Hopp til innhald

Fagstoff

Opprett virtuell maskin i Hyper-V

Å opprette virtuelle maskiner i Hyper-V er enkelt. Du opprettar dei i Hyper-V Manager.
Serverrack med ei berbar datamaskin ståande oppå. Skjermen viser Server Manager. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

1. Opne Hyper-V Manager

Gå til Server Manager, bruk "Tools"-menyen oppe til høgre, og vel Hyper-V Manager.

Du kjem no inn i Hyper-V Manager, som er eit verktøy som styrer dei fleste aspekta av Hyper-V.

Hovudvindauget er delt i tre kolonnar. I venstre kolonne ser vi først ei liste over tilknytte serverar. I eit testoppsett er det sannsynlegvis berre éi maskin som blir vist her. I midten er det ei liste over virtuelle maskiner på den valde serveren. Til høgre er det ei liste over handlingar (actions) som kan utførast.

Skjermvindauge frå Hyper-V Manager. Tre kolonnar er viste. Til venstre er det ei oversikt over Hyper-V-maskiner. Lista har berre éi oppføring: Labserver. I midtkolonnen ser vi virtuelle maskiner og detaljar. Desse er tomme. I høgre kolonne er det ei liste over moglege handlingar, som å opprette ei virtuell maskin, starte, stoppe og så vidare. Skjermbilete.

2. Juster virtuell svitsj

Under installasjonen av Hyper-V vart det oppretta ein virtuell svitsj, og denne vart kopla til det fysiske nettverkskortet på serveren. Før vi opprettar virtuelle maskiner, er det lurt å sjå over innstillingane som vart sette.

I "Actions"-menyen til høgre i Hyper-V Manager vel du Virtual Switch Manager. Når det nye vindauget opnar seg, vil det starte ein rettleiar for å opprette ein ny virtuell svitsj. Det skal vi ikkje gjere heilt enno.

Skjermbilete med to kolonnar. På toppen til venstre er det eit val for å opprette ein ny virtuell svitsj. Under er det ei liste over eksisterande virtuelle svitsjar. Til høgre blir rettleiaren for å opprette ein virtuell svitsj vist. Skjermbilete.

I venstre kolonne ser vi eksisterande virtuelle svitsjar.

Den virtuelle svitsjen som blir oppretta når du installerer Hyper-V, vil få namn etter det fysiske nettverkskortet til maskina. I dømet over er dette "Intel(R) Ethernet Connection I219-…".

Vel den virtuelle svitsjen som allereie er oppretta hos deg. Du skal no få opp ei oversikt som liknar den på biletet under.

Ei tilrådd justering er å forenkle namnet til det virtuelle nettverket, til dømes til "Virtuell svitsj" eller "Virtual Switch". (Dersom du skal ha fleire virtuelle svitsjar, bør namna forklare kva nettverket skal brukast til.)

Du kan òg sjå i konfigurasjonen kva fysisk nettverkskort som er tilkopla, typen virtuelt nettverk og VLAN-innstillingar. Standardinnstillingane er sannsynlegvis korrekte. Trykk på "OK" for å lagre endringane.

Skjermbilete som viser innstillingane til den virtuelle svitsjen. Skjermbilete.

3. Køyr rettleiaren for oppretting av ny virtuell maskin

Oppe til høgre i Hyper-V Manager vel du "New". I undermenyen som blir vist, vel du "Virtual Machine …".

No vil du få opp ein rettleiar for å opprette ei ny virtuell datamaskin. På den første sida får du litt generisk informasjon. Når du har lese dette, trykker du på "Next" for å gå vidare.

Skjermvindauge med to kolonnar. Til venstre er det ei liste over stega i rettleiaren. I hovudvindauget til høgre er det informasjon om det steget rettleiaren er på. Steget som blir vist på biletet, er innleiande informasjon. Skjermbilete.

Vel namn og plassering for den virtuelle maskina

På neste side av rettleiaren, som heiter "Specify Name and Location", må du setje eit namn på den virtuelle maskina. Bruk eit beskrivande namn, til dømes "UniFi Kontroller", "Webserver" eller "Wordpress Server".

Du kan òg justere kvar konfigurasjonsfilene til den virtuelle maskina skal plasserast på vertsmaskina. Dersom du sette opp dette då du installerte Hyper-V, kan du berre trykke på "Next" og gå vidare.

Vel virtualiseringsgenerasjon

I enkel virtualisering veit ikkje gjesteoperativsystemet (det som er installert på den virtuelle maskina) at det køyrer på virtuell maskinvare. Om vi etablerer tovegskommunikasjon mellom gjesteoperativsystemet og hypervisoren, kan den virtuelle maskina få betre tilgang til maskinvara, og maskinressursane kan brukast meir effektivt. Vi kan opprette kontakt mellom gjesteoperativsystemet og hypervisoren med ein ekstra drivar eller spesialprogramvare, eller det kan vere direkte støtta i gjesteoperativsystemet.

Microsoft har definert to virtualiseringsgenerasjonar.

