Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Produser GIF-ar

Ein GIF er eit dynamisk biletformat for skjerm som vi opplever som ein animasjon. No skal du sjølv planleggje og produsere ulike GIF-ar.
Fem kuler som heng samla i eit stativ. Dei ytste kulene svingar ut og tilbake til rekkja med kuler annankvar gong. GIF-animasjon.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Oppgåve 1: Uttrykkje kjensle

Lag ein GIF med ein person som uttrykkjer ei kjensle. Formålet er å bruke GIF-en i sosiale medium som ein reaksjon på noko. Bruk foto eller lag ein enkel animasjon ved å teikne eller ved å bruke eit grafisk program. Produser alt materialet frå botnen av. Dersom du tek bilete av ein person, skal personen gi samtykket sitt til at du bruker bileta til GIF-en. Du kan hente inspirasjon til GIF-ar på nettsida giphy.com.

Menneske med emojiar til hovud. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Oppgåve 2: Visualiser konsept

Modell av ein nettverksport til dømes på ein svitsj. Øvst på kvar side av nettverksporten er det ledlys. Det oransje ledlyset til venstre er fast på og viser at porten er aktiv. Det grøne ledlyset til høgre blinkar, og dette viser at datatrafikk går over porten. GIF-animasjon.

Lag ein GIF som viser korleis noko går føre seg. Du kan demonstrere ein enkel prosedyre, vise korleis noko teknisk fungerer eller lage ei kort og enkel bruksrettleiing.

Du kan òg vise korleis ein regel eller eit fenomen fungerer. Bruk teikning, grafisk program eller foto, og set saman.

Oppgåve 3: Lag statusikon til nettside eller app

Ein svart firkant med åtte sirklar i ein ring. Sirklane vekslar mellom å vere kvite, grå og svarte og går rundt i ring. GIF-animasjon.

Lag ein enkel GIF av eit statusikon som kan brukast i skjermmedium, til dømes eit ikon som kan seie noko om prosess eller ventetid. Pass på at ikonet kan passe til nettsider eller appar med både lys og mørk bakgrunn.

Jobb i eit grafisk program. Lag ei enkel, digital skisse av ein tenkt app eller ei tenkt nettside. Plasser inn GIF-en i denne skissa slik at du viser korleis han passar med resten av innhaldet.

CC BY-SASkrive av Stina Åshildsdatter Grolid.
Sist fagleg oppdatert 22.11.2021

Læringsressursar

Nye opplevingar med teknologi