Hopp til innhald

Fagstoff

Ubuntu Server 20.04-installasjon

I denne guiden lærer du korleis du kan installere Ubuntu Server 20.04 på ei datamaskin. Denne basisinstallasjonen kan brukast som utgangspunkt for å setje opp mange forskjellige typar serverar og tenester både på eigne fysiske maskiner eller på virtuelle maskiner.
Mann sit foran ei datamaskin med to skjermar. Skjermane er fylte med linjer med kode. Foto.

Linux kjem i mange variantar (distribusjonar), og alle distribusjonane bruker den same sentrale Linux-kjernen. Utover dette er kvar distribusjon tilpassa behovet han skal dekke. Moglegheitene for tilpassingar er enorme, vi finn derfor Linux i einingar av alle slag – frå små smartklokker og mobiltelefonar til dei største superdatamaskinene og det meste imellom.

For Linux-distribusjonar som er tenkte brukte til serverar, blir hovudsakleg eit tekstbasert brukargrensesnitt brukt. Dette er vanskelegare for nybyrjarar enn eit grafisk brukargrensesnitt, men tekstbasert styring gir mykje betre moglegheit for detaljstyring. I denne guiden viser vi korleis Ubuntu Server 20.04 blir installert.

1. Kople til installasjonsmedium eller ISO-fil

Installasjon på fysisk datamaskin

Dersom du skal installere Ubuntu Server på ei fysisk datamaskin, treng du eit installasjonsmedium – som oftast ein USB-pinne. Start maskina med denne kopla til og start opp frå minnepennen. Dersom du får problem med dette, kan du sjekke opp manualen for datamaskina du prøver å installere på, eller spør læraren din.

Installasjon på virtuell maskin

For virtuelle maskiner treng du å skaffe ei ISO-fil med Ubuntu Server. Legg denne på vertsmaskina. Når du startar den virtuelle maskina, blir du spurt om kva ISO-fil du ønsker å bruke for installasjon. Vel den som er riktig for deg.

2. Setje språk og oppdatere installer

Når Ubuntu-installeren startar opp, vil han vise ein del linjer med tekst. Dette er heilt normalt og er testar og liknande som installeren treng å gjere før han er klar til å vise installasjonsrettleiaren.

OBS!

Installasjonsrettleiaren er tekstbasert.

For å navigere deg oppover og nedover i han bruker du "Tab"-knappen oppe til venstre på tastaturet og eventuelt piltastane.

Installasjonsrettleiarsteg med spørsmål om oppdatering til ny installerversjon. Skjermbilete frå Ubuntu Server 20.04.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Du vil bli spurd om kva språk du ønsker å bruke. Norsk er eit alternativ, men fordi mange av guidane og programma du kan komme til å bruke er på engelsk, tilrår vi at du vel "English". Trykk så på entertasten for å gå vidare.

Dersom installeren får tilgang til internett, vil han sjekke om det er oppdateringar til sjølve installasjonsrettleiaren. Du vil eventuelt få spørsmål om du ønsker å oppdatere til ny installer. Vel dette.

Dersom installeren ikkje klarer å kople seg til nettet, går han automatisk vidare til steg 3.

3. Justere tastaturoppsett

Val av tastaturlayout (språk) og eventuelt lokale avartar. Skjermbilete frå Ubuntu Server 20.04.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Du vil bli spurd om kva type tastatur du har. Vel "Norwegian" på både "Layout" og "Variant". Vel "Done" for å gå vidare.

I det neste vindauget vil du bli spurd om typen installasjon. Kryss av for "Ubuntu Server" og gjerne "Search for third-party drivers" òg. Vel "Done" for å gå vidare.

4. Setje opp nettverksinnstillingar

Nettverkskortinformasjon er vist, og det er mogleg å gå til undermeny for å justere desse. Skjermbilete frå Ubuntu Server 20.04.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Installeren vil prøve å finne nettverkskort og prøve å kontakte DHCP-server for å få ei dynamisk IP-adresse. Sidan denne maskina skal vere ein server, er det tilrådd å legge inn statisk IP-adresse.