I eit testoppsett er "Generation 1" praktisk å bruke fordi det fungerer med dei aller fleste operativsystem. (Obs: Dersom du skal setje opp ei virtuell maskin som skal køyre Windows 11, må du velje generasjon 2.)

I driftsmiljø bør ein bruke "Generation 2" der det er mogleg (der gjesteoperativsystemet støttar det). Med "Generation 2" blir maskinressursane utnytta best mogleg, og den virtuelle maskina kan køyre mest mogleg effektivt.

Microsofts virtualiseringsgenerasjonar
  • "Generation 1" krev ikkje tovegskontakt mellom gjesteoperativsystemet og hypervisoren, men støttar noko av slik kommunikasjon dersom dei rette drivarane er lagde inn i gjesteoperativsystemet. "Generation 1" vil fungere for dei aller fleste gjesteoperativsystem, både 32 og 64 bit, og slike som ikkje har UEFI-støtte (men forventar BIOS).

  • "Generation 2" er berre for gjesteoperativsystem som har innebygd støtte for tovegskommunikasjon med hypervisoren. Alle desse bruker UEFI og er 64-bit-baserte operativsystem. Dette gjeld nyare Windows Server-versjonar og nokre nyare Linux-distribusjonar. Ei liste over operativsystem som støttar "Generation 2", finn du på nettet.

Vel generasjon, i dei fleste testoppsett vil dette vere "Generation 1", og trykk på "Next".

Skjermvindauget viser eit steg i rettleiinga der det er to val: Generation 1 eller Generation 2. Generation 1 er vald, og musepeikaren er over Next-knappen. Skjermbilete.

Bestem mengda arbeidsminne til den virtuelle maskina

På neste side skal du bestemme kor mykje av arbeidsminnet til vertsmaskina (RAM) som skal gjerast tilgjengeleg for den virtuelle maskina.

Her må du avvege mellom kapasiteten til vertsmaskina og kor mykje minne som trengst til gjesteoperativsystemet og programvara som skal køyre.

Døme på minimumsmengde arbeidsminne for forskjellige OS og bruk
  • Ubuntu-server (utan grafisk brukargrensesnitt) og webserver for WordPress: 1024 MB

  • Ubuntu-server (utan grafisk brukargrensesnitt) med UniFi/Omada-kontrollerprogramvare: 2048 MB
  • Ubuntu Desktop (med grafisk brukargrensesnitt) og webserver for WordPress: 2048 MB

  • Windows 10/11 utan anna programvare: 2048 MB

  • Windows 10/11 med LAMP-server for WordPress: 4096 MB

  • Windows-server (Core, utan grafisk brukargrensesnitt): 1024 MB

  • Windows-server (Desktop Experience, med grafisk brukargrensesnitt): 2048 MB

Om "Dynamic Memory"

Om du kryssar av for "Use Dynamic Memory for this virtual machine", blir "Dynamic Memory" aktivert. Dette er ein funksjon som òg går under namnet "memory ballooning", og som lar hypervisoren omdisponere ubrukt arbeidsminne frå den virtuelle maskina til andre formål.

Den virtuelle maskina ser ikkje reduksjonen av minne og får minnet tilbake ved behov.

"Dynamic Memory" er spesielt nyttig for serverar som skal køyre fleire virtuelle maskiner og fleire tenester.


Skriv inn mengda arbeidsminne den virtuelle maskina skal få. Aktiver "Use Dynamic Memory …" og trykk på "Next".

Legg merke til at rettleiaren forventar ein verdi gitt i MB.

Dersom den virtuelle maskina til dømes treng 4 GB RAM, må du skrive inn 4096 MB.

Skjermvindauge med tittelen Assign Memory. Vindauget har felt der ein kan skrive inn kor mange MB med RAM den virtuelle maskina skal ha. I biletet er det skrive inn 2048. Under er det haka av for å skru på dynamisk minne. Musepeikaren er over Next-knappen nedst nede. Skjermbilete.

Konfigurer nettverk

På neste side kan du kople ein virtuell svitsj til den virtuelle maskina. Vi tilrår at du gjer dette og trykker på "Next".

Skjermvindauge med tittelen Configure Networking. Ein nedtrekksmeny har vala Not Connected og Virtual Switch, som er det virtuelle nettverket som er sett opp. Musepeikaren er over Virtual Switch. Skjermbilete.

Konfigurer virtuell harddisk

Den virtuelle maskina vil trenge ein virtuell harddisk. Forslaget til namn på den virtuelle harddisken er basert på namnet på den virtuelle maskina og er ofte heilt greitt.

Vurder om den foreslåtte plasseringa ser grei ut.

Når du bestemmer kor mykje plass du skal setje av til den virtuelle harddisken, må du sjå på kor mykje ledig plass det er på den fysiske harddisken, og kor mykje den virtuelle maskina har behov for.

