Hopp til innhald

Arbeidsoppdrag

Lag medieopplevingar i nærområdet

Alle har ei historie! No skal du lage ein kunstinstallasjon med ulike menneske-postkort som kan opplevast av publikum. Du vel sjølv medietype, og korleis det skal presenterast.
Ei gruppe menneske som held kvart sitt ark med spørsmålsteikn på framfor ansiktet. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Oppdrag

Du skal no produsere minst fem innslag med personar som kan sjåast og opplevast av andre på ein stad i nærmiljøet ditt. Du skal bruke eit kort format og lage eit slags postkort som anten har maks eitt minutt med video og lyd, eller ein tekst på maks 400 ord. Du må òg ha eit stillbilete av kvar person du har med.

Lag eit kart eller ei skisse over kvar postkorta skal vere plassert, og lag ein plakat til kvart postkort som publikum kan bruke for å finne og oppleve postkortet.

Hent inspirasjon frå Human Postcards

Human Postcards (humanpostcards.com)

Instagram: Human postcards

På nettsida finn du bilete av mange ulike menneske. Trykker du på bileta, får du sjå ein video på 60 sekund av kvar av dei.

1. Idéar til tema for postkorta

Bestem deg for eit tema. Personane på postkorta kan vere heilt tilfeldige folk frå nærområdet ditt, eller dei kan vere knytt til eit bestemt miljø eller interessefelt. Dersom du vel tilfeldige personar, bør du lage eit tema som knyter desse saman (til dømes at dei alle bur i heimkommunen din eller nabolaget ditt).

Temaforslag til postkorta
  • Lag ein enkel presentasjon av fem ulike personar. Kven er dei, kva er dei opptekne av?

  • Det lokale museet ditt kan vere interessert i korte portrett av personar som fortel om opplevingane sine knytt til ein kunstnar eller ei utstilling.

  • Om det til dømes nærmar seg valentinsdagen 14. februar, kan du samle tips frå fem personar om korleis finne ein kjærast eller korleis få kjærleiken til å vare.

  • Du kan skildre personar i eit idrettslag og lage korte portrett av nokon som var aktive for 10, 20, 30, 40 og 50 år sidan.

  • Samle tips frå personar som alle seier noko om korleis ein kan gjere ein positiv forskjell i nærmiljøet.

  • Kva ville du ha gjort om du var statsminister? Lag eit portrett av fem personar som svarer på dette spørsmålet.

  • Lag portrett av personar som jobbar ein bestemd stad, til dømes i miljøtenesta eller i skuleadministrasjonen, eller som er tilsette i ei spesiell bedrift.

2. Finn lokasjon, lag skisse og vel teknologi

Finn ein eigna stad for å setje opp postkorta. Lag ei skisse eller eit kart der du plasserer dei inn. Kvar skal utstillinga vere, kven er publikum, og korleis skal publikum få opp postkorta?

Vel teknologi for å vise fram dei menneskelege postkorta. Du kan la publikum finne dei ved å skanne QR-kode på plakatane med sin eigen mobil, eller du kan setje opp ein pc eller eit nettbrett på kvar post, som publikum kan trykkje på for å sjå eller lytte.

Døme på eit rom med postkort. Trykk på ikona.

3. Finn format, planlegg intervju og produser postkort

Før du lagar postkorta, er det lurt at du tenkjer over formatet. Korleis skal postkorta sjå ut? Er det nokon spørsmål du vil at alle skal svare på? Skal bileta ha ståande, liggjande eller kvadratiske format?

Lag spørsmål til intervjua og finn personar som kan delta i produksjonen din. Det er viktig at personar som medverkar i postkorta samtykkjer til å delta, og at dei og du veit kvar postkorta skal plasserast, og om andre skal sjå desse.

Når du er i gang med produksjonen, bør du helst bruke det same utstyret slik at bilet- og lydkvaliteten blir lik på alle postkorta. Hald deg til formatet du har valt. Klipp ned materialet til eitt minutt eller skriv ein tekst på 400 ord per person.

4. Lag eit heilskapleg design

Lag eit heilskapleg design med fargeval og typografi som går igjen i postkort og plakatar i installasjonen. Slik sørgjer du for at plakatar og postkort passar saman, og det blir ei heilskapleg oppleving for publikum. Installasjonen din skal opplevast annleis enn den til ein medelev.

5. Lag plakatar og monter installasjon

Kvart postkort skal ha ein plakat, i tillegg skal du lage ein startplakat eller eit informasjonsskriv der du presenterer installasjonen kort, slik at det blir tydeleg for publikum kva dette er, og korleis dei kan finne postkorta. Plakatane skal ha eit stillbilete av personen i postkortet.
Monter plakatane til installasjonen på staden, og test om det fungerer. Gjer eventuelle endringar.

6. Refleksjon

Skriv eller presenter munnleg ein refleksjon og eigenvurdering av arbeidet og utviklinga di i denne oppgåva etter at du har ferdigstilt installasjonen.

Punkt til refleksjon og eigenvurdering

  • Beskriv uttrykket i produksjonen din.

  • Korleis trur du installasjonen din blir opplevd av publikum? Forklar og grunngi.

  • Beskriv kva teknikkar du har brukt for å skape postkorta. Kva er nytt, kva kunnskap hadde du frå før?

  • Kva har du lært om medieproduksjon i denne oppgåva?

  • Kva er styrken med produksjonen din?

  • Kva er du ikkje heilt fornøgd med i produksjonen din?

  • Kva har du erfart og lært i denne produksjonen som du kan ta med deg vidare?

CC BY-SASkrive av Stina Åshildsdatter Grolid.
Sist fagleg oppdatert 11.10.2021

Læringsressursar

Nye opplevingar med teknologi