Hopp til innhald

Fagstoff

Installasjon av WordPress

WordPress er eit mykje brukt publiseringssystem for nettstader. Denne guiden går gjennom installasjonsprosessen av WordPress på eigen fysisk eller virtuell server.
Nettlesar som viser en sidemeny med mange val og eit hovudvindauge med forskjellige malar for utsjånad av nettside som kan veljast i Wordpress. Skjermdump
Opne bilete i eit nytt vindauge

Denne guiden går ut frå at du allereie har installert (L)AMP på Ubuntu-serveren din. Dette guiden er tilpassa oppsett av webserver utan domene, berre IP-adresse blir brukt for å kople seg til.

Klargjere database

Steg 1 – Logg inn i databasesystemet

Logg inn i databasen til webserveren din. Du vil bli spurt om passord, og då gir du opp passordet du sette tidlegare.

Bash

1sudo mysql -u root -p

Steg 2 – Gjer database-tilpassingar.

WordPress treng sin eigen database og databasebrukar.

Køyr kvar linje for seg med Enter mellom kvar linje.

Kvar kommando blir avslutta med (;). Dette er standardisert, og viss dette manglar, forstår ikkje database-systemet at kommandoen er ferdigskriven sjølv om du trykkjer Enter. Kommandoane gjer følgjande oppgåver:

  1. Lagar ein database som heiter nettside_db
  2. Lagar ein lokal brukar som heiter databasebrukar og set passord på denne. Vel gjerne eit anna passord.
  3. Gir databasebrukar rett til å arbeide med nettside_db-databasen.
  4. Friskar opp att rettane til alle brukarar og databasar.
  5. Avsluttar database-systemet.

Text

1CREATE DATABASE nettside_db;
2CREATE USER databasebruker@localhost IDENTIFIED BY 'passord';
3GRANT ALL PRIVILEGES ON nettside_db.* TO databasebruker@localhost;
4FLUSH PRIVILEGES;
5exit;

Under kan du sjå døme på korleis database-systemet responderer på kvar enkelt kommando.

Linjer med kommandoar som gjer databasen klar for wordpress. Skjermbilete
Opne bilete i eit nytt vindauge

Last ned og konfigurer WordPress

I denne delen skal du laste ned og gjere fil-tilpassingar som gjer at WordPress blir aktivt og kan konfigurerast ferdig gjennom nettlesar.
For kommandoar som gjer forandringar i filsystemet, er kommandoen ls -la lagt til. Dette er for å vise forandringane som skjer undervegs. ls -la gjer ikkje noko anna enn å vise innhaldet i mappa du er i.

Steg 1 – Flytt deg til webside-mappa

Bruk kommandoane under til først å flytte plassering og etterpå liste opp innhaldet i denne mappa:


Bash

1cd /var/www/html
2ls -la

I biletet under kan du sjå at webservar root-mappa berre har to filer (index.html og info.php):

tilbakemelding fra linux som viser innholdet i mappen "/var/www/html". Skjermbilde
Opne bilete i eit nytt vindauge

Steg 2 – Last ned nyaste versjon av WordPress


Kommandoane under lastar ned nyaste versjon av WordPress og viser innhaldet i mappa.

Bash

1sudo wget -c http://wordpress.org/latest.tar.gz
2ls -la

Du kan no sjå at fila latest.tar.gz er lasta ned. Dette er eit nedpakka filarkiv som inneheld mange filer og mapper.

"ls -la" kommando som viser at ei ny fil er i mappa, "latest.tar.gz". Skjermbilete
Opne bilete i eit nytt vindauge

Steg 3 – Pakke ut det nedlasta filarkivet

Kommandoen under pakkar ut filarkivet. Sidan det ikkje er gitt opp noka plassering, vil filene leggjast i den same mappa som brukaren står i (/var/www/html).


Bash

1sudo tar -xzvf latest.tar.gz
2ls -la

Når du køyrer kommandoen ls -la, kan du leggje merke til at den nye mappa (wordpress) ikkje har root som eigar, dette må vi justere i neste steg.

liste over filer og mapper i /var/www/html. Skjermbilete
Opne bilete i eit nytt vindauge

Steg 4 – Sette rettar på mappe og filer

Tidlegare, då du installerte Apache webservar, blei det laga ein brukar som heiter www-data og ei gruppe med same namn. Vi ønskjer å gi denne brukaren og gruppa eigarskap til den nye wordpress-mappa.

chown-kommandoen styrer eigarskap av filer og mapper.

-R-parameteren gir beskjed om at rettane skal forandrast òg for undermapper og filer under den mappa som blir oppgitt (rekursivt).



Bash

1sudo chown -R www-data:www-data wordpress/
2ls -la

Som du kan sjå på biletet under, har mappa wordpress no fått ny eigar og eigargruppe.

ls -la-kommandoen viser filer og mapper i /var/www/html. Skjermbilete
Opne bilete i eit nytt vindauge

Steg 5 – Flytte plassering til Wordpress-mappa

Gå inn i wordpress -mappa og sjå kva som ligg der.


Bash

1cd wordpress/
2ls -la

Innhaldet i WordPress-mappa /var/www/html/wordpress er hovudsakleg php-skriptfiler. Når ein nettlesar ber om opning av éi av desse, vil PHP-skriptet bli køyrt på serveren og svaret sendt til nettlesaren.

Liste over filer som er i wordpress mappa. Skjermbilde
Opne bilete i eit nytt vindauge

Steg 6 – Gi konfigurasjonsmal nytt namn

I WordPress-mappa ligg ei fil som heiter wp-config-sample.php, dette er ein mal som vi kan bruke for å konfigurere WordPress. Bruk kommandoen under til å gi denne fila nytt namn.