Naviger deg til nettverkskortet, vist i grått i biletet under, og trykk på entertasten.

Ein meny vil dukke opp. Vel "Edit IPv4" og trykk på enter.

Undermeny som lar brukaren sjå informasjon eller justere IPv4, IPv6 eller Vlan-innstillingar til nettverkskort. Skjermbilete frå Ubuntu Server 20.04.
Opne bilete i eit nytt vindauge

I neste undermeny vel du "Manual" og trykkar på enter.

Undermeny under IPv4 som lar brukaren velje DHCP eller manuell konfigurasjon. Skjermbilete frå Ubuntu Server 20.04.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Du får no opp eit skjema der du kan konfigurere nettverksinnstillingane du ønsker at serveren skal bruke. Dersom du gjer installasjonen som del av eit skulearbeid, kan det vere at læraren din har spesifikke instruksjonar du skal følge her. Naviger deg rundt og fyll inn informasjonen som er rett for ditt nettverk.

Subnet:

Dette feltet beskriv adresseområdet som er innanfor det lokale nettverket ditt. Feltet bruker CIDR-notasjon og er bygd opp av to delar. Først skriv du inn IP-adresseområdet nettverket ditt startar på, til dømes 192.168.1.0. Deretter skriv du inn kor mange bit av IP-adressa som er felles for alle maskinene i lokalnettverket. Her finst det tabellar på nettet du kan bruke. Det vanlege for små oppsett og testoppsett vil vere /24 (som svarer til 255.255.255.0 skrive på gammalmåten).

Address:

Her skriv du inn IP-adressa du ønsker at serveren skal bruke i lokalnettverket.

Gateway:

Her skriv du inn IP-adressa til ruteren i lokalnettverket. Alle førespurnader som skal ut av nettverket, til dømes dei som skal på nettet, blir sende mot denne IP-adressa.

Name Servers:

Her skriv du inn adressa til DNS-serveren du ønsker at serveren skal bruke ved DNS-oppslag.

Search domains:

Dette feltet blir brukt for lokale oppslag. Det hoppar vi over i denne guiden.

Manuell justering av IPv4-adresse. Fire linjer med detaljar og adresser. Skjermbilete frå Ubuntu Server 20.04.
Opne bilete i eit nytt vindauge
Nettverkskortinformasjon blir vist, og det er mogleg å gå til undermeny for å justere desse. Skjermbilete frå Ubuntu Server 20.04.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Når du har fylt inn informasjonen, trykker du på "Save". Du blir no send tilbake, og installeren vil forsøke å bruke innstillingane du har sett. Dersom alt går greitt, vil du kunne trykke på "Done" for å gå vidare.

Rettleiarside med tekstfelt som kan brukast dersom det skal brukast ein proxy. Skjermbilete frå Ubuntu Server 20.04.
Opne bilete i eit nytt vindauge

På neste side får du moglegheit til å skrive inn ei proxyadresse dersom dette er nødvendig for å nå internett frå testnettverket ditt. Gå vidare utan å fylle inn noko, med mindre du har fått beskjed om noko anna frå læraren din.

Rettleiarvindauge med forslag til adresse for å hente oppdateringar. Skjermbilete frå Ubuntu Server 20.04.
Opne bilete i eit nytt vindauge

På neste side kan du velje kva server du ønsker å bruke for å hente oppdateringar og program. Her kan du berre gå vidare med mindre du har spesielle behov. Trykk på "Done" for å gå vidare.

5. Partisjonering av harddisk

Vi har no komme til partisjonering av harddisken til datamaskina. Dersom du gjer installasjonen som ein del av skulearbeid, kan det vere at læraren din har eigne instruksjonar for dette steget, til dømes dersom du installerer på ei labmaskin som òg køyrer Windows (dualboot). Viss ikkje kan du følge desse instruksjonane.

Tekstbeskrivingar og radioknappar for å velje oppsett. Skjermbilete frå Ubuntu Server 20.04.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Installeren vil foreslå å bruke heile harddisken og nytte seg av LVM (Logical Volume Manager). LVM er eit system som gjer det mogleg å utvide, forandre, lage og slette partisjonar mens datamaskina er i vanleg drift. Dette er dermed nyttig for serveroppsett.

