Hopp til innhald
Arbeidsoppdrag

Løys ei GIF-utfordring

GIF har røter til 1980-talet og er enno i bruk for enkle animasjonar på ei rekke nettsider. Biletformatet er forelda, noko som skaper utfordringar når formatet skal brukast. I denne oppgåva skal du løyse det praktiske problemet til ein kunde med å få laga ein fungerande GIF-animasjon.
Her følger ei oppgåve som baserer seg på visuelt innhald.

I GIF-animasjonen over kan du sjå resultatet av ei eksportering av animasjon til GIF som ikkje var vellykka. Animasjonen var i utgangspunktet laga i teikneprogrammet Microsoft Visio og vidare omarbeidd i Photoshop, After Effects og Premiere. Eksporteringa ut av Adobe gav GIF-filer som var over 10 MB store og hadde synlege biletforstyrringar.

Ved eksportering av animasjonen som videofil (H.264 mp4) er animasjonen utan desse forstyrringane.

Oppgåva di er å ta videofila av animasjonen og gjere om han til ei GIF-fil som fungerer godt. Oppløysinga på GIF-en din skal vere 1920 x 1080 pikslar, og fila skal ikkje vere større enn maks 3 MB.

Filer

Det finst ei rekke triks for å gjere GIF-filer mindre. Adobe-programvara har ikkje nødvendigvis alle svara du treng for å løyse oppgåva. Same korleis du går fram, vil sluttkvaliteten på GIF-animasjonen bli lågare enn videofila du startar med. Dette er på grunn av dei fundamentale avgrensingane i GIF, som fargepalett med berre 256 fargar og svak komprimering.