. I den enklaste forma si listar denne opp alle filer og undermapper frå den mappa du står i. Kommandoane i dømet under flyttar den pålogga brukaren til rot (/) og køyrer så (ls)-kommandoen.

Bash

1cd /
2ls

Resultatet kan bli noko slik som du ser under.

Liste over undermapper og filer som ligg i rotmappa. Skjermbilete
Opne bilete i eit nytt vindauge

For meir informasjon kan du bruke tillegg som (-la) for å få meir detaljert informasjon.

Bash

1ls -la

Resultatet frå denne kommandoen kan sjå ut som på biletet under.

Lang liste med filer og mapper. Skjermbilete
Opne bilete i eit nytt vindauge

Det er òg mogleg å liste opp innhald i mapper du ikkje står i ved hjelp av ei absolutt adresse:

Bash

1ls /etc
CC BY-SASkrive av Tron Bårdgård.
Sist fagleg oppdatert 02.11.2020

Læringsressursar

Enkeltressursar for oppsett av Wordpress