Vi hoppar over kryptering av LVM-gruppa og går rett vidare ved å trykke på "Done".

Installeren vil no komme med eit forslag på partisjonering av harddisken. Som standard foreslår han å bruke heile harddisken til LVM-oppsett, men at berre halvparten skal brukast til Linux-partisjon (/). Denne kan vi auke storleiken litt på. Naviger ned som vist på biletet under og trykk på enter. Vel "Edit" i menyen som kjem fram.

Detaljar fordelte på mange linjer og med moglegheit for justering per linje. Skjermbilete frå Ubuntu Server 20.04.
Opne bilete i eit nytt vindauge
Popup-vindauge med moglegheit for justering av partisjonsdetaljar. Skjermbilete frå Ubuntu Server 20.04.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Juster storleiken på partisjonen, til dømes til rundt 90 prosent av den totale storleiken på harddisken. Trykk på "Save" for å lagre forandringa.

Samandrag og foreslått konfigurasjon av harddisk. Skjermbilete frå Ubuntu Server 20.04.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Du blir no send tilbake til samandragssida for partisjonering. Trykk på "Done" for å gå vidare.

Skjermdump frå installering. Skjermbilete frå Ubuntu Server 20.04.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Du vil få opp ei åtvaring om at det tidlegare innhaldet på harddisken vil bli sletta dersom du går vidare. Vel "Continue" og trykk på enter for å stadfeste at du ønsker å halde fram. Partisjoneringa kan ta litt tid.

6. Opprette administratorbrukar og gi maskina namn

I neste skjema skal du lage administrator-brukarkonto. Skriv inn namnet ditt og namnet du ønsker at maskina skal ha. Eit maskinnamn er berre i små bokstavar og bør beskrive kva serveren skal gjere.

Vel deg eit brukarnamn og set passord. I installeren kjem det fram stjerneteikn for kvart teikn i passordet du skriv inn. Dette er ikkje tilfellet seinare. Då vil det ikkje komme fram nokon teikn som viser at du er i ferd med å skrive inn passord. Det er derfor lett å tru at inntastinga ikkje blir registrert, men det blir ho.

Brukarnamn og passord

I skulearbeid er det ofte ønskeleg at brukarnamn og passord skal dokumenterast. Dette er for å redusere behovet for reinstalleringar ved avgløymde passord.

Men dette betyr at brukarnamn og passord som blir brukte i laboppsett, kan bli lesne av lærarar eller andre elevar. Desse passorda må ein derfor sjå på som usikre, og dei bør ikkje brukast nokon annan stad.

Seks tekstfelt for oppsett av administratorbrukar og maskinnamn. Skjermbilete frå Ubuntu Server 20.04.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Når du går vidare, vil du bli spurd om du ønsker å aktivere Ubuntu Pro. Dette kan du berre hoppe over foreløpig. Vel "Continue" for å gå vidare.

7. Fjernstyring med SSH

SSH (Secure Shell) er den vanlegaste måten Linux-maskiner blir fjernstyrte tekstbasert over nettverk eller internett på.

Sikkerheit

SSH er kryptert, som gir litt sikkerheit. Men standardporten for SSH-kommunikasjon (22) er eit vanleg mål for angrep frå trusselaktørar over internett. Det er derfor ikkje tilrådd å gjere denne porten tilgjengeleg frå internett gjennom ruteren (med port forwarding). Andre portar kan brukast, og det er mogleg å auke sikkerheita på fleire andre måtar, mellom anna ved å krevje at SSH-klienten som skal kople seg til, må ha ein sikker krypteringsnøkkel som er laga på førehand, lokalt for å kunne kople seg til.

Avkryssingsboks for om SSH-server skal installerast og aktiverast. Skjermbilete frå Ubuntu Server 20.04.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Dette oppsettet går ut frå at Linux-serveren berre skal fjernstyrast frå lokalnettverket, og at det er sikkert. Naviger deg til "Install OpenSSH server" og bruk mellomromtasten for å krysse av for dette valet. Naviger deg til "Done" og trykk på enter.

