Hopp til innhald

Arbeidsoppdrag

Arbeid med talesyntese

Talesyntese (speech synthesis) lèt oss simulere mennesketale og har vore brukt i tiår som hjelpemiddel for synshemma personar. I nyare tid har auka tilgjengelegheit, lydkvalitet og stemmerealisme opna for nye bruksområde for talesyntese. I desse oppgåvene skal du sjå nærare på og teste talesyntese.
To teikna hovud er vende mot kvarandre, mellom munnane går det lydbølgjer. Illustrasjon.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Talesyntese på bokmål med Clara

0:00
-0:00

Talesyntese på nynorsk med Hulda

0:00
-0:00

Oppgåva er delt i to delar, og det er ekstraoppgåver til slutt. Den første delen er teoretisk, men krev bruk av ei videoteneste som YouTube for å finne døme. Den andre delen er praktisk og krev spesialprogramvare som anten er installert på datamaskina, eller som det går an å jobbe med via ei nettside. Det bør vere mogleg å gjere oppgåvene med gratisversjonar eller prøveversjonar av programvare.

  1. Gi fem døme på område der vi bruker talesyntese i dag.

  2. Gi døme på område der du trur talesyntese kan bli vanleg å bruke i framtida.

  3. Talesyntese har mange moglege bruksområde som er positive, men slik teknologi kan òg brukast av ulike trusselaktørar til skadeleg aktivitet. Gi døme på dette.

  4. Søk etter nyheitssaker med døme på at talesyntese har vorte brukt til skadeleg aktivitet.

  5. Talesyntese har røter tilbake til tidleg på 1900-talet. Finn fire døme på eldre talesyntese.

  6. Skriv to korte tekstar, ein på norsk og ein på engelsk. Finn nokre ulike tenester for tekst til tale (text-to-speech), og gjer om teksten til tale.
  7. I den førre oppgåva prøvde du ulike talesynteseprodukt. Korleis takla programvara den norske teksten samanlikna med den engelske?

Ekstraoppgåve

  1. Det er påstått at alle menneskestemmer er unike. Er du einig i denne påstanden? Gjer søk og sjå om du finn forsking om dette.

  2. Stemmeprofilane til talesyntesen er baserte på generiske stemmer, som ikkje er identiske med stemmene til eit ekte menneske, men det er mogleg å lage talesyntese som etterliknar ekte stemmer. Søk på nettet etter døme på dette.

  3. Finn programvare som kan etterlikne spesifikke stemmer og forsøk med di eiga stemme.

    Merk: Sjølv om det er spennande å prøve slik teknologi, kan det òg vere farleg. Derfor må du sjølv vurdere om du ønskjer å gjere oppgåva, og om tenesta eller programvara du bruker, vil handtere stemmeprofilen din på ein måte som du er komfortabel med.

    Dersom du vel å gjere oppgåva: Kva vart resultatet, og er det legitime bruksområde for slik teknologi?

CC BY-SASkrive av Tron Bårdgård.
Sist fagleg oppdatert 22.11.2021

Læringsressursar

Nye opplevingar med teknologi