Hopp til innhald

Fagstoff

Del informasjon med QR-kodar

QR-kodar let oss effektivt og enkelt dele og opne innhald med mobilen. Lær deg tips og triks og kom i gang med QR-kodar!
To elevar står ved eit ark med ein QR-kode og skannar koden med kvar sin mobil. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge
QR-kode i svart-kvitt. Grafikk.

Ein er grafisk. Du skannar koden med foto-appen på mobilen din eller ein kodelesar og får opp informasjon.

Når blir QR-kodar brukte?

QR-kodar er nyttige å bruke når vi er på farten. QR-kodar dukkar opp når vi skal

  • finne reisetider og bestille billett på buss, båt eller tog

  • sjå meny og bestille mat på restaurantar

  • opne nettsider, filer og PDF-ar på ein enkel og rask måte

  • finne meir info om noko vi ser (som ein plakat med info om eit arrangement)

  • registrere påmeldingar eller legge inn korte svar i skjema

Ein mobilskjerm viser nettsida til Tine Kjøkken og oppskrifta på smoothiegraut med blåbær. I bakgrunnen står ein mjølkekartong med QR-kode på eit frukostbord. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Kvar passar det med ein QR-kode?

Det passar best å bruke QR-kodar når mobilen er den primære, digitale flata, og når det er nett-tilgang. Til dømes passar det med QR-kodar

  • på plakatar, flyers og annonsar i aviser

  • på stader der mange ferdast og har behov for ein bestemd type informasjon knytt til ein stad, som på ein togstasjon, ein flyplass eller ein skule, eit bibliotek eller eit sjukehus

  • på emballasjen til matvarer, kosmetikk og elektronikk, der QR-koden kan gi tilgang til info om bedrifta eller produktet

  • på utstyr eller i bruksrettleiingar der det er nyttig med meir informasjon, som ein lengre guide eller ein instruksjonsvideo

Kva må vi tenkje på når vi deler QR-kodar med andre?

  • Innhaldet må vere lett å opne. Ikkje del store, tunge filer som det tek lang tid å laste opp.

  • Innhaldet må vere kortfatta og tilpassa mobil. Tekstar kan delast opp med punktlister, bilete bør ikkje vere for store, og videoklipp må ikkje vere så lange.

  • Ikkje lag for store QR-kodar. Skriv vi ut ei heil A4-side med QR-kode, er det vanskeleg for QR-skannaren å skanne heile koden, og brukaren må gå bakover for å sikte inn koden.

  • La det komme tydeleg fram kva det er QR-koden leier til. I stasjonsløp med QR kan postane vere nummererte, og du kan gi kodane titlar som seier nokon om innhaldet. Dersom det er videoklipp, kan du oppgi varigheita på klippa.

  • Bruk gode kontrastar og gjer koden synleg, slik at det blir lett å sjå koden. Den skal skilje seg ut frå bakgrunnen, og det skal vere tydeleg at det er ein QR-kode.

God kontrast gjer QR-koden lettare å sjå

QR-kodar med god til bakgrunnen er lettare å oppfatte og enklare å skanne. Svart kode på kvit bakgrunn har god kontrast (21 : 0), mens lyse fargar som gul og lysegrøn har dårleg kontrastforhold med 1.06 : 1 og 1,27 : 1. Desse er vanskelege å sjå for personar med nedsett syn, og dei kan også vere vanskelegare å skanne med mobil.

Seks QR-kodar med ulike fargar og ulike kontrastar mellom farge og bakgrunn. Lyse fargar har dårleg kontrast og er vanskelegare å oppfatte. Sort mot kvit bakgrunn har tydeleg kontrast. Illustrasjon.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Studer QR-kodane og svar på spørsmål

  1. Kva for nokre av desse synest du det er lett å sjå? Kvifor er det slik?

  2. Prøv å skanne QR-kodane med telefonen. Klarer telefonen å skanne alle? Viss ikkje, kva har mobilen problem med? Kvifor trur du det er slik?

  3. Kvifor er det viktig å bruke gode kontrastar når vi lagar QR-kodar?

Lag eigne kodar

Nettlesarar som Chrome og Edge let deg lage QR-kode av ei nettside du er inne på. Det gjer du ved å høgreklikke og velje "opprett QR-kode for denne nettsida".

Det finst nettsider med QR-generatorar som let deg lage QR-kodar. Nokre av desse krev innlogging, og nokon må du abonnere på. Ver klar over at ein del gratistenester som tilbyr QR-kodar, let QR-koden løpe ut etter ein kort periode.

Spørsmål

  1. Har du nokon gong skanna ein QR-kode? I kva samanheng?

  2. Sjå for deg at du finn ein brosjyre med lenke til ei nettside og ein QR-kode. Kva for nokon av desse måtane å opne nettsider på er nyttige for deg? Grunngi.

  3. Kva stader på skulen kan det vere nyttig med QR-kodar, og kva slags type informasjon passar?

Kilde

Nätt, Tom Heine. (2022, 6. januar). QR-kode. I Store norske leksikon. Henta frå https://snl.no/qr-kode

CC BY-SASkrive av Stina Åshildsdatter Grolid.
Sist fagleg oppdatert 30.05.2022

Læringsressursar

Nye opplevingar med teknologi