Hopp til innhald

Fagstoff

Installere (L)AMP på Ubuntu 20.04

LAMP er eit akronym for Linux, Apache, MySQL og PHP. Desse er sentrale system som dei fleste dynamiske nettsider treng for å fungere. Denne guiden går gjennom installasjon av (L)AMP på Ubuntu 20.04.
Eit ark er fyllt med HTML-kode. a av arbeidarar er plasserte på toppen. Illustrasjon.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Installasjon av Wordpress

I denne guiden blir webserver (Apache2), database (MariaDB) og støtte installerte for at skriptspråket PHP skal kunne køyre på serveren. Desse dannar rammeverket vi treng for å kunne setje opp ei dynamisk nettside (Wordpress). Alle program i denne guiden er gratis og bruker ein open kjeldekode som gjer dei lette å forandre og sikre.

Denne guiden er tilpassa for installasjon av Wordpress. Viss du ønskjer å bruke eit anna publiseringssystem (CMS - Content Management System), bør du ikkje bruke denne guiden.

Installere webserver

Apache Web Server blir brukt på ein tredel av webserverane i verda (2020). Programvara gjer at serveren kan svare på HTTP-førespurnader sendt frå ein nettlesar.

Steg 1 – Installere Apache 2-programvare

Skriv eller kopier inn kommandoen under for å installere Apache2 webserver på serveren din.

Bash

1sudo apt install apache2

Linux vil gjere eit søk for å sjå kva programpakker som vil trengast for å gjere installasjonen. Du må stadfeste installasjonen ved å trykkje "y" og Enter.

Linux listar opp programpakker som vil bli installerte ved installasjon av Apache2. Brukaren blir spurt om å stadfeste installasjon ved å taste y for yes eller n for no. Skjermbilete.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Steg 2 – Automatisk oppstart av webserver

Det er ønskjeleg at webserver-programvara startar automatisk når datamaskina startar opp. Kommandoen under sikrar dette.

Bash

1sudo systemctl enable apache2

Steg 3 – Sjekk prosess-status for webserver

Sidan fleire program må installerast og fungere saman for at ei dynamisk nettside skal fungere, så er det lurt å sjekke undervegs at kvart enkelt program som blir installert startar opp og køyrer som normalt. Sjekk med kommandoen under at Apache er aktiv.

Bash

1sudo systemctl status apache2
2  #Trykk "q" for å komme ut av statusvisningen 

Når koden køyrer, vil du få opp eit skjermbilete som det som blir vist i biletet under. Legg merke til at denne statusvisninga ikkje tek deg direkte tilbake til Linux sin ledetekst. Du må trykkje på "q" for å avslutte statusvisinga.


Statusrapport for Apache2 som viser at prosessen er aktiv. Nedst står det "lines 1-15/15 (end)". Skjermbilete.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Steg 4 – Sjekke at webserver svarer nettlesar

Opne opp nettlesar på ei anna maskin i same lokalnettverk som webserveren. Viss du installerte Ubuntu Desktop på serveren din, kan du bruke nettlesaren til denne.

I adressefeltet til nettlesaren skriv du inn IP-adressa som du sette under installasjon av serveren din. Viss det ikkje er nokre feil, skal du få opp Apache2 si demoside. Viss du ikkje får opp nettsida, vil du trenge å gjere feilsøking før du går vidare i guiden.

Nettlesarvindauge med statusrapport fra Apache2. Skjermbilete.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Demosida ligg som ei HTML-fil i mappa /var/www/html på webserveren. Dette er standardplassering for Apache2-websider. Viss du ønskjer å sjå nærare på denne fila, kan du bruke kommandoen sudo nano /var/www/html/index.html. Hugs eventuelt å bruke Ctrl + x for å komme ut av teksteditoren etterpå.

Installere database

Ein webserver er i utgangspunktet veldig open. Viss innhald blir lagt i webservermappa (/var/www/html), vil webserveren levere desse ut viss han blir spurd. Dette er praktisk for heilt statiske nettsider (som er hardkoda og viser identisk innhald til alle). Men viss ei nettside skal vere dynamisk (så ho kan loggast på og vise ulikt innhald til ulike brukarar), så skaper dette tryggingsproblem. Vi ønskjer ikkje at sensitiv informasjon skal liggje open på nettet. Eit anna døme er brukarnamna og passorda til brukarane som kan logge seg på via nettsida. Her kjem databasar inn. Databasen får ansvaret for å lagre mykje av denne informasjonen. Databasen svarer ikkje på førespurnader direkte til sluttbrukaren, men svarer webserveren gjennom PHP-scripting.


Det finst mange databasevariantar, i denne guiden blir MariaDB brukt.

Steg 1 – Installere database

Bruk kommandoen under for å installere MariaDB. Som tidlegare vil du få opp ei liste over programpakker som vil bli installerte. Stadfest installasjonen med "y" og Enter.

