Hopp til innhald

Fagstoff

Oppdatere Linux med APT

Operativsystem og program er i stadig utvikling. Spesielt ut frå eit sikkerheitsperspektiv er det viktig å vere oppdatert. For Linux-baserte system kan enkle kommandoar brukast for å oppdatere både OS og program.
Oppdateringsbar som er halvt blå og halvt svart. Ein pingvin som smiler surt sit oppå. Under baren står det "oppdaterer..." Illustrasjon.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Linux kjem i mange variantar (òg kalla distribusjonar), det einaste kravet er at dei må bruke den same Linux-kjernen. Det finst derfor fleire ulike pakkesystem for oppdateringar og installasjonar av program. Døme på dette er APT, dpkg, RPM, YUM, pacman, Google Play og F-Droid. I denne teksten fokuserer vi på APT (Advanced Package Tool). Dette blir brukt i fleire av dei store Linux-distribusjonane, både i operativsystem-versjonar som er tilpassa for klientbruk og for serverbruk. Døme på slike er blant anna Ubuntu, Debian og Linux Mint. Denne artikkelen tek utgangspunkt i Ubuntu Server 20.04 som operativsystem.

1. Søk etter tilgjengelege oppdateringar

Frå det tekstbaserte brukargrensesnittet til maskina, anten lokalt eller via SSH, kan du bruke kommandoen under for å søkje etter tilgjengelege oppdateringar:

Bash

1sudo apt update

"sudo" fortel operativsystemet at vi ønskjer å gjere kommandoen som kjem etter med opphøgde rettar, det vil seie som ein superbrukar. Dette omgår skrivesperrer og andre sikkerheitstiltak som normalt hindrar ein vanleg Linux-brukar frå å kunne skade viktige filer. Det er sannsynleg at du blir spurd om brukarpassord for å kunne gå vidare. Kommandoen "apt update" hentar ned ei fil-liste frå pakkearkiva (repository) som Linux-distribusjonen bruker. Desse pakkearkiva har ferdig kompilerte versjonar av programvare som er testa og skal fungere med denne versjonen av operativsystemet. Nokre gonger ønskjer vi å leggje til andre pakkearkiv. Då blir desse lagt inn i fila (/etc/apt/sources.list) , og ein "apt update" må brukast for å søkje gjennom det nye pakkearkivet.

Skjermbilete som viser at kommandoen "sudo apt update" blir køyrt. Det blir så vist fleire linjer med tekst som beskriv framgangen i oppdateringssøket før ei sluttmelding seier at det er 53 pakker som kan oppdaterast. Skjermbilete
Opne bilete i eit nytt vindauge

Når (apt update) har gjort seg ferdig, vil du få opp ei melding som liknar den som er på biletet over. Denne viser kor mange pakker som kan oppdaterast. Ei pakke kan vere eit heilt program, eller det kan vere ein avgrensa del av eit program. For meir informasjon kan du bruke kommandoen (apt list --upgradable) for å få ei liste over kva pakker som har ei oppdatering klar.

2. Installere tilgjengelege oppdateringar

For å oppdatere alle installerte pakker bruker ein kommandoen:

Bash

1sudo apt upgrade

Kommandoen listar opp alle pakkene som kan oppdaterast, kor mykje data som må lastast ned og kor mykje plass det vil ta etter installasjon. Du vil så få spørsmål om du ønskjer å gjennomføre installasjonen. Her kan du skrive inn "y" og Enter (eller berre Enter) for å gå vidare eller "n" og Enter for å avbryte. Trykk "y" og Enter for å gjere installasjonen.

Skjermbilete som viser at kommandoen "sudo apt upgrade" blir køyrt. Maskinen lager ei lang liste over kva pakker som er klare for oppdatering. Til sist får brukaren beskjed om kor mykje plass oppdateringa vil ta og spørsmål om å bekrefte installasjon med Y for Yes eller N for No. skjermbilete
Opne bilete i eit nytt vindauge

Fordelen med (apt upgrade) er at det er ein ganske trygg måte å installere oppdateringar på. Han installerer oppdateringar til alle allereie installerte datapakker.

Nokre gonger vil ei oppdatering av ei datapakke òg gjere at denne datapakka treng tilgang til andre nye datapakker som ikkje var installerte tidlegare. Slike avhengnader (dependencies) blir ikkje handtert av (apt upgrade). I slike tilfelle kan kommandoen (sudo apt dist-upgrade) hjelpe. Denne avklarer òg nye avhengnader og installerer desse.

Oppdatere til ny hovudversjon av Linux-distribusjonen

Vanlege oppdateringar oppdaterer så langt som mogleg innanfor den hovudversjonen av Linux som er installert – til dømes Ubuntu Server 16.04, som kom ut i april 2016. Etter kvart vil du ønskje å oppgradere denne til ny hovudversjon, til dømes Ubuntu 20.04.

Bash

1sudo do-release-upgrade

Dette er ei oppgradering som kan skape problem og gjere at tenester ikkje lengre fungerer som sett opp, det er derfor viktig å ta sikkerheitskopi før du gjer versjonsoppgraderinga.

For lab-oppsett på skule bør du ikkje gjere ei slik oppgradering utan direkte verifisering av læraren din. Ein ny hovudversjon vil gjere at manualar og opplæringsmateriell kan bli utdaterte og ikkje lengre vere riktige.

CC BY-SASkrive av Tron Bårdgård.
Sist fagleg oppdatert 30.10.2020

Læringsressursar

Enkeltressursar for oppsett av Wordpress