Hopp til innhald

Fagstoff

Leik med teknologi – tre råd

Erik Solheim jobbar med utforsking av teknologi for NRKbeta. Han skal få folk med ulik fagbakgrunn til å samarbeide om teknologi, og han har tre gode tips til korleis du sjølv kan utforske teknologi.

Spørsmål til filmen

  1. Erik Solheim snakkar om ulike typar mediefolk som programmerarar, designarar, journalistar og fotografar. Kva slags type er du?
  2. Kva betyr det å bruke begge hjernehalvdelane?
  3. Kvifor leitar Solheim etter personar som har kunnskapar innanfor både dei kreative og tekniske sidene?
  4. Det andre rådet handlar om å leike med media. Kva betyr det?
  5. Det tredje rådet går ut på å leike med fysiske ting. Kva betyr det?
  6. Kva kan du sjølv gjere for å bli betre på det tekniske eller kreative?
CC BY-SASkrive av Stina Åshildsdatter Grolid.
Sist fagleg oppdatert 20.10.2020

Læringsressursar

Nye opplevingar med teknologi