Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Lag ein GIF-annonse

Lag ein enkel nettannonse med animasjon i GIF-format.

GIF er eit biletformat som lèt deg lage ein enkel animasjon. Du set saman fleire stillbilete, og animasjonen går i loop eller stoppar til slutt.

GIF-ar kan lastast opp der du elles kan laste opp bilete.

Lag ein GIF-annonse

Vel produkt, målgruppe og kanal, og vel ein uttrykksmåte (som foto, tekst eller grafiske element i fokus). Animasjonen skal

  • vare i ti sekund dersom han stoppar

  • bestå av minst tre bilete

  • vise tydeleg kven avsendaren er

Lever GIF-fila og eit refleksjonsnotat etter avtale med læraren.

Tips

Bruk det du har lært om komposisjon, for å vekkje merksemd og få fram den viktigaste informasjonen. Det er viktig å planleggje godt kva som skal vere animert, og kva som skal vere konstant. Hugs at animerte felt vil trekkje merksemd. Bruk det gylne snittet og andre i utviklinga av designet. Er det mange element som beveger seg, blir det vanskelegare å ta inn over seg og sortere informasjonen i annonsen.

Døme

Sjå på dømet i toppen av artikkelen. Her er det animerte elementet ein liten stråle med væske som renn kontinuerleg ned i eit freistande glas med raud drikke.

Tekstboksar med informasjon om produktet og logoen til produsenten er plasserter til høgre. Informasjonen om drikken kjem tydeleg fram, samstundes som den animerte strålen vekkjer merksemd og freistar til kjøp.

Studer

Undersøk annonsen over.

  • Finn du ut kor mange sekund animasjonen varer før han startar på nytt igjen?

  • Kor mange bilete vil du gjette at animasjonen er laga av?

Refleksjonsnotat

Lag eit notat når du er ferdig med å lage GIF-en.

  1. Sei kvar annonsen skal publiserast, kven som er målgruppa, og kva bodskapen er.

  2. Legg inn alle stillbileta GIF-en består av, og den ferdige annonsen.

  3. Forklar kva komposisjonsprinsipp du har brukt, og beskriv kva element som beveger seg og kva for nokre av dei som står i ro, og grunngi vala dine.

  4. Fortel korleis du teknisk produserte annonsen i programvara. Reflekter over vala du tok då du sette saman bileta, til dømes når det gjaldt retning eller frekvens på rørsla.

  5. Oppsummer til slutt: Kva fekk du til? Kva ville du ha gjort annleis?

Relatert innhald

Ein GIF er eit biletformat med låg oppløysing. Han består av fleire bilete som er sett saman til ein enkel animasjon. Sjå døme på GIF-ar her.


CC BY-SASkrive av Stina Åshildsdatter Grolid.
Sist fagleg oppdatert 26.03.2021

Læringsressursar

Nye opplevingar med teknologi