Hopp til innhald

Fagstoff

Installasjon av Hyper-V

I denne instruksjonen går vi gjennom installasjon av Hyper-V i Windows Server og justering av nettverksinnstillingar etter installasjonen.
Arbeidspult med headset, mus, PC, kaffikopp og ekstern skjerm. Skjermane viser ndla.no og Windows Server Manager. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Følg instruksjonane under for å installere rolla Hyper-VWindows Server.

1. Start rettleiaren for oppsett av ny rolle

Opne Server Manager (han er tilgjengeleg i startmenyen). Trykk på "Add roles and features".

Ein rettleiar med namn "Add Roles and Features Wizard" vil opne seg og vise ei startside med tips. Trykk på "Next" for å gå vidare.

Skjermvindauge i Server Manager. Musepeikaren er over knappen "Add roles and features". Skjermbilete.

2. Vel installasjonstype

På neste side kan du velje kva type installasjon som skal gjerast. Vel "Role-based or feature-based installation", og trykk på "Next".

3. Vel plassering

Skjermvindauge merkt "Select destination server". Vindauget viser ei liste over tilgjengelege serverinstallasjonar. Musepeikaren er over knappen "Next" nede i midten. Skjermbilete.

I driftsmiljø bruker ein ofte fleire Windows-serverar samtidig.

For å sleppe å kople oss til mange ulike serverar for installasjon og konfigurasjon kan vi legge serverane inn i ein felles "server-pool". Då kan dei fjernstyrast frå dei andre serverane.

I testoppsett der det berre er éin fysisk server, er det berre mogleg å installere på den lokale serveren. Trykk på "Next" for å gå vidare.

Det kan ta nokre sekund eller eit par minutt før den neste sida blir lasta inn.

4. Vel kva roller som skal installerast

Windows Server har mange innebygde tenester (roller) som kan aktiverast. Når lista er lasta inn, kryssar du av i boksen ved sida av rolla "Hyper-V". Trykk på "Next" for å gå vidare.

Skjermvindauge med tittelen "Select server roles". Vi ser ei lang liste med tenester (roller) som kan installerast. Ved kvar teneste i lista er det ein avkryssingsboks. Ved tenesta Hyper-V er det sett ein hake. Musepeikaren er over knappen "Next" nedst på sida. Skjermbilete.

5. Vel eventuelle ekstra funksjonar som skal installerast

På neste side, "Select features", ser du ei ny liste med funksjonar som kan installerast. Dette er for det meste funksjonar som andre roller kan ha nytte av. I vårt tilfelle treng vi ingen av dei. Trykk på "Next" for å gå vidare.

No vil du få opp ei informasjonsside for Hyper-V. Trykk på "Next" for å gå vidare.

6. Val av fysisk nettverkskort som skal brukast til virtuell svitsj

For at virtuelle maskiner og vertsoperativsystemet skal ha tilgang til internett, må vi setje opp ein virtuell svitsj. Om han skal nå ut på lokalnettverket og internett, bør han knytast til eit fysisk nettverkskort.

Hak av ved nettverkskortet du ønsker å kople til den virtuelle svitsjen, og trykk på "Next".

Skjermvindauge merkt "Create Virtual Switches". Vi ser ei liste med berre eitt alternativ. Musepeikaren er over avkryssingsruta for dette valet. Skjermbilete.

7. Vel eventuell migrasjon av virtuelle maskiner og standard plassering av virtuelle maskiner

Ein stor fordel med virtuelle datamaskiner er at dei ikkje er bundne til maskinvara dei blir installerte på. Dei kan flyttast mellom fysiske serverar etter behov (migration). Dette kan òg gjerast mens den virtuelle maskina er slått på og leverer tenester (live migration).

I testoppsettet er det berre éin server, så det er ikkje nødvendig å aktivere støtte for dette. Trykk på "Next" for å gå vidare.

På neste side, "Default Stores", kan du velje standard plassering av virtuelle maskiner og konfigurasjonen deira. Her er det tilrådd å lage ei eiga mappe på lagringspartisjonen som vart sett opp tidlegare (ikkje på C:-partisjonen). Bruk knappen "Browse …" ved sida av kvart felt for å velje plassering.

Trykk på "Next" når du har justert plasseringane.

Skjermvindauge merkt "Default Stores". Eit felt viser standardplassering av virtuelle harddiskar, eit anna felt viser standard plassering for konfigurasjonsfiler til dei virtuelle maskinene. Til høgre for kvart felt er det ein knapp med teksten "Browse …". I biletet er plasseringane endra til D kolon omvend skråstrek Virtuelle maskiner. Skjermbilete.

8. Gjennomfør installasjonen

Sjå gjennom lista over komponentar og tenester som vil bli installerte.