Bash

1sudo mv wp-config-sample.php wp-config.php
2ls -la

Ny ls -la-kommando vil vise at fila no har fått nytt namn.


Steg 7 – Gjere tilpassingar i mal

Opne mal-fila wp-config.php ved hjelp av skriveprogrammet Nano.

Bash

1sudo nano wp-config.php

Gå nedover i dokumentet til du finn variablane som er lista opp under. Fyll så inn informasjonen som er riktig for databasen din.

Define ( 'DB_NAME' , 'nettside_db' )

Define ( 'DB_USER' , 'databasebrukar' )

Define ( 'DB_PASSWORD' , 'passord' )

Pass på at du ikkje fjernar apostrofane som er rundt databasenamnet, brukarnamnet og passordet.

linjer med innstillingar som PHP-skripta treng for å kople seg til database. Skjermbilete
Opne bilete i eit nytt vindauge

Litt lengre ned, i wp-config.php ,kan du setje nøklar for bruk til å lage sikre nettlesar-cookies for brukarane av nettsida. Dette er eit nyttig tryggingstiltak som tek lita tid å setje opp. Nøklane må vere 60 teikn lange og bør vere så tilfeldige som mogleg. Wordpress.org har sin eigen generator for tilfeldige teikn som kan brukast.

Åtte linjer der det kan leggjast inn 60 tilfeldige teikn, desse er merka med 'put your unique phrase here'. skjermbilete
Opne bilete i eit nytt vindauge

Når du har lagt inn nøklane som skal brukast, trykkjer du (Ctrl + X) og stadfestar forandringa med "y". Trykk så Enter for å stadfeste filnamnet.

Konfigurere Apache

Webserveren (Apache2) treng å konfigurerast slik at han sender førespurnader han får vidare til WordPress-mappa.

Steg 1 – Flytt plassering til Apache2-mappe for konfigurering

Bash

1cd /etc/apache2/sites-available/
2ls -la

Når du listar opp innhaldet i /etc/apache2/sites-available/, skal det liggje ei fil der som heiter 000-default. Denne gjorde det mogleg for oss å få fram Apache si demoside tidlegare.

Steg 2 – Lag ny konfigurasjonsfil

Bruk skriveprogrammet Nano til å lage ei ny fil i /etc/apache2/sites-available/.


Bash

1sudo nano wordpress.conf

Kopier inn informasjonen under i fila.

Text

1<VirtualHost *:80>
2  DocumentRoot /var/www/html/wordpress
3  <Directory "/var/www/html/wordpress">
4             AllowOverride All
5        </Directory>
6  ErrorLog ${APACHE_LOG_DIR}/error.log
7        CustomLog ${APACHE_LOG_DIR}/access.log combined
8</VirtualHost>

Når alle linjer er kopierte, bruk (Ctrl + X) og stadfest forandringa med "y". Trykk så Enter for å stadfeste filnamnet.

Steg 3 – Deaktiver gammal konfigurasjon og aktiver den nye

Køyr kommandoane etter kvarandre. Det som skjer, er at du først deaktiverer den gamle konfigurasjonsfila 000-default. Den neste kommandoen lastar inn den nye konfigurasjonen du nettopp laga i wordpress.conf. Den siste kommandoen får Apache til å laste inn konfigurasjonane på nytt.



Bash

1sudo a2dissite 000-default
2sudo a2ensite wordpress.conf
3sudo systemctl reload apache2

Konfigurere WordPress gjennom nettlesar

Viss alle stega har vore vellykka, skal det no vere mogleg å kople seg til WordPress med nettlesar. Skriv inn IP-adressa til webserveren din. Viss du ikkje blir automatisk flytta over, kan du prøve å bruke direkteadressa [IP-adresse]/wp-admin

Språkliste i ein nettlesar. Skjermbilete
Opne bilete i eit nytt vindauge

Fordi det meste av guidar og innhald til WordPress er på engelsk, blir det tilrådd å bruke dette som språk. Trykk "Continue" for å gå vidare.

På neste side set du nettsidenamn og lagar adminbrukar for WordPress (via nettlesar). Fyll ut og trykk "Install WordPress"

Nettside med felt for oppsett av nettsidenamn, brukarnamn, passord, e-postadresse og om nettsida skal vere søkbar for søkemotorar. Skjermbilete frå wordpress
Opne bilete i eit nytt vindauge

Søkjemotorar som Google søkjer jamleg over alle nettsider på Internett. Det er mogleg å be om at sida ikkje skal visast av Google og andre. Dette er veldig praktisk for testsider.


Viss installasjonsprosessen gjekk fint, vil du få opp eit skjermbilete som liknar dette. Trykk på "log in" for å logge på med adminbrukaren du nettopp sette opp.

Nettlesarvindauge som seier "Success, Wordpress has been installed". Vidare får du opp brukarnamnet til adminbrukaren og ein knapp nedst seier "log in". Skjermbilete.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Etter å ha logga på blir du sende til WordPress sitt Dashboard. Herfrå kan du gjere mange tilpassingar av Wordpress-sida di. For å sjå nettsida slik ho ser ut for andre brukarar, er det eit ikon oppe til venstre av eit lite hus og namnet på sida di. Trykk her for å gå til sjølve nettsida. For å komme tilbake til Dashboardet kan du skrive inn [IP-adresse]/wp_admin i nettlesaren.

nettside med ei liste til venstre med kategoriar og detaljert informasjon i midten av skjermen. Skjermbilete
Opne bilete i eit nytt vindauge
CC BY-SASkrive av Tron Bårdgård.
Sist fagleg oppdatert 18.11.2020

Læringsressursar

Enkeltressursar for oppsett av Wordpress