Bash

1sudo apt install mariadb-server mariadb-client

Steg 2 – Automatisk oppstart av database

For å automatisk starte databasen ved oppstart av serveren blir kommandoen under brukt:

Bash

1sudo systemctl enable mariadb

Steg 3 – Sjekk prosess-status for databasen

Bash

1systemctl status mariadb
2  #Trykk "q" for å komme ut av statusvisinga 

Steg 4 – Basiskonfigurasjon av database

Sidan databasen potensielt vil innehalde informasjon som vi ikkje ønskjer at skal vere open tilgjengeleg, er det lurt å sikre han. Til dette finst det eit skript som også tek seg av rootbrukar-oppsett.


Bash

1sudo mysql_secure_installation

Skriptet vil sikre database-oppsettet og vil derfor stille ei rekkje spørsmål.

  1. Skriptet vil spørje etter noverande

    root

    -passord for database. Trykk Enter for å gå vidare, sidan du ikkje har sett eit passord endå.

  2. Du blir så spurd om du ønskjer å setje eit

    root

    -passord. Vel "y" og trykk Enter.

  3. Skriv inn passordet du vil ha til

    root

    -brukaren til databasen. Trykk Enter for å gå vidare. Tekstfeltet for passord vil ikkje forandre seg medan du skriv inn passordet, det vil seie ingen stjerneteikn for å vise talet på teikn, dette er heilt normalt.

  4. Skriv passordet på nytt og trykk Enter.
  5. Du blir spurd om du vil slette anonym brukar, vel "y" og trykk Enter.
  6. Du blir spurd om

    root-

    brukarpålogging skal avgrensast til den lokale maskina. Stadfest ved å trykkje "y" og Enter.

  7. Du blir spurd om du ønskjer å fjerne test-database. Stadfest dette ved å trykkje "y" og Enter.
  8. Til sist blir du spurt om du ønskjer å laste inn tabell med rettar på nytt. Vel "y" og trykk Enter.

Steg 5 – Sjekke at database-pålogging fungerer

Bruk kommandoen under for å logge inn i databasen:

Bash

1sudo mariadb -u root

Skriv inn passordet du sette på root-brukaren til databasen. Når du er logga inn, skal du få opp ein skjerm som liknar den på biletet under.

Linjer med statustekst for database, nedst står det "MariaDB [(none)]>". Skjermbilete.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Når du er inne i database-programmet, vil du få ein ny ledetekst –Maria DB [(none)]>For å komme ut av programmet må du bruke kommandoen under:

Text

1exit;

Installere PHP

PHP (PHP: Hypertext Preprocessor) er eit skriptspråk som køyrer på serversida og gjer det mogleg å kople saman webservar og database. PHP er òg viktig for å gjere nettsidene dynamiske.

Det finst i dag ikkje eit fullverdig alternativ til PHP. Men fleire er under utvikling og vil sannsynlegvis bli vanlege etterkvart.

Steg 1 – Installere basispakker for PHP

I første omgang treng du å installere PHP og nokre tilleggspakker som trengst for bruk av PHP saman med dynamiske nettside. Som tidlegare vil du få opp ei liste over programpakker som vil bli installerte. Stadfest installasjonen med "y" og Enter.


Bash

1sudo apt install php libapache2-mod-php php-mysql php-common

Steg 2 – Installere tilleggspakker for PHP

Publiseringssystemet Wordpress treng nokon tilleggspakkar for PHP for å fungere riktig. Installer desse ved å bruke kommandoen under og stadfest installasjonen.


Bash

1sudo apt install php-curl php-gd php-mbstring php-xml php-xmlrpc php-soap php-intl php-zip

Steg 3 – Teste at PHP fungerer saman med webserver

For å sjekke at PHP er sett opp riktig og fungerer saman med Apache kan vi lage ein enkel PHP-førespurnad og gjere han tilgjengeleg gjennom webserveren.

Ved å bruke kommandoen under blir det laga ei ny fil (info.php) i hovudmappa for webserveren (/var/www/html).

Bash

1sudo nano /var/www/html/info.php

Legg inn følgjande kode i dokumentet:

Text

1<?php phpinfo(); ?>

Trykk på (Ctrl + x) og stadfest lagringa av fila.

Gå inn i nettlesaren og skriv inn IP-adresse til webserver følgd av /info.php.

Til dømes:

192.168.1.41/info.php

Du skal no få opp ei PHP-statusside.

Tabell med mange linjer med informasjon. På toppen står det "PHP Versjon 7.4.3". Skjermbilete.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Viss du fekk opp denne sida, er du klar for å gå vidare med sjølve oppsettet av Wordpress.

CC BY-SASkrive av Tron Bårdgård.
Sist fagleg oppdatert 17.11.2020

Læringsressursar

Enkeltressursar for oppsett av Wordpress