8. Installasjon av ekstra servertenester

Liste over program og funksjonar som kan installerast, og avkryssingsruter for kvar linje. Skjermbilete frå Ubuntu Server 20.04.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Linux kan brukast til å drifte dei fleste typar tenester. Til vanleg installerer vi tenestene vi ønsker, gjennom tekstkommandoar. Men Ubuntu har òg moglegheit for å installere nokre tenester allereie i installeren. Alle desse kan installerast seinare, så med mindre du veit at du vil trenge ei av desse tenestene, bør du berre gå vidare ved å velje "Done" og trykke på enter.

9. Følge installasjonen

Liste over stega som er gjennomført i installasjonen. Skjermbilete frå Ubuntu Server 20.04.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Installasjonen vil no starte, og stega blir viste på skjermen.

Valet "Reboot" er synleg nedst på skjermen. Skjermbilete frå Ubuntu Server 20.04.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Dersom installeren har tilgang til internett, vil han som ein del av installasjonen òg laste ned nye sikkerheitsoppdateringar. La desse installere seg ferdig. Når du får opp valet "Reboot", er installasjonen heilt ferdig. Vel dette og trykk på enter.

Beskjeden "Failed unmounting /cdrom" er gjenteken på mange linjer nedover på ein skjerm. Skjermbilete frå Ubuntu Server 20.04.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Installeren vil no avslutte og forsøke å restarte datamaskina. Du vil mest sannsynleg bli spurd om å fjerne installasjonsmediet. Dersom du har installert på ei eiga fysisk maskin, kan du no ta ut USB-minnebrikka. Dersom du set opp virtuelt med Hyper-V eller Virtualbox, kan du berre trykke på enter for å gå vidare. Installasjonsmediet vil bli fjerna automatisk her som ein del av restarten av den virtuelle maskina.

10. Første oppstart av Ubuntu Server

Når maskina har restarta seg, kan du følge oppstarten av Ubuntu Server. Dersom du får problem med at maskina ikkje finn operativsystemet, kan det vere feilkonfigurering i BIOS/UEFI som gjer at maskina forsøker å starte frå feil lagringseining.

Følg med under oppstart og sjå om det dukkar opp feilmeldingar.

Feilmeldingar vil vere synlege som raud tekst eit kort augeblikk. Om du får ei feilmelding, er det ikkje sikkert at du må gjere noko. Til dømes kan det hende at ei teneste ikkje får starta opp rett, men det kan jo vere ei teneste du ikkje skal bruke, og då vil ikkje det skape problem for deg. Men det er lurt å følge med i tilfelle det skulle bli behov for feilsøking seinare.

Mange linjer med tidspunkt og status på oppgåver. Skjermbilete frå Ubuntu Server 20.04.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Oppstarten er ferdig når ingen nye linjer dukkar opp i løpet av eitt minutt. Dersom du får opp eit påloggingsfelt heilt nedst på skjermen, kan du berre starte med å logge på med brukaren du laga i installasjonen.

Dersom det ikkje dukkar opp eit påloggingsfelt, er dette fordi feltet vart lagt inn for tidleg og vart dytta opp og ut av skjermen på grunn av andre statusmeldingar frå operativsystemet. Trykk på enter for å få eit nytt felt nedst nede.

Mange linjer med statustekst, nedst nede står det "webserver login:". Skjermbilete frå Ubuntu Server 20.04.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Når du har skrive inn brukarnamnet ditt og trykt på enter, får du opp spørsmål om passord. Når du skriv inn dette, blir ikkje trykka med stjerneteikn som du er vand med frå tidlegare, viste. Dette er heilt normalt. Skriv inn passordet og trykk på enter for å logge inn. Vi til rår at du loggar inn minst éin gong på maskina lokalt før du tek i bruk SSH for fjernstyring.

CC BY-SASkrive av Tron Bårdgård.
Sist fagleg oppdatert 11.10.2023

Læringsressursar

Enkeltressursar for oppsett av Wordpress