Hopp til innhald

Fagstoff

AR – utvida verkelegheit

Du tek opp mobilen og opnar ein app med kamera, og verkelegheita som du kjenner ho, blir utvida på mobilskjermen ved hjelp av AR-teknologi.

AR står for augmented reality og blir sett om til "utvida verkelegheit" på norsk. AR kombinerer verkelegheita med ei digital verkelegheit via ein digital skjerm, ofte ein mobiltelefon. Ved hjelp av ein app eller QR-kode kan du få det digitale inn i dei ekte omgivnadene dine.

AR blir ofte nemnt i samanheng med VR, altså virtual reality, som blir sett om med "virtuell verkelegheit". Virtuell verkelegheit skaper ein illusjon av at du er ein annan stad og blir ofte opp bygd av datagrafikk. I VR er du heilt inne i eit virtuelt univers, mens AR kombinerer virtuelle objekt med verkelegheita rundt brukaren.

AR lèt brukaren sjå den verkelege verda der virtuelle objekt er lagde over eller lagde inn som ein del av verkelegheita. Vi kan derfor seie at AR tilfører verkelegheita noko, framfor at det fullstendig erstattar ho.

Ronald T. Azuma (Omsett frå engelsk)

Pokémon GO gjorde AR vanleg

I juni 2016 vart gratisappen Pokémon GO lansert, og før det hadde gått ein månad, hadde 100 millionar lasta han ned.

I spelet er du ein Pokémon-trenar. Oppdraget ditt er å fange pokémonar som dukkar opp rundt deg på eit kart som samsvarer med omgivnadene dine. Appen bruker informasjon frå GPS-en din og kameraet ditt. Pokémonane viser seg når du held mobiltelefonen over eit område der dei er, og dei blir fanga når du kastar pokéballar på dei. Du kastar ein pokéball ved å sveipe oppover på skjermen mot pokémonen. Du oppdagar nye pokémonar på eit kart, og må flytte deg i det verkelege landskapet for å fange nye.

Spelet kombinerer verkelegheita og spelverda, og då det kom, fengde det personar i ulike aldrar med ulik interesse for spel frå før.

Ei hand held ein mobiltelefon med bilete av ein oransje digital, dinosaurliknande figur som er plassert på ein ekte grøn park med grøne tre bak. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Kva med ein plante eller ein panda i stova di?

I 2019 lanserte Plantasjen ein app der potensielle kundar kunne bruke AR-teknologi for å teste ut om ein plante kunne passe i deira eigen heim. Dei kunne sjå på ulike objekt i nettbutikken og få opp eit klikkbart ikon som ville plassere planten virtuelt inn i heimen.

Google har òg ein liknande funksjon der du kan google ulike ting og få fram objektet med AR-teknologi. Det fungerer berre for ein del nyare mobiltelefonar. Då kan du sjå korleis ulike dyr, celledelar eller bygningar passar inn i omgivnadene dine gjennom mobilkameraet. I lenkja finn du framgangsmåte og ei liste over tilgjengelege motiv.

Ei hand held ein mobil framom ein sofa på ei stove. På mobilen er det ein panda som sit på golvet, ved den same sofaen. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Snapchat bruker AR-teknologi

Skjermbilete av ei kvinne med teikna bamseøyre, store briller, kraftig augesminke og snute i ansiktet. Skjermbilete.

Snapchat bruker AR-teknologi i filter, linser og etikettar. Du bruker frontkameraet, og du kan velje ulike masker der ansiktet ditt blir skanna. Ansiktet og maska blir tilpassa til kvarandre gjennom Snapchat-linsene.

Du kan òg leggje på ulike etikettar inn i bakgrunnen din eller leggje på geofilter med tekst og/eller ein illustrasjon av ein stad du er. Dette legg seg oppå biletet ditt. Det ligg òg inne ei rekkje korte GIF-animasjonar som gjer at du kan leggje animasjonar på bilete du tek med kameraet.

Snapchat lèt deg lage ulike filter og linser.

Opplæringsvideo biletbyte (Image Swap)

Du kan lage AR ved å bruke den gratis programvara Lens Studio for Snapchat. Sjå videoen nedanfor om korleis du gjer eit biletbyte (image swap) med Lens Studio.

Last ned Lens Studio:


Kjelder

Azuma, R.T. (1997, august). A Survey of Augmented Reality. Presence: Anda til teleoperator Virtual Environments, 6(4), 355–385.

Dahl, T.E. (2016, 3. august). Pokémon Go er lastet ned 100 millioner ganger. Gamereactor. https://www.gamereactor.no/pokemon-go-er-lastet-ned-100-millioner-ganger/

Dvergsdal, H. & Aabakken, L. (2019, 17. desember). Virtuell virkelighet. I Store norske leksikon. https://snl.no/virtuell_virkelighet

The Pokémon Company (u.å.). Pokémon GO. Henta 9. mars 2021 frå https://www.pokemon.com/no/app/pokemon-go/

CC BY-SASkrive av Stina Åshildsdatter Grolid.
Sist fagleg oppdatert 06.01.2022

Læringsressursar

Nye opplevingar med teknologi