Presseetikk i VR-journalistikk og sensorbaserte nyheitsforteljingar
På 1980-talet var datamaskinene så store at ei maskin fylte eit heilt rom. I dag er berbar datateknologi (wearables) som mobiltelefon og smartklokker noko dei fleste har tilgang til, i alle fall her i Noreg. Berbarteknologien gjer at nyheiter om det som skjer i verda, kan nå oss med ein gong, same kvar vi er.
Samtidig utfordrar dei berbare formata måten nyheitene blir formidla på. Det er overskriftene som fangar merksemda vår, mens bakgrunnsforteljingane og årsakssamanhengane ofte krev for mykje plass på små skjermar.
Stadig fleire mediebrukarar har no òg tilgang til VR-briller. Det opnar for nye og spennande måtar å formidle nyheiter på. 360-gradarsvideoar gir til dømes lesarar og sjåarane moglegheit til å navigere fritt rundt i det landskapet journalisten er i.
Bli med til Ukraina
Her er eit døme på bruk av 360-gradarsvideo frå NRKs utanrikskorrespondent Morten Jentofts besøk i 2016 hos Olga, som bur ved frontlinja i Makijivka i Ukraina:
Oppslukande journalistikk
Oppslukande journalistikk (på engelsk immersive journalism) er ei nemning som blir brukt om nyheitsforteljingar som tek i bruk 360-gradarsvideo og ulike former for virtuell verkelegheit. Styrken til denne forma for nyheitsjournalistikk er at ho skaper kjenslemessige band til menneska, hendingane og stadene historiene handlar om.
Men visuell formidling er, på lik linje med annan journalistikk, redaksjonelt styrt informasjon basert på verkelegheita slik journalisten og fotografen vel å formidle ho. I eit intervju med Journalisten (2020) problematiserer professor i medievitskap Astrid Gynnild forteljarposisjonen i slike nyheitsforteljingar:
I mange VR-fortellinger vil det være et fravær av forteller, fordi det er brukeren som går inn i og utforsker terrenget. Vi kan spørre oss om hvor etisk forsvarlig det er å slette alle spor etter journalisten, når det faktisk er journalister som tilrettelegger. Det foreligger rammer her som ikke framstår som rammer, fordi mange valg er tatt før brukeren entrer det virtuelle universet. (Mohr, 2020)
VR-journalistikk triggar kjensler
360-kameraet blir omtalt som ei "empatimaskin" som gir mottakarane ei kjensle av å vere til stades der det skjer. Tormod Utne ved Høgskulen i Volda har forska på effekten av VR-journalistikk. Han fann at dei mest oppslukande kjenslene oppstår når tilskodaren opplever seg sjølv som hovudpersonen i VR-forteljinga. Det er då at empatien blir trigga for alvor (Utne, 2018).
Presseetiske vurderingar er spesielt viktige i situasjonar der journalisten speler på kjenslene til mottakarane. Professor Astrid Gynnild åtvarar mot manipulerande journalistikk, men òg mot manglande personvern:
VR-journalistikken "plasserer" brukeren på stedet, sånn at hun blir deltaker mer enn tilskuer. Det medfører sterke emosjonelle inntrykk, hvilket gir mediene nye muligheter til å påvirke holdninger og reaksjoner. Det kan like gjerne ende med antipati, selv om VR-teknologier beskrives som en "empatimaskin". Personvern kan også bli en utfordring. (Mohr, 2020)
Oppslukande forteljingar
Sjå og diskuter denne videoen saman med ein medelev:
YouTube-video: 360° meet the largest dinosaur ever discovered - Attenborough and the Giant Dinosaur - BBC One
Korleis bruker BBC One 360-video og virtuell verkelegheit til å skape forståing og innleving?Her er to døme på oppslukande nyheitsforteljingar:
The Guardian: 6x9: A virtual experience of solitary confinement
The Pulitzer Center: Pulitzer Center-Supported Project Uses Immersive Journalism to Reveal Realities of Xinjiang Prison Camps
Kva er styrken til denne forma for journalistikk?