Døme på vanlege mengder lagringsplass for forskjellige operativsystem og tenester
  • Ubuntu-server med UniFi/Omada-kontroller: 15 GB

  • Ubuntu-server med webserver og Wordpress: 20 GB

  • Windows 10/11: 40 GB

  • Windows-server: 40 GB

I nokre tilfelle kan det vere aktuelt å bruke ein eksisterande virtuell harddisk eller å utsetje å opprette ein virtuell harddisk til seinare. Med mindre du veit at du har behov for ein virtuell harddisk, kan du trykke på "Next" og gå vidare.

Skjermvindauge med tittelen Connect Virtual Hard Disk. Det inneheld felt for å setje namn på den virtuelle harddisken, for plassering og for storleik. Ein kan også velje å bruke ein eksisterande virtuell harddisk eller å setje det opp seinare. Skjermbilete.

Vel eventuelt installasjonsmedium

På neste side kan du velje installasjonsmediet (ISO-fila) som skal brukast til å installere gjesteoperativsystemet.

Dette kan du hoppe over i første omgang. Marker feltet "Install an operating system later" og trykk på "Next" for å gå vidare.

Sjekk konfigurasjon og start opprettinga

På siste side av rettleiaren får du ei kort oppsummering av konfigurasjonen. Gå gjennom denne og trykk på "Finish" for å opprette den virtuelle maskina. Opprettinga tek vanlegvis nokre få sekund, og du blir då send tilbake til Hyper-V Manager.

Skjermvindauge med oppsummering av konfigurasjon. Musepeikaren er over knappen Finish. Skjermbilete.

4. Finjuster den virtuelle maskina

I midtkolonnen på hovudsida i Hyper-V Manager skal du no få opp den virtuelle maskina du nettopp har sett opp. Høgreklikk på ho med musepeikaren og vel "Settings".

Hovudvindauget til Hyper-V Manager. I midtre kolonne er det ei liste over virtuelle maskiner som er oppretta. Éi maskin er på lista og er markert med musepeikaren. Skjermbilete.

Gi den virtuelle maskina tilgang til fleire prosessorkjernar

Gå til "Processor" og gi den virtuelle maskina tilgang til meir enn éin prosessorkjerne i feltet "Number of virtual processors", til dømes to eller fire.

Obs: Dersom den virtuelle maskina er skrudd på, er det nokre felt som ikkje kan justerast. Skru eventuelt av den virtuelle maskina i Hyper-V Manager ved å bruke knappen "Shut Down ..." frå høgre sidemeny.

Skjermvindauge med innstillingar for ei virtuell datamaskin. Ein kolonne til venstre viser forskjellige kategoriar som minne, prosessor og IDE-kontroller. Til høgre er det detaljar. Skjermbilete.

Aktiver automatisk oppstart

Nede til høgre i "Settings"-menyen trykker du på "Automatic Start Action". Som standard vil den virtuelle datamaskina starte opp automatisk dersom ho var slått på då vertsmaskina vart skrudd av. I eit testoppsett tilrår vi at du vel "Always start this virtual machine automatically" slik at den virtuelle maskina alltid startar opp når vertsmaskina startar opp.

Legg merke til at du òg kan legge inn forseinking på oppstarten. Dette er veldig praktisk dersom den virtuelle serveren er avhengig av andre virtuelle serverar/servertenester for å fungere. Då kan du legge inn ei forseinking slik at dei får tid til å starte opp før den virtuelle maskina startar opp.

Det kan òg vere nyttig å sjekke "Automatic Stop Action" for å sjå korleis den virtuelle datamaskina vil reagere når vertsmaskina får beskjed om å skru seg av.

Når du er ferdig med justeringane, trykker du på "OK" for å lagre og gå tilbake til hovudsida i Hyper-V Manager.

5. Gjer klart installasjonsmediet

Før den virtuelle maskina startar opp, må eit installasjonsmedium gjerast klart (som oftast ei ISO-fil). Last ned ISO-fila for operativsystemet du skal bruke på den virtuelle maskina. Legg ho gjerne i ei eiga mappe slik at filene er lette å finne igjen seinare.

6. Monter ISO-fila og start den virtuelle maskina

I Hyper-V Manager dobbeltklikkar du med musepeikaren over den virtuelle maskina i den midtre kolonnen. Nå opnar eit nytt vindauget seg der du kan fjernstyre den virtuelle maskina.

Trykk på "Media" øvst og deretter "DVD Drive". Vel "Insert Disk …".

Vel ISO-fila med operativsystemet du ønsker å installere.

Skjermvindauge med val på toppen og stort felt under der skjermbiletet til den virtuelle maskina vil visast. Skjermbilete.

Når du har valt ISO-fil, trykker du på "Start" i midten nede i det svarte området. Dette startar den virtuelle maskina, og installasjonen av operativsystem på den virtuelle maskina kan starte.

Skjermvindauge med område på toppen for å styre den virtuelle maskina. Under er eit stort område som viser skjermbilete frå den virtuelle maskina som er starta. Linjer med tekst viser at den virtuelle maskina er i ferd med å starte opp. Skjermbilete.

Relatert innhald

CC BY-SASkrive av Tron Bårdgård.
Sist fagleg oppdatert 11.10.2023

Læringsressursar

Enkeltressursar for oppsett av Wordpress