Sidan serveren ikkje er i eit driftsmiljø, kan du trygt krysse av i feltet "Restart the destination servar automatically if required". Då vil maskina starte på nytt om det er nødvendig for at tenesta skal kunne bli installert og starte opp.

Trykk på "Install" når du er klar for å starte sjølve installasjonen av Hyper-V.

Du vil no bli flytta til ei informasjonsside som viser installasjonen. Installasjonen kan fort ta tre til ti minutt inkludert omstart. Når installasjonen er ferdig, kan du trykke på "Close".

Skjermvindauge merkt "Confirm installation selections" med ei liste med komponentane og rollene som vil bli installerte. Musepeikaren er over knappen "Install" nede til høgre. Skjermbilete.

9. Sjekk statusen til Hyper-V

Når du er tilbake i Server Manger, skal "Hyper-V" komme opp som eit val i menyen til venstre. Trykk på han for å få opp informasjon om status for tenesta.

Sjølve oppsettet av virtuelle maskiner finn du i Hyper-V Manager, som er eit eige program. Du finn det i Tools-menyen i toppen av Server Manager-vindauget.

Server Manager er open, og Tools-menyen oppe til høgre er open. Musepeikaren er over valet "Hyper-V Manager" i menyen. Skjermbilete.

Bruken av Hyper-V Manager går vi gjennom i ei anna rettleiing.

10. Juster nettverksinnstillingar etter å ha installert Hyper-V

Før vi installerte Hyper-V, var det operativsystemet på vertsmaskina (Windows Server) som styrte det fysiske nettverkskortet til maskina direkte. Etter installasjonen har Hyper-V-hypervisoren teke over dette og sett inn eit virtuelt nettverkskort. Operativsystemet til vertsmaskina må bruke dette virtuelle nettverkskortet for å få tilgang til den virtuelle svitsjen og lokalnettverket på utsida av det fysiske nettverkskortet.

Hyper-V-hypervisoren har sett opp eit virtuelt nettverk som på biletet under.

To modellar som viser oppsettet før og etter Hyper-V blir installert. På før-illustrasjonen er eit fysisk nettverkskort som er kopla rett til Windows Server. På etter-illustrasjonen er det fysiske nettverkskortet kopla til ein virtuell svitsj. Den virtuelle svitsjen er så kopla til eit virtuelt nettverkskort i Windows Server. Den virtuelle svitsjen er òg kopla til to virtuelle nettverkskort, som er kopla til kvar si virtuelle maskin. Illustrasjon.
Opne bilete i eit nytt vindauge

For å sjå nettverkskorta kan du bruke den alternative startmenyen (høgreklikk med musepeikaren over Windows-flagget på oppgåvelinja). Vel "Network Connections". Trykk på "Change adapter options" i vindauget som kjem opp.

Under viser vi nettverkskorta som er tilgjengelege for operativsystemet i vertsmaskina før og etter installasjonen av Hyper-V. Dra i slideren for å sjå skilnaden.

Setje opp statisk IP-adresse på virtuelt nettverkskort

Skjermvindauge som viser protokollar som er i bruk på eit virtuelt nettverkskort. Musepeikaren er over protokollen "Internet Protocol Version 4 (TCP/IPv4)". Skjermbilete.

Finn lista over nettverkskort. Dobbeltklikk på det virtuelle nettverkskortet. No får du opp eit vindauge som liknar biletet til høgre.

Bla i lista over protokollar som nettverkskortet bruker, og finn "Internet Protocol Version 4 (TCP/IPv4)". Dobbeltklikk på han.

Du vil no få opp eit vindauge der du kan setje opp ei statisk IP-adresse. Legg inn IP-adresse og konfigurasjon på same måte som du gjorde tidlegare.

Dobbeltsjekk adressene du legg inn.

Trykk på "OK" for å lagre endringane. Du kjem no tilbake til vindauget "Ethernet Properties". Du må trykke på "OK" her òg, elles blir ikkje dei nye innstillingane tekne i bruk.

Du blir no send tilbake til vindauget "Ethernet Status". Her kan du trykke på "Details …" for å sjå om den nye konfigurasjonen er teken i bruk.

Det er òg lurt å sjekke at serveren har internett, ved å besøke ei vilkårleg nettside.


Obs!

Du bør ikkje gjere endringar på det fysiske nettverkskortet etter at du har installert Hyper-V.

IP-adressa til vertsmaskinoperativsystemet skal regulerast frå det nye virtuelle nettverkskortet.


CC BY-SASkrive av Tron Bårdgård.
Sist fagleg oppdatert 11.10.2023

Læringsressursar

Enkeltressursar for oppsett av Wordpress