Digital teknologi er stadig i utvikling. Det blir no forska på korleis data om deg som person ikkje berre kan hentast frå informasjonen du har lagt igjen på nettet, men òg frå sensorar i kleda du har på deg, frå brillene dine eller andre kroppsnære gjenstandar. Slike data kan i neste omgang brukast til å skreddarsy informasjon som er situasjonstilpassa.
Sensorbaserte nyheitsforteljingar er nyheitsforteljingar som er tilpassa behovet ditt akkurat der du akkurat no er.
Utvida verkelegheit (AR) er ein teknologi som kan brukast til å legge til eit lag med digitalt innhald over eit bilete som blir fanga opp av dei digitale brillene dine mens du beveger deg rundt omkring.
Sjå for deg at du går rundt i Oslo sentrum, og du møter ein person som du synest du dreg kjensel på. Då dukkar det opp ei nyheitsforteljing om at denne personen i fjor vart tildelt Nordisk råds litteraturpris, og du høyrer ei lydfil der ein skodespelar les eit utdrag frå boka.
Så passerer du eit minnesmerke ved Akershus og får informasjon om at dette er reist til minne om norske jødar som vart deporterte til tyske utryddingsleirar under andre verdskrigen. Det dukkar opp ein video som viser korleis 532 menn, kvinner og barn blir førte om bord på transportskipet Donau. Like etter dukkar det opp ein nyheitsartikkel som fortel at nynazistar i går kasta stein på ein synagoge i Oslo.
Slik kan AR og sensorbaserte nyheitsforteljingar gi deg ei djupare innsikt i situasjonen du er i, men hugs at nyheitene du får servert, samtidig påverkar og formar måten du opplever verda på.
Moderne datateknologi kan skape virtuelle verkelegheiter som vi opplever som "ekte". Ein reporter kan tilsynelatande vere på Sjølvstendeplassen i Kyiv mens vedkommande eigentleg er på trygg grunn i eit heimleg tv-studio. Denne forma for virtuelt nærvær kan gi sjåarane ei kjensle av at nyheitene er autentiske. Samtidig oppstår det uklare grenser mellom det som er fakta, og det som er konstruert verkelegheit.
Avansert datateknologi gjer det i dag mogleg å manipulere videoar slik at vi opplever at menneske kjem med utsegner dei aldri har ytra, eller deltek i samankomstar dei aldri har vore til stades i. Korleis kan vi mediebrukarar då kunne klare å skilje løgn frå sanning? Dette er viktige presseetiske spørsmål som journalistikken i vår tid må ta tak i.
Diskuter
I denne fagartikkelen har de lese om nokre presseetiske utfordringar knytte til ny teknologi og medieutvikling.
Kan de komme på fleire døme?
Korleis kan journalistar ta i bruk ny teknologi og nye forteljemåtar og samtidig vareta viktige presseetiske prinsipp?
Hagen, A. (2016, 8. desember). NRKbetas Ståle Grut tror VR-journalistikk vil utfordre etikken. Journalisten. https://journalisten.no/vr-journalistikk-stale-grut-360-kamera/nrkbetas-stale-grut-tror-vr-journalistikk-vil-utfordre-etikken/288076
Kofoed, S. de L. (2021, 18. januar). Slik blir fremtidens (teknologipåvirkede) journalistikk. Institutt for journalistikk. https://www.ij.no/aktuelt/slik-blir-fremtidens-teknologipavirkede-journalistikk-2
Mohr, E. L. (2020, 15. mai). Frykter manipulerende, antiempatisk journalistikk. Journalisten. https://journalisten.no/astrid-gunnild-immersive-journalism-universitetet-i-bergen/frykter-manipulerende-antiempatisk-journalistikk/413060
Utne, T. (2018, 9. februar). "Virtuelle muligheter og farer i journalistikken". Sunnmørsposten. https://www.smp.no/meninger/kronikk/i/rwmoea/virtuelle-muligheter-og-farer-i-journalistikken
Relatert innhald
Planlegg ei oppslukande nyheitsforteljing som tek i bruk 360-gradarsvideo og ulike former av virtuell verkelegheit (VR).
Lag eit videoessay der du vekslar mellom å fortelje om og reflektere over temaet journalistikken i framtida og eigen mediekvardag.